| Om Valdres
|
Eidsbugarden ved innsjøen Bygdin, Vang i Valdres. Foto: Leif-Harald Ruud (2019) Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.
Valdres er eit landskap i Innlandet, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.
Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).
E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018. Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar fra artiklar
|
Sakarias Olsen (født 1863, død 26. februar 1954 i Nord-Aurdal) var en landkremer ( skreppekremer) som blant annet vandret rundt i bygdene i Valdres på første halvdel av 1900-tallet. Det er aldri blitt fullt ut klarlagt hvor han kom fra, men det er hevdet at han var av slekten Wedel Jarlsberg. Han er også omtalt som en bygdeoriginal. På vintrene og i helger og høytider bodde han på gården Klosbøle på grensa mellom Nord- og Sør-Aurdal. Les mer …
Faksimile fra Østlands-Posten 27. mai 1995: utsnitt av portrettintervju med Ruth Lagesen.
Ruth Lagesen (født 10. august 1914 i Bagn i Sør-Aurdal kommune i Valdres, død 7. april 2005 i Larvik) var pianist, orkesterleder og musikkpedagog, kjent som landets første kvinnelige orkesterdirigent. Les mer …
Johan-Henrik Eltun Kvam (fødd 10. april 1850, død 6. november 1948) var spelemann og gardbrukar på nordre Kvam i Vang i Valdres. Kvam tok til å spela fele då han var 10-11 år. Han brukte då fela åt far sin, Trond Eltun på søre Øye. Då han var 21 år, fekk han seg ei Telemarks-fele, som han gav kr. 30 for. Han kjøpte ho av ein Oslo-mann. Ho var laga av Johan Ellefsson Steintjønndalen, Bø i Telemark. Det var ei retteleg god fele. Far hans, han Trond, fekk ho då han fór til Amerika 1876. Men då kjøpte Johan-Henrik seg att ei ny Telemarks-fele, som Knut Helland hadde laga. Johan-Henrik lærde fyrst og fremst felespel av far sin. Men han lærde og av mange bygdespelemenn, såleis av Ola Strand på Søyne, Krosshaug-sønene Lars og Andris og av Rengjistadane o.a. Les mer …
<onlyinclude> Logoen til historielaget.
Sør-Aurdal historielag er ei lokalhistorisk forening i Sør-Aurdal kommune i Valdres. Laget vart stifta i 1980 med det formålet å vekke interesse og skape forståelse for Sør-Aurdals historie. Det skal «arbeide for å utbre kjennskap til vår kulturarv og våre kulturminner av alle slag».
Laget har sidan 1982 gitt ut heftene Sagn og Soge i Søndre Ourdahl annakvart år, samt fleire lokalhistoriske bøker. I 1995 fekk laget Sør-Aurdal kommunes kulturpris.
Den siste bokutgjevinga frå historielagets side er Skogshyttene i Sør-Aurdal, som kom ut i november 2024.
I 2024 hadde historielaget 108 medlemmer. Talet på medlemmer er i ferd med å stige.
Leiarar
- Gudbjørg Fønhus Stensrud, 1980-1981
- Gudrun Bøhle, 1982-1983
- Tor Morten Røhr, 1984-1985
- Elling Fekjær, 1986-1988
- Gunvor Thorsrud Berg, 1989-1991
- Gudbrand Waagaard, 1992-1993
- Terje Mikael Hasle Joranger, 1994
- Kjell Ellefsen, 1995-1997
- Elling Fekjær, 1998
- Thomas Langødegård, 1999-2001
- Arild Haglund, 2002-2004
- Arbeidsstyre, 2005-2006
- Herman Leite, 2007-2008
- Bjørn Gjerdalen, 2009-2012
- Eldor Bråthen, 2013
- Trond Bråten, 2014 - 2017
- Arbeidsstyre, 2018
- Amund Grønhaug, 2019-2021
- Åse Østgård Hagen, 2022-
Aktivitetar
Laget arrangerer møter, ekskursjonar, registreringar, innsamling av muntlig tradisjon, musikk, målføre, stadnamn, bilder og anna av historisk interesse.
Historielaget arbeider for at det blir utgitt bygdebøker og andre historiske skrift, samt vern av fornminner og kulturminner av alle slag i kommunen.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå historielaget 2024
Eksterne lenkjer
|
|
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Valdres
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|