Lesja kyrkje er hovudkyrkje i Lesja prestegjeld og ligg på ein haug sentralt i bygda. Kyrkja vart bygd på denne staden i åra 1748-49 og vigsla 20. juni 1750. Ho fekk da namnet Betel. Den eldre hovudkyrkja var truleg ei stavkyrkje som låg nokre hundre meter nedafor nåverande kyrkjetomt, ned mot Lesjavatnet. Kyrkje er soknekyrkja for Lesja sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Lesje prestegjeld.
Det kan ha vore ein førkristen kultstad i området her, for Prestgarden ligg like nedafor den noverande kyrkja og like nord (vest) for den gamle kyrkjestaden.
Byggmeister for den nye kyrkja var Ola Fredriksson frå Nistugu Sør-Hole i Lesja (ca 1711-1769), og ho vart dekorert av den landskjende treskjeraren Jakob Bersveinsson Klukkstad opphavleg frå Lom. Han kom til Lesja for å skjere preikestol kring 1742, og er rekna som den som skapte den nye akantusskurden i Gudbrandsdalen. Prekestolen var han ferdig med i 1745. Betalinga var 40 riksdalar. Samstundes starta bygginga av den nye kyrkja, og Jakob fekk oppdraget med å skjere altartavla. Den var han neppe ferdig med før nokre år etter kyrkja var vigsla – han fekk i alle fall ikkje betalinga, 35 dalar, før i 1766. Jakob skar også korskiljedekorasjonane i kyrkja. Les mer …
Dette er ei liste over hendingar i Lesja ordna kronologisk. Kjelder for prestar og ordførarar er Bygdebok for Lesja bd. 3 og Skotte / Einbu 1949 (sjå Bibliografi:Lesja kommune). Hendingar knytte til enkeltgardar er henta frå bygdeboka viss ikkje anna kjelde er gjeve opp.
Før 1500
1500- og 1600-talet
Les mer …
Christen Henriksen Pram (fødd 4. september 1756 i Lesja, død 28. november 1821 på Saint Thomas, Virgin Islands) var ein særs produktiv faglitterær og skjønnlitterær forfattar. Foreldra var Henrik Frederik Christensen Pram (1726-1800) og Olava Marie Nielsdtr. Stockfleth (1738-?), begge med sterke nettverk i Gudbrandsdalen. Henrik var kapellan i Lesja frå 1751 til han fekk eit sokneprestkall på Slagslunde og Gandløse på Sjælland i 1765 og flytte dit med familien.
Christen var altså berre åtte år da han flytta frå Lesja og Noreg, men foreldra heldt kontakt med nordmenn og Christen vart m.a. kjent med Edvard Storm som voks opp i nabobygda Vågå. Christen rekna seg derfor heile livet for å vere nordmann, og særleg gudbrandsdøl. I 1772 reiste han til København for å studere, men han spesialiserte seg ikkje i eitt fag. Han leste klassiske litteratur og lærte språk, statistikk og økonomi, og var eit ivrig medlem av Det Norske Selskab. I 1781 fekk han stilling i Kommersekollegiet, som justisråd frå 1802 og etatsråd frå 1812. Les mer …
Johannes Skar, som dreiv den fyrste friskulen i Gausdal. Foto: 1864 (Frå Maal og Minne 1914)
Friskulane i Gausdal var private barneskular drivne i folkehøgskulens ånd, jf. utdjupande artikkel om friskulane. Det var tre slike i Gausdal. Den fyrste var driven av Johannes Skar i dei to skuleåra 1871-1873. Den andre var Olav Åsmundstad sin skule som heldt på frå 1873 til 1891 med eit par avbrot. Det var direkte kontinuitet mellom Skars og Åsmundstads skular. Til desse kom den friskulen som Ivar Blekastad dreiv i tjueårsbolken 1875-1895. Alle dei tre lærararane hadde gått på folkehøgskulen til Christopher Bruun i Sel, og friskulane vart drivne etter prinsipp sterkt påverka av grundtvigianismen og Bruuns idear. Det var dessutan eit tett hopehav mellom dei tre friskulelærarane og Bruuns folkehøgskule i same bygda. Les mer …
Kornmagasinet i 2009. Foto: Arnfinn Kjelland Lesja bygdatun er eit friluftsmuseum på Lesja. Det ligg i Lesja sentrum like ved Lesja kyrkje.Arbeidet med å få til eit bygdetun i Lesja tok til på vårparten i 1957. Da skulle Lesja kommune selje Hauje, der det hadde vore gamleheim. Ola Skotte og Per R. Einbu skreiv da til heradsstyret og bad om at tre hus: kornmagasinet, ei tørkestugu og ei bekkjekvern vart teke unna salet og brukt som start på eit bygdatun. Les mer …
|