Forside:Dovre kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres
LesjaDovreSkjåkLomVågåSelNord-FronSør-FronRingebuØyerLillehammerGausdal

Om Dovre kommune
0511 Dovre komm.png
Dovre kommune er ein kommune i Oppland. Han grensar mot Oppdal i nord, Folldal i aust, Sel og Vågå i sør og Lesja i vest. Kommunen vart oppretta ved deling av Lesja herad i 1862. Administrasjonssenteret er tettstaden Dovre, og andre befolkningssentra er Dombås og Hjerkinn. Tradisjonelt er det ein landbrukskommune, men i nyare tid har industri og turistnæring også blitt viktige næringsveger.

Dovre er ein fjellkommune, som omfattar Snøhetta og den nordlege delen av Rondane. Dei tre nasjonalparkane Dovrefjell-Sunndalsfjella, Rondane og Dovre omfattar områder i Dovre kommune.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Fenrik Hofseths skisse over kampavsnittet Lesja - Dombås 1940.
Foto: Arnfinn Kjelland

Dovre og Lesja krigsminnesamling (DLKMS) vart starta i 1995 som stifting «etablert på Dovre krigsminneforenings samlinger»[1].

Om samlinga

Ved etableringa hadde foreninga om lag 70 medlemer. Da hadde medlemene i mange år samla gjenstandar og dokumentasjon knytt til andre verdskrigen.   Les mer …

Minneutstilling om Engen på Oppland fylkesbibliotek, Gjøvik. Vi ser nokre av bøkene han skreiv.
Foto: Trond Nygård (2014)
Arnfinn Engen (fødd 12. november 1944Dombås i Dovre, død 14. juni 2014Lillehammer) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om Gudbrandsdalen. Engen var den fyrste fylkeskonservatoren i Oppland, og i 2013 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sølv.Arnfinn Engen tok eksamen ved Gudbrandsdal Gymnas i 1965 og studerte sosiologi og nordisk før han tok historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1973 med hovudfagsoppgåva Oppbrot og omlegging. Utvandring og økonomisk utvikling i Dovre på 1800 -talet. Deretter var han amanuensis i historie ved Nordland distriktshøgskole, Bodø 1974-77, NAVF-stipendiat 1977-80, fylkeskonservator i Oppland 1981-97 (konstituert fylkeskultursjef 1993-94) og rådgjevar i kulturminnevern for NORAD til 2000. Seinare kombinerte han forfattarskap, prosjektarbeid for Oppland fylkeskommune og konsulentarbeid innan feltet.   Les mer …

Lærer, klokker og legpredikant Johannes Jørgensen
Foto: Ukjent
Johannes Jørgensen (født 22. desember 1850Dombås (eller Lesja), død 20. oktober 1892 i Kristiania) ble lærer i Sørøysund, klokker og lærer i Trondheim og Kristiania, og ble grepet av ideen om totalt avhold fra alkohol i tillegg til at han hadde et meget nært forhold til Kristus og religionen, som gjorde ham til legpredikant. Han ble den femte i rekken av formenn i det som den gang het Trondhjems fylke af D.N.T. i februar 1885. Seinere kom han under innflytelse av nyevangelisme og ble en vel aktet medarbeider i spredningen av Guds ord. Men dette skapte og store problemer for ham, vis a vis Johan Storjohann.   Les mer …

Dovre folkehøgskule på Romundgard i Sel skuleåret 1919-1920. Andreas Austlid i andre rekkja nr. fem frå venstre. På venstre side av han Ingeborg Møller (Lindholm). Thorleif Schirmer bakarst i døropninga (med skjegg).
Foto: Ukjent
Dovre folkehøgskule var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande grundtvigiansk folkehøgskule i Gausdal 1913-1915. Etter tida på Dovre vart det eit framhald i Sel 1918-1922. Den sistnemnde blir også gjerne omtala under nemninga Dovre folkehøgskule.Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande antroposofiske rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved Andreas Austlid. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien.   Les mer …

Lars Moen på veg heim att frå Sachsenhausen 1945.
Foto: Ukjent
Lars Magnus Moen (fødd i Lesja 29. november 1885, død på Lillehammer fylkessjukehus 22. april 1964) var skreddar og politikar. Han var «husmannsguten som kom til kongens bord» idet han vart kyrkje- og undervisningsminister under statsministrane Einar Gerhardsen og Oscar Torp, i åra frå 1948 til 1953. Som stortingsmann og statsråd gjorde Moen mykje for å betre skulestellet i landet. Mellom anna gjorde han fyrste opptakten til den niårige grunnskulen. I hans statsrådstid vart ei rad viktige kulturinstitusjonar grunnlagde som gjorde mykje til å demokratisere tilgangen til kulturtilbod, geografisk og sosialt. Han skreiv nynorsk, og hadde på lang sikt eit ønske om språkleg samling i landet. Under krigen vart han arrestert for motstand mot regimet, og sat tre og eit halvt år i konsentrasjonsleir.Lars Moen var fødd på plassen Rånålykkja på Lesjaskogen. Det var husmannsplass under Sygard Rånå. Foreldra hadde teke til der året før Lars vart fødd.   Les mer …

A/S Eidefoss vart stifta på Victoria hotellLillehammer 5. mai 1916 under namnet Eidefos Kraftanlæg Aktieselskap. Hovedaksjonær var Eystein Søberg frå Lillehammer, som teikna 40 av dei 160 aksjane i selskapet. Han hadde kjøpt fallrettane i Eidefossen i Ottavassdraget og skulle òg vere disponent. Første del av utbygginga skulle omfatte eit aggregat på 600 hk med liner til Vågåmo og Otta og skulle koste kr 240.000. Men det vart mykje dyrare på grunn av verdskrigen og den sterke prisauken, så alt i februar 1917 var overslaget kome opp i kr 650.000 og den endelege kostnaden vart 1,3 mill. kr. Da var selskapet konkurs. Men anlegget kom i stand, og alt 20. desember 1917 starta kraftleveringane. Etter ein komplisert bubehandling overtok Vågå kommune og firmaet Østlandske Stenexport buet i 1919 med ein halvpart kvar og innløysingsrett for Vågå kommune til aksjane til Østlandske.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Dovre kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Dovre kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar
  1. Brosjyre, udatert.