Joachim Irgens' våpenskjold.
Joachim Irgens (eller Jochum) var fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein og døydde i 1675. Far hans var Heinrich Jürgens. Joachim var altså kjøpmannssonen som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros Kobberverk.Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar. Les mer …
Ragnar Standal, 2008 Foto: Knut Hustad
Ragnar Standal (fødd 24. september 1928 på Ytre Bakkane på Ytre-Standal, død 14. august 2013 på Hjørundfjordheimen på Sæbø i Ørsta kommune) var ein framståande fagmann og lokalhistorikar med store kunnskapar om Sunnmøre og framifrå formidlingsevne.
Standal fullførte 4-årig lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1951, tok så historie grunnfag ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim i 1963 og fullførte hovudfag same stad i 1977. Han var først lærar i Fausadalen, Stranda kommune frå 1951–56, deretter lærar i Lyftingmo krins på Lesja frå 1956–62, så adjunkt ved Stryn ungdomsskule frå 1963–75, styrar på Ørsta bygdetun, Brudevollsamlinga (deltid) frå 1978–84 kombinert med lektorstilling ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1978–70 og 1981, konservator på Nordfjord folkemuseum, Sandane frå 1984–86 og til slutt bygdebokforfattar og -redaktør i Ørsta frå 1986–1992. Les mer …
Bjorli stasjon 1922 Foto: Anders Beer Wilse Frå Bjorli da eg var ti år Eg har ikkje noko klart bilde av meg som barn. Eg har ikkje spurt så mange heller; kven ønskjer å høyre den fulle sanninga? Syster mi er sju år eldre enn meg, så eg vaks nok opp som eitslags einebarn, med ei beskyttande mor og ein far som hadde meir enn nok å gjera i arbeidet sitt. Denne organiseringa var nok heilt vanleg først på 1950-talet, mor tok seg av meg og hus og heim, far arbeidde på butikk og kontor. Men når det skulle vera skirenn fekk vi låne kontoret til far. Vi fekk papplater og hyssing, blyantar, og startnummer vart laga i lange seriar. Far min var styrar på Bjorli Landhandel. Butikken låg ved riksvegen, eit steinkast frå Bjorli stasjon. Vi budde i andre etasje over butikken. Les mer …
|