Forside:Nord-Fron kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres
LesjaDovreSkjåkLomVågåSelNord-FronSør-FronRingebuØyerLillehammerGausdal

Om Nord-Fron kommune
0516 Nord-Fron komm.png

Nord-Fron kommune ligg i Oppland og grensar til kommunane Sel i nord, Sør-Fron i aust og sør, Øystre Slidre i sørvest og Vågå i vest. Administrasjonssenteret er den største tettstaden, Vinstra. I 1855 vart Fron kommune delt i to, Nord- og Sør-Fron. I 1966 vart desse slått saman, og så delt nok ein gong i 1977.

Nord-Fron er ein jordbrukskommune, men det er òg ein del industri i og kring tettstadene Vinstra og Kvam. Folketalet har gått noko ned sidan 1980-åra; i perioden 1995-2005 sank det med 3,4 %.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Lise Stauri.
Foto: Ukjent.
Lise Karine Stauri (fødd i Stavanger 6. januar 1882, død i Sør-Fron 14. februar 1949) var lærar, folkehøgskulestyrar og organisasjonsmenneske. Namnet hennar er sterkt knytta til Gudbrandsdalens folkehøgskuleHundorp i Sør-Fron. Ho dreiv fyrst saman med mannen sin, Rasmus Stauri, som var grunnleggjar og styrar av skulen. Da han gjekk bort i 1932, tok ho over som styrar og var det i mange år etter det, nesten heilt fram til ho døydde. Lise Stauri var den fyrste, og i si tid den einaste, kvinnelege folkhøgskulestyraren i landet. Ho var internasjonalt orientert, noko som gav seg konkrete utslag i verksemda ved skulen på Hundorp.   Les mer …

Fronheim på Vinstra, som Hans H. Lie bygde og bodde i. Han innreda atelier i andre etasje.
Foto: Hans H. Lie
(1900)

Hans H. Lie (født 22. mars 1867 i Nes i Hallingdal, død 1918 i Nord-Fron) var fotograf med atelier på Vinstra, Ringebu og Otta.

Han var gårdbrukersønn, og ble i 1895 gift med Margit S. Lie, født Jørstad 1875 i Øystre Slidre; datter av Sigurd Jørstad. I folketellinga 1910 er de oppgitt med fem barn i husstanden, og var bosatt på Fronheim.

Hans Lie var elev av Johan Lund i Christiania, fotograferte sannsynligvis først i hjembygden. I 1893 ble han engasjert av Sigurd Jørstad for å fotografere ved det nye hotellet han hadde bygget i Volbu, Øystre Slidre. I 1895 flyttet han til Vinstra. Her bygget han eget hus med glasstakatelier i andre etasje. Han reiste meget rundt i distriktet og fotograferte, hadde også atelierer på Ringebu og Otta. Når fotografen ikke var hjemme på Vinstra hendte det at konen måtte ta seg av fotograferingen der. En mengde av Lies landskapsbilder fra Gudbrandsdalen ble laget til prospektkort. Foruten portretter og landskaper fotograferte han også dyr, bl.a. hingster når de skulle på utstilling.   Les mer …

«Osjukahornet» frå Lo var ein av dei fyrste gjenstandane Anders Sandvig kjøpte inn til samlinga på Maihaugen. Hornet kan vere gjort på 1400-talet. Namnet Osjukahornet kjem truleg av at den som drikk av hornet, ikkje blir sjuk.
Foto: Maihaugen/Digitalt Museum

Lo er ein gard i Sorperoa i Nord-Fron kommune (gnr. 246/1). Gardsnamnet, som finst fleire stader i Noreg, tyder «lågtliggande engeslette». Lo har om lag 420 mål dyrka jord, 1700 mål skog og 2000 mål anna areal. I 1998 var det 30 mjølkekuer her. Lo har sæter på Hattdalen, før Lisæter (Høgsætra). Garden har på 1900-talet vore rekna som ein av dei mest moderne i Nord-Fron, men har allikevel fleire gamle, ærverdige bygningar, mellom anna våningshus frå 1734 og eldhus med drengestugu frå 1754. I 1865 var det heile ti husmannsplassar under Lo, som då fødde sju hestar og 44 kuer.

Frå Lo stammar mellom anna det praktfulle drikkehornet på Maihaugen, «Osjukahornet». På garden kan det òg ha lege ein forhistorisk steinkrins, noko det framleis er fleire av i nabobygda Sør-Fron. I Hiorthøys topografiske skildring av Gudbrandsdalen (1775) fortel han at det ved «Lo er mange Kiempegrave og stensatte Kredse».   Les mer …

Kvam kyrkje (b. 1952).
Foto: Anders Einar Hilden
Den noverande Kvam kyrkje er ei korskyrkjeKvam i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Ho vart bygd i 1952. Arkitekt var Magnus Poulsson, og Arve Hagen stod for utsmykkinga. Byggverket er i tre og har 450 sitjeplassar. Kyrkja har kyrkjegard med ein minnelund over britiske soldatar som omkom i trefningane her i 1940. I tidlegare tider gjekk kvamværar til ei stavkyrkje på garden Vik, men i 1775 gav kongen løyve til å byggje ei ny kyrkje på Røssumvollen. Den nye kyrkja, bygd i 1776, var ei korskyrkje i tømmer med plass til 300 personar. Denne kyrkja vart øydelagt fredag den 26. april 1940 under kampane mellom tyske og britiske soldatar. Kyrkja og eit hundretals hus vart skotne i brann.   Les mer …

Operasjonskart IR 11 22. april.

Møre infanteriregiment nr 11 (forkorta IR 11) kunne som eitt av dei få i Sør-Noreg mobilisere tilnærma normalt i dagane etter det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940. Regimentet skulle ved mobilisering sette opp desse avdelingane på Setnesmoen ved Åndalsnes:

  • Feltbataljon I (forkorta bn I) med stabskompani, 3 geværkompani (kp 1, 2 og 3) og 1 mitraljøsekompani (kp 4), sjef kaptein Gunnar Juel
  • Feltbataljon II (forkorta bn II) med stabskompani, 3 geværkompani (kp 5, 6 og 7) og 1 mitraljøsekompani (kp 8), sjef kaptein Ivar Navelsaker
  • Landvernbataljon (forkorta lvbn) med stabskompani, 3 landvernkompani (Landvkp 1, 2 og 3) og 1 mitraljøsekompani (Mitrkp), sjef major Einvald Uri
I tillegg fekk regimentet snart tilført ei avdeling som 9. april var oppsett i Trondheim, den såkalla magasinvakta. 23. april melde regimentet til Hærens overkommando at det var sett opp ein ny bataljon av tilleggsmannskap frå IR 11 og Sør-Trøndelag infanteriregiment nr 12 (IR 12). Bataljonen hadde 3 geværkompani og 2 mitraljøsetropper, og major Alf Kjøs fra Oppland infanteriregiment nr 5 (IR 5) var sjef. Denne er seinare omskrive både som feltbataljon III (forkorta bn III) og som 4. (eller IV) bataljon av IR 11. Alle avdelingar er elles òg omskrive med namnet til sjefen (t.d. «bataljon Kjøs», «kompani Sandnes») i samsvar med eldre militær tradisjon.Regimentsstaben under regimentssjefen, oberst David Thue, etablerte 14. april kommandoplass på Horjem og vart verande der heile felttoget.   Les mer …

Minnesteinen
Foto: Arnfinn Kjelland
Gravsteinen over Georg Sinclair
Foto: Arnfinn Kjelland
Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden, frå år 2000 byen Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Nord-Fron kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Nord-Fron kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar