Forside:Sogn og Fjordane

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Sogn og Fjordane fylke»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Sogn og Fjordane
14 Sogn og Fjordane vapen.png
Sogn og Fjordane var eitt av vestlandsfylka. Det omfatta tre distrikt: Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, og grensa til Hordaland, Buskerud, Oppland og Møre og Romsdal. Fylket var kjend for sin flotte natur. Sognefjorden er den lengste fjorden i landet, medan Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet. Det er tre byar i fylket: Florø, Førde og Måløy. Florø er Norges vestlegaste by.

I middelalderen var området delt i to fylke, Firdafylke og Sognafylke. Desse vart i seinmellomalderen innlemma i Bergenhus len. Ved omorganiseringa frå len til amt i 1662 forble dette intakt som Bergenhus stiftamt. I 1783 vart amtet så delt, og dagens Sogn og Fjordane vart utskilt som Nordre Bergenhus amt.

Den 1. januar 2020 vart Sogn og Fjordane og Hordaland som del av regionreforma 2014–2018 slått saman til nye Vestland fylke.

Kommunar

Ein av dei gamle grensesteinane på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Oppland. Den markerer også kommunegrensa mellom Vang og Årdal.
Foto: Mari B. Grønlie
(2020)

Lista over kommunar viser status per 31. desember 2019, Sogn og Fjordane sin siste dag som eige fylke. Endringar i kommunestrukturen 1. januar 2020 er sett i parentes.

  Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Signatur i futerekneskapen 1615-16.
Anders Lauritssen (Lauritßen, Lauritzsøn) (fødd ca 1570, død ca 1630) var fut i Luster i Sogn. Anders og broren Søren Lauritssen vert rekna som stamfedrane til Heiberg-slekta. Den fyrste kjende futerekneskapen etter Anders Lauritssen er jordeboka for Dale prestegjeld (Luster) for 1615-1616. Dale len vart i 1614 lagd under Bergenhus etter å ha vore eit eige len sidan 1565, og lensherren på Bergenhus fekk ordre om å avleggje rekneskap. Det var Anders Lauritssen som sette opp den fyrste jordeboka, og det tyder på at han hadde vore fut for Luster også før lenet vart rekneskapslen. Han bygde seg opp eit stort jordegods i Sogn. I 1612 hadde han gardar og gardpartar på drygt ein halv laup smør, i 1612 12 laupar, i 1623 80 laupar og då han døydde kring 1630 oppunder 120 laupar. Han har såleis vore mellom dei rikaste mennene i Sogn på denne tida. Det finst ingen opplysningar eller tradisjonar om at han har tileigna seg jordegods urettmessig slik det finst for fleire andre futar.   Les mer …

Harald Gjesdal.
Foto: Asker og Bærums Budstikke 1942.
Harald Gjesdal (født 26. mai 1892 i Leikanger, død 26. mai 1974) var inkassosjef og politiker for Frisinnede Venstre. Hans arbeidsplasser som inkassosjef var O. Mustad & Søn og Margarincentralen; han var folkevalgt for tre perioder i Bærum kommunestyre og satt mellom 1943 og 1945 på Grini og Sachsenhausen. Han stilte til kommunevalg i 1928, og ble valgt inn som vara i kommunestyret den kommende perioden. Han satt så som fast medlem i tre valgperioder. Partiet var Frisinnede Venstre (seinere Frisinnede Folkeparti, FF), men ved kommunevalget i 1934 stilte de fellesliste med Nasjonal Samling, «Den nasjonale fellesliste», i Østre Bærum valgsokn. Gjesdal var listetopp, og ble innvalgt sammen med Hugo Borgen (NS) og Aashild Domaas (FF).   Les mer …

Feios kyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde

Feios kyrkje, Feios i Sogn, Vik kommune, er teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan. Byggmeistaren heitte Johannes Øvsthus og kom frå Hosanger prestegjeldOsterøy. Kyrkja vart bygd i 1866 i staden for den gamle Rinde stavkyrkje som vart riven same året.

Feios kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje i nygotikk og sveitserstil. Kyrkja er bygd på Rinde kyrkjestad og er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Gardsnamnet er Rinde der kyrkja står, gardsnummer 160, og kyrkja ligg ved fylkesveg 182. Kyrkjestaden Rinde ligg ved Sognefjorden og er nemnt i kjelder tilbake til 1123, og her ligg Rindestodi som var sentral for kyrkjestaden fordi sjøvegen var viktig. Like i nærleiken, på Børenganeset, er ei gravrøys frå bronsealderen. Rinde kyrkjestad låg under bispesetet på Selja fram til 1170, då vart bispesetet flytta til Bergen.   Les mer …

Innkallinga og framlegget til resolusjon, Sogns Tidende 11. juli 1884.

