Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] ( nominativ/akkusativ), ["dɑɽɔ] ( dativ)), oftast skrive som Dalen i offisiell samanheng, er eit småbruk under matrikkelgarden Hals ved Sålåsundet i Aure kommune på Nordmøre. Bruket vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka. Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare vart det sett opp kvennhus òg, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen. Både kvennhuset og saga vart rivne kring 1870. Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte. Les mer …
Holeopninga. Foto: Olve Utne
Jo-Andershola (uttale: /'ju:ɑɲɛ s,hɔɽɔ/, dativ /-ɲ:/), òg kalla Jo Andersso-hola, er ein heller i vesthellinga av åsryggen frå Nauthatten til Bergskallen mellom Nordheim (eldre: Nautan) og Soleim på Stabblandet i Aure kommune på Nordmøre. Hola ligg i utmarka under Soleim, men skal ha fått namnet sitt etter ein Jo-Anders som budde i Nautan og var blant dei siste fredlause på Tustna. Han hadde fleire tilhaldsplassar og gjømmeplassar kring i utmarka på begge sidene av åsryggen, og Jo-Andershola skal ha vore ein av dei. Les mer …
Ungdomshuset Strandtun. Foto: I. Bakk, 2012
Ungdomshuset Strandtun er eit forsamlingshus på Lesund i Aure kommune. Huset var opprinneleg soldatheim på det tyske festningsanlegget Melland fort. I mai 1946 gjorde UL Havsus og Lesund skyttarlag vedtak om at styra i dei to laga skulle gå saman og utarbeida eit framlegg for å skaffa eit forsamlingshus. Etter kvart vart det m.a. nedsett eit husstyre. Dei to laga fekk overta den tidlegare soldatheimen frå staten. Men det var vanskeleg å finna tomt til huset. Etter kvart løyste dette seg ved at Sivert Ødegård selde tomt der huset står i dag, sentralt og like ved sjøen. Demonteringa av soldatheimen starta truleg sommaren/hausten 1947. Sentralt i flyttinga av huset stod jernbaneanlegget som tyskarane hadde bygd opp kring festninga. Les mer …
|