Nedgangen til sjakta ved Skinnargruva.
Skinnargruva ligg i Gruvlie (sjå kart der) og var ei av jerngruvene til Lesja jernverk Ho ligg øvst av gruvene i sjølve lia (når vi ser bort frå Fjellgruvene), på høgd med Langstudulgruva og ca 400 m aust for Gruvlisetre. Namnet på denne gruva er litt uskjønleg, for dei kjende tydingane av skinnar ser ikkje ut til å ha noko med gruvedrift å gjere.
Skinnargruva består av ei 20-25 meter lang dagstrosse som går over i ei skråsjakt i austenden. Strossa er knapt 2 meter brei på det smalaste, og ca 3 meter der sjakta går ned. Sjølve sjakta er 1,3-2 meter høg, og sommars tid er det tørt ca. 10 meter innover. Nedafor er sjakta fylt av vatn.
I dagstrossa er det fleire merker etter boring. Slike merke tyder på at det har vore nytta krutspregning for å bryte ut berget. Arbeidarane laut bore hol for hand til krutladinga, og merke etter slik boring kan i visse tilfelle nyttast til datering. Borhola ein kan sjå ved Skinnargruva har skjær som er typiske for 1700-talet, men storleik tilsvarande det som var vanleg på 1800-talet. Etter som drifta ved jernverket sannsynlegvis var slutt før 1800, kan det derfor ha vore nytta ein lokal type bor med mindre diameter enn det som er kjend frå andre gruver. Det skal likevel ha vore ei prøvedrift i nokre av gruvene i 1907, og merka kan vere frå den. Les mer …
Lesjaskog kyrkje (før 1855 Lesjaverk kyrkje) vart bygd ved Lesja jernverk i åra 1695 til 1697 av eigarane av verket. Utgiftene til bygginga vart rekna til ca 600 riksdalar, og ho var derfor å rekne som ei «bedriftskyrkje».
Det er uklart når Lesjaskog sokn eigentleg vart oppretta som anneks under Lesja prestegjeld. Verkseigaren Pål Holst Irgens stod for ombygging av kyrkja i 1767.
Etter at drifta ved jernverket vart avvikla i åra kring 1800 kom spørsmålet om plasseringa av kyrkja opp, for verket låg i eine enden av det lange soknet, og hovudtyngda av folket både lenger vestover ved Lesjaskogsvatnet og Bjorlie. Alt i 1826 vart det søkt om å få flytte kyrkja, men det vart avslag. I 1845 kom saka opp att, og i 1848 fekk bygdefolket ved kongeleg resolusjon løyve til å flytte ho. Flyttinga vart utført i 1855 og den gamle kyrkja vart innvigd som Lesjaskog kyrkje på grunn frå Øverlie ved Mølmen 20. september det året. Les mer …
Sjølvportrett i Lesja kyrkje Foto: Tor Nørstegård
Ragnvald Einbu (fødd 10. januar 1870 på Nordi Lie på Lesjaskogen, død 4. juli 1943 i heimen sin, Skogly under Sili på Lesja) var treskjerar og målar. Einbu er mellom anna kjent for å ha dekorert kyrkjeinteriør fleire stader i Noreg og for ei lang rad dekorasjonsoppgåver i offentlege bygg og private heimar. Han var ein yngre bror av astronomen Sigurd Einbu.
Foreldra Marit Syversdtr. og Peder Johanness. flytta til farsgarden Ni Einbu i 1875 og til Sili i 1890. I 1887 reiste Ragnvald til Trondheim og begynte i lære hos målarmeister Peter Theodor Holst Grubbe, der han var i tre år og fekk grunnleggjande opplæring i farge- og målingslære og målingsteknikkar. Nokre år seinare begynte han med treskjering, og i 1895 sendte han fleire figurar til Husflidsforeningen i Kristiania. Desse vakte åtgaum, og året etter fekk Einbu friplass ved Statens håndverks- og kunstindustriskole.
Einbu begynte truleg å skjere ut og dekorere skap og måle bilete på oppdrag kort tid etter han fullførte skuleåret i Kristiania. Nokre år etter 1900 fekk han truleg sitt første oppdrag med å dekorere kyrkjeinteriør, i Lesja kyrkje. Etter kvart kom han i kontakt med Anders Sandvig på Maihaugen, og han arbeidde i alle fall med dekorasjonane i samband med restaureringa av Isumkapellet frå Sør-Fron Les mer …
Jakob Bersveinsson Klukkstad (død 1773) er rekna for å vera den «fremste tå døm, som … gjorde døla-uthogsten (akantusskurden) så namnkunnog», iflg. Ivar Kleiven. Jakob var frå Lom og kom til Lesja kring 1742 for å lage ny preikestol til Lesja kyrkje. Han flytte til bygda og var busett på Nordistugu Klukkstad i Lesja i alle fall frå 1746 til han døydde i 1773.
Lesjingane bygde så ny kyrkje (ferdig 1749), og Jacob fekk oppdraget med å dekorere altartavla. Ho er rekna som meisterverket hans og var kanskje ikkje ferdig før i 1760-åra (sjå bilde nedafor). Han laga òg tre andre altartavler: til Skjåkkyrkja i 1751, Heidalskyrkja i 1754 og Kors kyrkje i Romsdalen. Les mer …
Det var hausten 1987 eg deltok på reinsjakt i Lesjafjella første gongen. Eg hadde flytta til bygda fem år før som tilsett bygdebokforfattar. Eg hugsar at første året eg budde i den bygda stussa eg over kvar det vart av mange av karane når vi kom inn mot 20. august, og at det var vanskeleg å avvikle møte frå den datoen og tre vekers tid utover.
Men det fekk eg raskt kunnskap om: reinsjakta! Eg har mange gonger seinare tenkt på kor mykje som ligg i mor Åses utsegn til Peer om å renne til fjells månadsvis i travle onna – det var nok ikkje noko gamle Ibsen tok ut av fantasien, nei. Les mer …
|