Forside:Gudbrandsdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Gulbrandsdalen»)
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres
LesjaDovreSkjåkLomVågåSelNord-FronSør-FronRingebuØyerLillehammerGausdal

Om Gudbrandsdalen
Johannes Flintoe: «I Guldbrandsdalen». Påskrift nedst: “Blanke Knapper. NB smalere fine, grønne Kanter paa Knaphuller &c”. Bildet er truleg frå andre halvdel av 1820-åra, men kan kanskje vera frå så seint som 1830.
Gudbrandsdalen er et dalføre og distrikt i Innlandet fylke (før 1. januar 2020 i Oppland). Hoveddalføret strekker seg langs Gudbrandsdalslågen, fra Lesjaskogvatnet på 612 moh. til Mjøsa på 124 moh., en strekning på ca. 200 km. De viktigste sidedalene er Ottadalen, Sjoa-dalføret (Heidalen), Vinstra-dalføret (Kvikne og Skåbu) og Gausdal.

Distriktet omfatter tolv kommuner: Lesja, Dovre, Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu, Øyer, Gausdal og Lillehammer. Pr. 1. januar 2007 var det 69 602 innbyggere i Gudbrandsdalen, fordelt på 15 342 km². I nord er Otta regionsenter, mens Lillehammer er senter i sør.Som distriktsbetegnelse er Gudbrandsdal først og fremst knyttet til fogderiet med samme navn. Embetsdistriktet tilsvarte de tolv kommunene som er nevnt ovenfor. Fram til 1862 hørte også Sollia i Hedmark til Gudbrandsdal fogderi. Fogderiet ble fra 1861 delt i Nordre- og Søndre Gudbrandsdalen fogderier med skille mellom Nord-Fron og Sør-Fron. Fogderiembetene i Gudbrandsdalen ble avskaffet i 1909. Fra samme år ble Gudbrandsdal politimesterembete opprettet, og Gudbrandsdalen var et eget politidistrikt fram til 1. januar 2016, da det inngikk i det nye Innlandet politidistrikt.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Framskåp laga av Skjåk-Ola, frå slutten av 1700-talet. Skåpet var opphavleg frå Nigard Lund i Skjåk. Det er nå på Kunstindustrimuseet i Oslo.
Foto: Ukjent

Skjåk-Ola, eller Ola Rasmussen Skjåk, (fødd 1744 i Skjåk og død same stad 1803) var snikkar og treskjerar. Han er særleg kjend for stoveinnreiingar med store stuguskåp (framskåp) og anna fast inventar med rik akantusornamentikk. Ei rekkje av arbeida hans er bevarte, og framskåp frå hans hand har i vår tid vore takserte for millionbeløp på antikvitetsmarknaden. Ola Rasmussen er også kjend under namnet Teigroen, etter ein av bustadene han hadde. Han levde ugift livet ut.

Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar av ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i Gudbrandsdalen 1750-1850. Som mange andre stader i landet var dette ei tid med aukande velstand blant gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som Røros, Folldalen og Lesja.   Les mer …

Motiv fra Storgata på Lillehammer, med OL-ringene fra 1994.
Foto: Elin Olsen
(2014)
NEG S26 Olympiske leker/Paralympics er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1994 med tittel Olympiske leker/Paralympics. Utsendarar var Anne Moestue og Eli Irene Johnsen Chang og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.   Les mer …

Nordmannssetre
Foto: Arnfinn Kjelland (2020)

Nordmannssetre er ei setergrend som ligg på sørsida av hovuddalen, noko sønnafor Lesjaverk stasjon. Det går fleire skogsvegar på bortsida, både frå Nordmo og Lesjaverk. Køyrevegen vart opprusta i 1954, og brua flytt 150 m nordover. Den gamle setervegen gjekk etter den gamle riksvegen til Valtuva, og tok ned der. Da Raumabanen vart bygd, gjekk han ned ved undergangen nordafor Sandan. Det gjekk elles ein veg eller stig på bortsida, Movegen. Han gjekk heilt frå Lordalsvegen til Rånå.

Det har vore fire setrar på Nordmannssetre. Etter setervegen slik han går i dag, kjem ein fyrst til selet til Bjørklund nedst på kvea. Rett oppafor selet ligg ein svært gammal, stor låve.   Les mer …

Helga Doseth med elevane ved Verket skule ca. 1943

Helga Doseth (fødd Kolstad 30. november 1898 på Systugu Belle i Lesja død 15. august 1985) var ein markert lærar og kulturpersonlegdom i Lesja og Gudbrandsdalen. Ho tok høgare lærarprøve på Elverum lærarskule og vart i 1920 tilsett som lærar ved Verket skule. Ho gifta seg i 1929 med Mikal Doseth (1898-1993) og dei dreiv Vesl-Doset til sonen tok over garden i 1961. I åra 1925-29 var ho òg kasserar ved Lesja og Dovre Branntrygdelag.

I 1931 fekk Helga òg ansvaret for Sletten skule, som var udelt. Ho underviste så ved desse skulane til dei vart samanslegne med Kyrkjekretsen skule, der ho vart til pensjonsalderen.   Les mer …

Øyberget der Anne og Syver budde 1806-1811.
Foto: Kristian Hosar
Anne Olsdotter Hyrve (Hørve, Hørven) (fødd 10. april 1783 i Skjåk, død same stad i 1837) var gardkone og haugianar. Mykje tyder på at ho, i lag med mannen Syver og nokre andre av dei haugianske kadrane i Skjåk, øvde sterk innverknad på bygdekulturen der i fyrste halvparten av 1800-talet. Kva meir er, etterkomarane til Anne og Syver, med sin haugianske ballast, skulle kome til å øve innverknad på politikk, samfunn og kultur langt utanfor Skjåk og Gudbrandsdalen seinare i århundret.Som det framgår av lista over borna til Anne og Syver, gifta tre av dei seg med kvar sine av ein syskenflokk frå garden (Nigard) Bu i Sel. Der var folket også haugianarar. Guro og mannen Iver Olsen Bu flytta til garden Blekastad, også i Sel. Dei vart foreldre til folkehøgskolemannen Ivar Blekastad og stortingsmannen Sigurd Blekastad (Venstre). Dette viser ein direkte familiesamanheng over tre-fire generasjonar mellom haugianismen i Gudbrandsdalen og den seinare norskdoms- og folkehøgskulerørsla i distriktet. Ein kan også trekkje inn den patriotiske liberalismen frå 1830-åra i denne samanhengen. Eldste sonen til Anne og Syver Hyrve, avisredaktøren Sylvester Sivertson, var sentral i krinsen rundt Wergeland i 1830-åra, og aktivist i den bondepolitiske framstøyten på den tida.   Les mer …

Ole Lund 1904. Fotograf L. Forbech, Kristiania.
Ole Sylfestsen Lund (fødd i Skjåk 2. mai 1831, død same stad i 1912) var lærar, kyrkjesongar, lekpredikant og politikar i Skjåk. I to periodar, 1876-1877 og 1886-1889, var han ordførar. Han var oppvaksen i eit haugiansk miljø, og var nær knytta til Gisle Johnsons vekkjingsrørsle frå 1850-åra av. Lund var leiarfiguren i den kristeleg-konservative motstanden mot venstrerørsla i bygda frå 1870-åra til inn på 1900-talet. Han vart både i samtida og i ettertid ofte omtala som Kirkesanger Lund.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Gudbrandsdalen
 
Andre artiklar