Stormolta, lokal uttale (Stor-)Moltå ( nominativ/akkusativ) / (Stor-)Moltånn ( dativ), er ein kring 300 m lang og 100 m brei, låg og furut holme med god jord i furene. Han ligg i Nordheimsundet (tidlegare kalla Nautsundet), mellom Stabblandet i sør og Solskjelsøya i nord. Både Stormolta og den mykje mindre holmen Litlmolta rett austom ligg til bnr. 1 av Solskjeløygarden. Tradisjonelt vart heile holmen avsvidd kvar vår, slik at det voks opp godt og saftig gras utover sommaren. Om somrane har holmen vore bruka til bekrehamning. Kring 10 m over flomålet lengst nord på øya ligg det mulige restar av ei rundrøys med truleg diameter på 5–6 m og ei høgd på kring halvmeteren. Les mer …
Kyrhaug (trad. uttale /"cørʌu/ ( Edøya) el. /"çy:rʌu/ ( Tustna), ofte skrive Tyrhaug, er ein matrikkelgard og ei grend på Edøya i Smøla kommune på Nordmør. Den mest pålitelige skrivemåten vi kjenner til i eldre skrifter er Kyrhofuit/ Kirhofuit, som vi finn i P. Claussøn Friis ( 1545– 1614) sine skrifter; namnet er eigentlig Kyrhau ( Kyrhovud), av norrønt *Kýrhǫfuð (‘kuhovud’). Skrivemåten med t-, som finst belagt frå sist på 1500-talet og framover, kjem av at namnet har vorte tolka som tyr + haug: Tørhogh (1590), Thiurhoug (1643), Tyrhoug (1667). Les mer …
Johan Olsen Aarø var den som først lykkes med ordinær rutebilkjøring i Norge, her med sin 1907 UNIC, fotografert i Kristiania før turen til Møre og Romsdal. (1908)
Norges første bussrute trafikkerte strekningen mellom Molde og Batnfjorden. Den startet 12. mai 1908 og gikk den 36 kilometer lange veien fra Molde over Fursetfjellet til Batnfjordsøra. I dag er denne veistrekningen en etappe av E39. Bussruten var et framskritt fordi passasjerer som ønsket å unngå den værharde Hustadvika, kunne ta dette stykket av reisen over land. Bussruten ble kjørt med en nyinnkjøpt seks-seters UNIC 1907-modell, med 18 hestekrefter. Bilen var franskprodusert, med karosseripåbygg fra Norge. Den er bevart på Romsdalsmuseet. Les mer …
|