Harald Gjesdal. Foto: Asker og Bærums Budstikke 1942.
Harald Gjesdal (født 26. mai 1892 i Leikanger, død 26. mai 1974) var inkassosjef og politiker for Frisinnede Venstre. Hans arbeidsplasser som inkassosjef var O. Mustad & Søn og Margarincentralen; han var folkevalgt for tre perioder i Bærum kommunestyre og satt mellom 1943 og 1945 på Grini og Sachsenhausen. Han stilte til kommunevalg i 1928, og ble valgt inn som vara i kommunestyret den kommende perioden. Han satt så som fast medlem i tre valgperioder. Partiet var Frisinnede Venstre (seinere Frisinnede Folkeparti, FF), men ved kommunevalget i 1934 stilte de fellesliste med Nasjonal Samling, «Den nasjonale fellesliste», i Østre Bærum valgsokn. Gjesdal var listetopp, og ble innvalgt sammen med Hugo Borgen (NS) og Aashild Domaas (FF). Les mer …
Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane fylke i 2015. Sogn og Fjordane og Hordaland utgjer frå 2020 Vestland fylke. På sikt ønskjer vi å dekke skulehistorie i heile Vestland fylke.
Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå musea, arkiva, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.
Fleire kulturaktørar i Noreg jobbar med å opne opp og tilgjengeleggjere kulturdata. Dette vil vi både bygge vidare på og dra nytte av i dette prosjektet. Målet er å digitalisere og tilgjengeleggjere meir materiale i dei opne nasjonale kulturdatabasane samtidig som vi i vår portal hentar ut skulestoff på tvers av fagområde.
Prosjektet vil prioritere perioden frå den første skulelova kom i 1739 til kommunesamanslåingsperioden på midten av 1960-talet. Både tilgang til kjeldemateriale og personvernsomsyn vil legge føringar for kva som vert digitalisert og formidla. Les mer …
Sogndal folkehøgskule på Nes i Sogndal (ca 1910). Til høgre Helgheimsstova, no på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum. Til venstre Hauge-huset som framleis står på skuleområdet.
Sogndal folkehøgskule (Sogndals folkehøiskole) vart skipa i 1871 av presten Jakob Liv Rosted Sverdrup i Sogndal i Sogn og Fjordane. Dette var ein av dei fyrste folkehøgskulane i Noreg og er, nest etter Sund folkehøgskole (frå 1868), den eldste som framleis er i drift.
Folkehøgskulen vart raskt etter starten etablert som eit danningssentrum og eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn. Skulestyrarane og lærarane hadde gjerne framståande posisjonar i samfunnet, somme òg som stortingsrepresentantar, og ei lang rekkje ungdom frå sognebygdene fekk si viktigaste utdanning og kulturelle fostring her. Skulen, som vart skipa på pietistisk grunnlag, har vore eit sentrum for målreisinga i Sogn og Fjordane. Les mer …
Innkallinga og framlegget til resolusjon, Sogns Tidende 11. juli 1884.
Vadheimresolusjonen vart vedteke på eit amtslærarmøte for Nordre Bergenhus i Vadheim 22.-24. september 1884. Resolusjonen kravde auka rom for landsmålet i skule og styringsverk, og det var det fyrste av kring 50 liknande vedtak landet over.
Denne kampanjen var medverkande til at Stortinget i mai 1885 gjorde Jamstellingsvedtaket som sa at landsmålet skulle ha offisiell status på line med det vanlege bokspråket i skule og offentleg forvaltning. I litteraturen er både læraren Olav Sande på Leikanger og teologen og folkehøgskulelæraren Eirik Olson Bruhjell i Sogndal nemnde som initiativtakarar. Dette var «eit framlegg som Sande hadde forma, - fraa fyrste hand», heiter det i 70-årsomtala av Sande. Båe var ein del av det sterke målmiljøet kring Sogndal folkehøgskule, og båe var sentrale i ordskiftet på lærarmøtet. Det er vanskeleg å seie kven som spela den viktigaste rolla i førebuingane, men det var Dahl som lanserte framlegget offentleg og innleidde om saka på lærarmøtet. Les mer …
Bukti (Sagarøy, bnr. 4) med stova frå 1917, fotografert frå hovudvegen.
Sagarøy er ei lita grend i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Grenda ligg i dalbotnen på den sørlege delen av området til matrikkelgarden Bakken og grensar mot Jostedal prestegard.
Grenda ligg i midten av bygda ca 1 km nord for kyrkja. Her var bygde- og kommunesenteret i Jostedalen frå slutten av 1800-talet til opp i etterkrigstida.
Sagarøyelvi renn gjennom grenda. Ho skifta løp og gjorde store øydeleggingar i grenda i storflaumen i august 1979. Les mer …
Gjerde sett frå aust. Campingplassen i framgrunnen, Jostedal Hotell i midten bak, Joker-butikken til venstre for hotellet og driftsbygningen til garden til høgre. Krundøla, Snåpebrui og vegen opp Haugabakkane til Krundalen i høgre kant.
Gjerde (Luster, gnr. 207/3) er eit gardsbruk og bygdesentrum i Jostedalen, Luster kommune. Staden ligg langs hovudvegen framover Jostedalen der Krundøla kjem ned i hovuddalføret. Gjerde sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.
Etter nyryddinga av Jostedalen på 1500-talet høyrde heile området i hovuddalføret på sør- og nordsida av Krundøla til garden Flatejordi, som er nemnd alt i presteskattelista frå 1596. Men Flatejordi vart lagt øyde att kring 1610, og garden vart delt slik at bonden på Haugen fekk hand om området på nordsida av Krundøla medan Hellegård fekk hand om området på sørsida. Ved ei delingsforretning 16.-18. juli 1901 vart dei tre Gjerde-plassane utskilde som eit eige gardsbruk ( Gjærde). Denne parsellen femnde òg om halvparten av øygarden på Flatejordi på nordsida av Krundøla. Les mer …
|