Elevar på jentekurset ved den flyttbare fjellandbruksskulen hausten 1916. Foto: Knut Tomassen Sorteberg/Hemsedal bygdearkiv (1916)
Lien landbruksskole var landbruksskulen for fjellbygdene i Buskerud. Han låg i Torpo i Hallingdal, og vart bygd i 1922 etter eit drygt tiår med flyttbar skule i ulike hallingdals- og numedalsbygder.
Tidleg på 1900-talet var det ingen landbruksskule i Buskerud, og ungdomar frå fylket som ville ta landbrukssutdanning, måtte gjera det på skular i andre fylke. I 1910 vedtok Buskerud amtsting (fylkesting frå 1917) at ein skulle setja i gang landbruksutdanning i amtet. Det vart etablert to skular. Den eine skulle vera for flatbygdene og den andre for fjellbygdene. Skulen for flatbygdene vart lagd til Buskerud hovudgard på Modum. For fjellbygdene i Buskerud, dvs. kommunane Nore og Uvdal og Rollag i Numedal og Gol, Hemsedal, Ål og Hol i Hallingdal, vart det etablert ein flyttbar skule med korte kurs på tre månader. Det skulle haldast eigne kurs for jenter der husdyrlære, kjøkenstell og kosthald var viktige fag. Desse kursa skulle gje nyttig kunnskap for framtidige gardkoner. Les mer …
Jørgine Paulsdotter Fossen (1861–1940) med åtte av dei tretten ungane. Ho vart enke eit år etter at minstejenta kom til verda. Bak frå venstre: Hjalmar (f. 1903), Gunvor Marie (f. 1885), Josefine Severine (f. 1889), Mathilde (f. 1890) og Johannes (f. 1896). Foran frå venstre Charlotte Johanne (f. 1898), Jørgine med Ingeborg (f. 1905) på fanget og Kristine (f. 1900). Foto: Ukjend (1907/1908) Jørgine Paulsdotter Fossen (fødd 1. februar 1861 i Sør-Aurdal, død 16. mars 1940 i Nes i Hallingdal) var ei småbrukardotter frå Valdres som levde det meste av sitt liv som møllar- og husmannskone og enke i Nesbyen i Hallingdal. Ho hadde eit liv prega av slit og ulukker, men trass all motgang klarte ho å oppdra tretten ungar og å gje dei eit godt grunnlag i livet. Far hennar, Paul Andersson Bakken, var òg ein slitar, og det er sagt om Jørgine av dei som kjende ho, at ho var like sta, seig og sterk som han. Les mer …
Junger Foto: Per Ivar Søbstad
Junger er et skogsvann i Øvre Eiker kommune, ca. 4 km vest for tettstedet Ormåsen. Det er et populært badested, fiskevann og rekreasjonsområde. Det ligger en del hytter ved vannet, men det aller meste av strandlinjen er likevel tilgjengelig for allmennheten. Vannet ligger 214 m.o.h., har et flateinnhold på rundt 400.000 kvadratmeter og omkrets på drøyt 5 km. Vannet har tilsig fra Rørtjenn, Kvennetjenn og Svarttjenn, samt flere mindre bekker. Det har utløp via Jungerbekken og Dørja til Fiskumvannet. Les mer …
Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav. Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv. Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.
Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står i dag (2015) stølsbua frå 1800-talet med stall og ein grunnmur etter fjøset. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området finst også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i midtre teigen.
I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige. Les mer …
Drammenselvens Papirfabrikker 12. august 1878.
Drammenselvens Papirfabrikker lå ved Geithusfoss i Drammenselva, Geithus i Modum. Den ble startet i 1873 av Harald Lyche, Erland Kjøsterud og deres kompanjong Jørgen Meinich. Bedriften ble igangsatt under navnet Actieselskabet Ekers og Giethuus Papirfabriker, og den produserte sitt første papirark 20. desember 1876 og var i regulær drift i 1878. De fant raskt ut at de trengte mer kapital, og i 1879 utvidet bedriften sin aksjekapital og skiftet samtidig navn til Drammenselvens Papirfabrikker. Meinich var styreformann, et verv han hadde til han døde i 1911 som siste mann av grunnleggerne, og en ny generasjon overtok vervene i bedriftens styre. Under første verdenskrig fikk bedriften et tap, og optimismen blant det sittende styre sank nok til å selge fabrikken til Union Co. i 1915. Union Co. forble eiere av bedriften helt fram til 1998, da Union-konsernet ble en del av Norske Skog. Men spesialpapiret som ble produsert her, var ikke et satsingsområde for Norske Skog. I 2006 ble derfor bedriften nedlagt for godt. Les mer …
|