Vadheimresolusjonen vart vedteke på eit amtslærarmøte for Nordre Bergenhus i Vadheim 22.-24. september 1884. Resolusjonen kravde auka rom for landsmålet i skule og styringsverk, og det var det fyrste av kring 50 liknande vedtak landet over.

Denne kampanjen var medverkande til at Stortinget i mai 1885 gjorde Jamstellingsvedtaket som sa at landsmålet skulle ha offisiell status på line med det vanlege bokspråket i skule og offentleg forvaltning. I litteraturen er både læraren Olav Sande på Leikanger og teologen og folkehøgskulelæraren Eirik Olson Bruhjell i Sogndal nemnde som initiativtakarar. Dette var «eit framlegg som Sande hadde forma, - fraa fyrste hand», heiter det i 70-årsomtala av Sande. Båe var ein del av det sterke målmiljøet kring Sogndal folkehøgskule, og båe var sentrale i ordskiftet på lærarmøtet. Det er vanskeleg å seie kven som spela den viktigaste rolla i førebuingane, men det var Dahl som lanserte framlegget offentleg og innleidde om saka på lærarmøtet.   Les mer …

Bukti (Sagarøy, bnr. 4) med stova frå 1917, fotografert frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Sagarøy er ei lita grend i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Grenda ligg i dalbotnen på den sørlege delen av området til matrikkelgarden Bakken og grensar mot Jostedal prestegard.

Grenda ligg i midten av bygda ca 1 km nord for kyrkja. Her var bygde- og kommunesenteret i Jostedalen frå slutten av 1800-talet til opp i etterkrigstida.

Sagarøyelvi renn gjennom grenda. Ho skifta løp og gjorde store øydeleggingar i grenda i storflaumen i august 1979.   Les mer …

Gjerde sett frå aust. Campingplassen i framgrunnen, Jostedal Hotell i midten bak, Joker-butikken til venstre for hotellet og driftsbygningen til garden til høgre. Krundøla, Snåpebrui og vegen opp Haugabakkane til Krundalen i høgre kant.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Gjerde (Luster, gnr. 207/3) er eit gardsbruk og bygdesentrum i Jostedalen, Luster kommune. Staden ligg langs hovudvegen framover Jostedalen der Krundøla kjem ned i hovuddalføret. Gjerde sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Etter nyryddinga av Jostedalen på 1500-talet høyrde heile området i hovuddalføret på sør- og nordsida av Krundøla til garden Flatejordi, som er nemnd alt i presteskattelista frå 1596. Men Flatejordi vart lagt øyde att kring 1610, og garden vart delt slik at bonden på Haugen fekk hand om området på nordsida av Krundøla medan Hellegård fekk hand om området på sørsida. Ved ei delingsforretning 16.-18. juli 1901 vart dei tre Gjerde-plassane utskilde som eit eige gardsbruk (Gjærde). Denne parsellen femnde òg om halvparten av øygarden på Flatejordi på nordsida av Krundøla.   Les mer …

Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.

Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.

Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule. Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet.   Les mer …

Ormberg (Luster, gnr. 187) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Det er den sørlegaste garden på austsida av Jostedøla i Jostedal sokn. Ormberg er ein av dei få gamle gardane i Jostedalen som ligg i dalbotnen, og garden har lege utsett til for flaumar. Ormberg var ein av dei opphavlege gardane i Jostedalen og er nemnd i det fyrste dokumentet etter øydetida, skattelista frå 1596. Her skulle Olluff Aarebøe betale 2 geitskinn til presten. Alt i 1600 og 1603 er namnet skrive Ormberig/Ormeberigh.
Det nye tunet (bnr. 1) frå 1950-åra sett frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Futeenkja Birgitte Munthe fekk i 1681 skøyte på alle gardane i Jostedalen. Året etter vart så dette godset splitta opp ved at prestsonen Hans Ottoson Ravn kjøpte to av tre partar i Myklemyr, heile Ormberg og heile Fossen. Ravn sjølv budde på ein del av Myklemyr og hadde leiglendingar på dei andre bruka. Men alt i 1688 hadde Ormberg og Fossen gått attende til Birgitte Munthe.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Kategoriar for Sogn og Fjordane
 
Andre artiklar