Vidar Atne. Foto: Faksimile frå Studentene fra 1912 (1937) Vidar Atne (fødd 9. juli 1894 i Horten, død 6. januar 1962 i Oslo) var skattejurist og NS-oppnevnt fylkesmann i Sogn og Fjordane 1941-1944. Som fylkesmann gjorde Atne lite for å nazifisere forvaltninga, han protesterte mot arrestasjonar og kom stadig meir på kant med lokale NS-folk og tyskarar som ville ha ein meir handlekraftig fylkesmann. I juli 1944 vart Atne sjølv avsett og erstatta av offiseren Konrad Sundlo, som ei kort tid hadde vore fylkesmann i Akershus. Sundlo klaga etter overtakinga i juli 1944 på at kontoret var fullt av jøssingar. Les mer …
Garden sett frå sør mot nord. I bakgrunnen, på andre sida av Ottaelva, Bispberget. Foto: H.P. Hosar (2009)
Nord i Lund er ein gard i Skjåk kommune. Den ligg sentralt i Lundagrenda, og er etter lokale forhold ein nokså stor gard. Nåverande gardsbruk er danna av to nabobruk (Nord og Øvre), som vart samanslegne i 1888. Dei tilhøyrde kvar sin matrikkelgard, høvesvis gnr. 27 «Tøfte nordre» og gnr. 28 «Lund nordre». Det er bakgrunnen for at Nord har to gardsnummer i dag.
Grannegardane er i dag Horten i vest, Nedre Lund i nord, Nigard Lund, Tøfte og Asplund i aust.
Fyrste gongen vi har registrert «Nord» som bruksnamn, er i 1838 (matrikkelen). Men kjeldematerialet gjev grunnlag for å fastslå at sjølve bruket har eksistert som eiga eining iallfall attende til 1660-åra, kanskje enda tidlegare. Vi omtalar denne brukseininga som «Nord» i det følgjande, utan at vi altså veit kva namn som faktisk vart brukt før det tidlege 1800-talet.
Frå ca. 1740 fram til dags dato kan vi sjå at garden har gått i arv i slektsledd etter slektsledd fram til i dag, frå far til son, med unntak av to brukarskifte der garden har gått over til eit syskenbarn (1888) og ein grandnevø (2001) av førre brukar. Les mer …
Hilda (Marie) Julin (født 14. oktober 1861 på Lillehammer, død 23. desember 1926 samme sted) var fotograf. Hun virket fra 1887 til 1923 på Gjøvik, med atelier i Storgata, og på slutten av 1800-tallet drev hun også noen år i Bergen.
Gjennom sin 40-årige virksomhet har hun dokumentert Gjøvik bys utvikling gjennom flere hundre bybilder av glimrende kvalitet og tusenvis av portretter og gruppebilder av høy kvalitet. Les mer …
Einar Hovdhaugens gravminne på Venabygd kyrkjegard. Foto: Chris Nyborg (2015)
Einar Hovdhaugen (fødd 26. februar 1908 på Hovdhaugen inst i Venabygda i Ringebu, død 1. juli 1996) var bonde, organisasjonsmann, politikar og lokalhistorikar i Gudbrandsdalen.
Hovdhaugen tok over heimegarden 30 år gamal. Han hadde betydelege kulturelle og samfunnmessige interesser. Han hadde regionale og nasjonale verv både i Bondelaget og Bondepartiet, m.a. som generalsekretær for partiet i åra 1946-49 og stortingsrepresentant 1958-1969. Her sat han i kyrkje- og undervisningskomiteen og fekk der utvikle kulturinteressa.
Hovdhaugen var mellom anna med i Landbruksrådet, Kringkastingsrådet, styret for Riksteateret, Teaterkomiteen av 1960, Folkeskolekomiteen av 1964, Vogt-komiteen og Nobel-komiteen. Les mer …
Jutulporten i Prestberget (Jutulberget) i Vågå, rett opp frå bygdesenteret Vågåmo. Staden er kjend frå eventyret om Jutulen og Johannes Blessom (Asbjørnsen og Moe). Foto:Hans P. Hosar 2013.
Vågå kommune er ei fjellbygd og ein kommune i Innlandet fylke, den nest austlegaste av dei fire Ottadals-kommunane Skjåk, Lom, Vågå og Sel.
Vågå grensar til følgjande sju kommunar, etter tur frå nord mot aust, sør og vest: Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Øystre Slidre, Vang og Lom.
Bygda ligg opp mot Dovrefjell, Valdresflye og dei austlege delane av Jotunheimen.
Næringslivet er tradisjonelt jordbruksbasert med utstrekt bruk av dei store utmarksområda, både til utøving av primærnæringar og til reiseliv og fritidssyslar. Kommunesenteret er Vågåmo. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over Besseggen, som ligg innan kommunegrensene. Les mer …
|