Forside:Nordmøre

Sideversjon per 16. nov. 2010 kl. 13:46 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Nautsundet (Nordheimsundet) mellom Stabblandet (nærmast kameraet) og Solskjelsøya sett frå åsryggen Nauthatten.
Foto: Olve Utne
(februar 2012)
Under forliset i Nautsundet (no Nordheimsundet) mellom Solskjelsøya og Stabblandet i noverande Aure kommuneNordmøre måndagen den 24. januar 1876 omkom to mann. Dagen føre, søndagen den 23. januar, hadde tre båtlag på veg frå Surnadalen og Kvenna (Kvanne) til Veiholmenskreifiske lagt seg til ved Skomakarøya (Solskjeløygarden). På måndagsmorgonen begynte det å blåse opp, og fem mann frå det eine av dei to surnadalsbåtlaga la utpå i ein trirøing for å sikre seglet på storbåten.   Les mer …

Finvêr på Edøyfjorden. Vi ser sjølve Edøy-garden og Edøykyrkja i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne
Edøyfjorden er den yttaste delen av Trondheimsleia og ligg mellom Solværet, Kuli og Edøya utom leia og Tustna, Solskjel, Ertvågsøya og Grisvågøya innom leia. Edøyfjorden utgjer den «sørlege» (eigentleg vestlege) inngangen til den hovudsakleg innaskjers Trondheimsleia frå Griphølen og Talgsjøen. Vidare «nordover» (eigentleg austover) dannar den inste delen av Ramsøyfjorden mellom Smøla og Hitra overgangen til den delen av leia som berre blir kalla Trondheimsleia. Edøyfjorden har vore strategisk viktig i alle fall frå vikingtida av. Vi kan som eksempel nemne slaga ved Solskjel kring 900; slaget ved Solskjel i 1206; Edøya som lenssete på 1300-talet; trefninga i Hammarsunda 9. april 1537; dei tyske forsvarsstillingane frå andre verdskrigen ved Edøy gamle kyrkje; og Shetland-Larsen si minelegging av Edøyfjorden med MK «Nordsjøen» i 1941.   Les mer …

Indresæter pr. Kristiansund, frå 18. mars 1968 6591 Indresæter, var ein postekspedisjon og seinare postkontor på Innersetra i Sålåsundet i Aure kommuneNordmøre. Postkontoret vart etablert den 1. juli 1895 i samband med dampskipsekspedisjonen på Innersetra og dekte matrikkelgardane Storsetra, Innersetra, Hals, Innerberg og Fjelnesdalen — same området som Hals skulekrets. Den første postopnaren der var Gjermund Øvrevik (1850-). Sonen hans, Edvard G. Øvrevik, var postopnar frå 1. november 1921. Tremenningen Johannes Berven tok over i 1947 og var postopnar fram til siste opningsdagen, tysdag den 29. februar 1972. Frå onsdag den 1. mars same året vart området lagt under 6590 Tømmervåg.   Les mer …

Kornstad stavkyrkje i Averøy kommune var frå først av ei enkel stavkyrkje, som blei reven i 1871. Over kordøra stod namnet “Niels Hindricksøn”. Tyder dette “Niils Henrikson Gyldenløve til Østråt” (fru Ingers ektemake), kan vel kyrkja vera bygd av han mellom år 1510 og 1520, og kom da i lag med Giske-godset. Joh. Brodal meiner ho er eldre. Han fortel at ho vart laga til korskyrkje med to timbra sideskip i 1649. I 1665 var det fleire store reparasjonar i koret, i korset og i kyrkjestolane, og loft innlagt. Da Chr. Lossius 1725 kjøpte kyrkja, var ho forfalla. Han gjorde storflidnad, bygde tårn som fekk årstalet 1761 på spiren. Truleg var det da dei to galleri “for mandspersoner” vart bygde. På altertavla var måla: Jesus innset nattverden. Kring tavla var sett fem trefigurar, truleg Moses og dei fire evangelistar. Ei innskrift synte at altertavla var sælebotsgåve i 1638 av enkja etter kongeleg gastgjevar på Smørholmen, Ole Olsen Helt (“Jelt”), fødd 1571, død 1637. Nederst på altertavla var utskore ein smågut som kvilde på høgre hand og heldt eit timeglass i venstre. På austre vegg hang ei tavle med to felt. I øvste felt var bilete av Jesus på krossen og dei to røvarar. I nederste felt var Ole Helt sjølv teikna med langt kvitt skjegg mellom fem søner på den eine sida, og på den andre sida var enkja Marit Svendsdotter avbilda med sine fem døtre. Denne tavla var og forært av “Oluf Heltis efterleverske” anno 1638.   Les mer …

Ephraim Wolff Koritzinsky
Ephraim Wolff Koritzinsky (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Sjukehuset i Kristiansund (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Koritzinsky vart fødd 20. juni i Karlstad i Värmland i 1883 av foreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gjekk på skule i Hamburg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium på Aars og Voss skole i Kristiania i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Sjukehuset i Kristiansund. Under første verdskrigen arbeidde han først ved Nordland Amtssykehus i Bodø og deretter i München og Bonn. I 1917–19 arbeidde han ved Ullevål kirurgiske avdeling.   Les mer …

Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.
Foto: Hans P. Hosar
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejarn — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikte i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller vaffeljarn utvendig.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar