Forside:Lesja kommune

(Omdirigert fra «Lesja kommune (forside)»)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Lesjaverk 1963 med den freda hovudbygninga frå 1734.
Lesja jernverk vart oppretta med tildelinga av privilegiet på jernverksdrift i Lesja hovedsokn til Jørgen Fillipsen og Joachim Irgens i 1660. Drifta kom gradvis i gang i åra etter etableringa. Lesjaskogsvatnet vart oppdemt i begge endar for å skaffe vasskraft til verksanlegget, som vart bygd opp i austre enden av vatnet. Ved anlegget kom det etter kvart masomn av såkalt vallonsk type og stangjernshammar. Også i Håmårfossen i Rauma nedafor Kvamsgardane vart det bygd stangjernshammar, truleg så tidleg som i 1670-åra. Malmen vart funne fleire stader over Lesjaskogen: ved Slettom og i Gruvlie mellom Brandlie og dei gamle gardane i Nørdre Verket. Malmen frå Gruvlie vart køyrt ned til Bryggja og transportert derfrå til masomnen ved hjelp av lektarar sommarstid og med slede på isen om vinteren.   Les mer …

Joachim Irgens' våpenskjold.
Joachim Irgens (eller Jochum) var fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein og døydde i 1675. Far hans var Heinrich Jürgens. Joachim var altså kjøpmannssonen som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros Kobberverk.Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar.   Les mer …

Grop 2 i i fangstanlegget.
Foto: Arnfinn Kjelland (2018)

Ved Storhøhalsen på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.

Storhøhalsen er ei brei skrånande li ovanfor skoggrensa, nedanfor Storhøe (1868 m.o.h.). På ei litt flatare terasse ca. 300 m nedanfor høgste punktet går det ein tydeleg sti etter reinstrekket, og erfaringar frå eldre jaktperiodar er at reinen ofte trakk her, noko som må ha freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg.

Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979 og 1986). Han påviste fire fangstgroper her, to ved sidan av kvarandre of kopla saman med ledegjerde, og to enkeltgroper.

  Les mer …

Kommunevåpen for Lesja
Dette er ei liste over hendingar i Lesja ordna kronologisk. Kjelder for prestar og ordførarar er Bygdebok for Lesja bd. 3 og Skotte / Einbu 1949 (sjå Bibliografi:Lesja kommune). Hendingar knytte til enkeltgardar er henta frå bygdeboka viss ikkje anna kjelde er gjeve opp.

Før 1500

1500- og 1600-talet

  Les mer …

Giovanno (Johan) Basso
Foto: Mathias P. Lien
Giovanno (Johan) Basso (fødd kring 1838 i Italia, død 30. januar 1913 i Lesja) kom til Lesja som «ein framand fugl» ein gong før 1890 og tok inn hos ei ugift plassjente, Guri Bjertesd. på Plassbakken eller Røst i ålmennningsområdet Åsen mellom Avdem og Lyftingmo. I bygda vart fornamnet hans fornorska til Johan. Han og Guri budde saman utan å vere gift, noko som skal ha vore til ein viss irritasjon i bygda. Etter bygdetradisjonen hadde Giovanno vore soldat i den italienske hæren. Han skal ha desertert etter å kjempa i det verdskjente, blodige slaget ved Solferino i 1859. Deretter skal han ha flakka rundt i Europa, m.a. i Russland, til han kom til Lesja og slo seg ned her.   Les mer …

Reinheimen er ei nyare nemning på eit fjellområde som i grove trekk er avgrensa av Ottadalen i sør, Lesjadalføret i nord og Tafjordfjella i vest. Namnet Reinheimen vart først nytta av fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter i ei bok frå 1970-talet. Tidlegare hadde ikkje området noko felles namn. Det er mange minne etter den gamle villreinfangsten i området; dyregraver (fangsgroper) og massefangstanlegg.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lesja kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar