Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Den øvste gropa i i fangstanlegget.
Foto: Arnfinn Kjelland (2018)

Ved Gravranden på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.

Gravranden er ein avlang markant haug («rande» i lokaldialekten) orientert tilnærma vest-aust. Det syner ein tydeleg sti etter reinstrekket mellom haugen og ei lita tjønn, som avgrensa området og freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.

Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979). Han meinte det er usikkert om namnet på haugen har med fangstgropene her å gjere.   Les mer …

Murane etter husmannsplassen Svee under Sør-Hole i Lesja. Plassen vart rydda kring 1762 og fråflytt ca. 1790.
Foto: Arnfinn Kjelland
Husmannsplassane i Lesja er eit oversyn over dei buplassane som er kartlagt og plassert i denne kategorien gjennom arbeidet med Bygdebok for Lesja i åra 1981–1996. Til saman er talet på registrerte stader der det har vore busett folk i ein periode, og som i ein del av den busette perioden må kunne kallast husmannsplass, stugu, småbruk (utan skøyte) og liknande, drygt 600.   Les mer …

Avdemsbue på Lesja, som far til Engebret Hole bygde i 1878.
(2011)

Engebret Hole (fødd 27. august 1885Søre Avdemshaugen i Lesja, død 27. november 1942Aukra) var lensmann i Sund lensmannsdistrikt.

Ein onkel til Engebret, Hans J. Hole (1850-1910) var i 1900 amtskasserar i Bergen. Han og kona Marie var barnlause, og dei inviterte Engebret til byen og kosta på han utdanning: middelskule, handelsskule, landsgymnas og befalsskule. Hans arbeidde som assistent hos onkelen.   Les mer …

Sy Kvamsetra i Grøndalen
Foto: Arnfinn Kjelland (2004)

Grøndalen er ein markert dal som går sørover frå hovuddalen litt nord (vest) for Lesjaskog sentrum. Dalen er dominert av elva Grøna, som kjem som to løp frå høgfjellet, Stor-Grøna frå fleire tjønner innunder Grønhøi (1650 m.o.h.) og Løyfthøene (1946 m.o.h.) og Vesl-Grøna frå Grøntjønne. Ein gamal ferdselsveg frå Skjåk via Lordalen kjem ned til Lesjaskog langs Stor-Grøna gjennom Grøndalen.

I dalen ligg det nokre setrar: to på austsida av elva og ei på vestsida. Dessutan er det tufter etter ei gammal seter der. Den gamle garden Grønved ligg i det ein kan rekne som Grøndalen. Går vi opp setervegen frå Grønfossen på austsida av Grøna, kjem vi fyrst til setra til Ner-Enstad. Litt lenger inn ligg setra til Sy Kvam. Går vi opp på vestsida av elva, kjem vi fyrst til tuftene etter Kvislesetre, og så til setra til Oppistugu Kvam. Det er om lag fem km frå riksvegen og inn til setrane på austsida av elva. Vegen på vestsida av elva er nok noko lenger.   Les mer …

Skuleborn frå Bøgrende på skitur til Reindøl fyrst i 1930-åra

Reindøl er ei setergrend som ligg i skoggrensa på nordsida av Dalsida i Lesja, tvert over for Myrin der setervegen kjem opp frå bygda. Den gamle setervegen gjekk over Myrin, ned lia, over elva og opp om lag der køyrevegen går nå. Bilvegen vart bygd sist i 1940-åra. Det er eigentleg to setergrender her, dei eldste setrane øvst, og så nokre nyare lenger nede mot dalbotnen (på Nere Reindøl).

Namnet Reindøl er todelt. Det er ikkje granska vitskapeleg, men fyrsteleddet tyder vel helst dyreslaget rein, slik det er tolka mange andre stader i landet. Dei mange utgamle fangstanlegga innover på Dovrefjell peiker i same lei. Sisteleddet døl, med tjukk l, tyder truleg «liten dal». Reindøl kan da vera eit eldre namn på Reinådalen.   Les mer …

Sjølvportrett i Lesja kyrkje
Foto: Tor Nørstegård

Ragnvald Einbu (fødd 10. januar 1870Nordi LieLesjaskogen, død 4. juli 1943 i heimen sin, Skogly under Sili på Lesja) var treskjerar og målar. Einbu er mellom anna kjent for å ha dekorert kyrkjeinteriør fleire stader i Noreg og for ei lang rad dekorasjonsoppgåver i offentlege bygg og private heimar. Han var ein yngre bror av astronomen Sigurd Einbu.

Foreldra Marit Syversdtr. og Peder Johanness. flytta til farsgarden Ni Einbu i 1875 og til Sili i 1890. I 1887 reiste Ragnvald til Trondheim og begynte i lære hos målarmeister Peter Theodor Holst Grubbe, der han var i tre år og fekk grunnleggjande opplæring i farge- og målingslære og målingsteknikkar. Nokre år seinare begynte han med treskjering, og i 1895 sendte han fleire figurar til Husflidsforeningen i Kristiania. Desse vakte åtgaum, og året etter fekk Einbu friplass ved Statens håndverks- og kunstindustriskole.

Einbu begynte truleg å skjere ut og dekorere skap og måle bilete på oppdrag kort tid etter han fullførte skuleåret i Kristiania. Nokre år etter 1900 fekk han truleg sitt første oppdrag med å dekorere kyrkjeinteriør, i Lesja kyrkje. Etter kvart kom han i kontakt med Anders SandvigMaihaugen, og han arbeidde i alle fall med dekorasjonane i samband med restaureringa av Isumkapellet frå Sør-Fron   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lesja kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar