Forside:Sel kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Sel kommune
0517 Sel komm.png
Sel kommune ligg i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke, og grensar mot Dovre og Folldal i nord, Sør-Fron i nordaust, Nord-Fron i aust og sør og Vågå i vest. Den noverande Sel kommune vart danna i 1965, då Sel, Heidal og delar av Vågå og Nord-Fron kommuner vart slegne saman.

Administrasjonssenter er Otta, den største tettstaden. Andre tettstadar er Nord-Sel, Sandbumoen, Dale og Bjølstad.

Sel er ein land- og skogbrukskommune. Det er òg steinindustri som sysselsett omkring ein fjerdedel av dei yrkesaktive. Dette er ei gammal næring i Sel. Dovrebana (med stasjon på Otta) og E6 går gjennom kommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Christi Brandser
Foto: Ukjent/Skjåk historielag.
Christi Brandser (fødd 1861 i Skjåk, død 1931 i Heidal i nåverande Sel kommune) var lærar og gardbrukar. Han var også ein ivrig amatørfotograf, og dessutan kjend som oppfinnar. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader mistydd som Kristen.Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Brandsar i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Kristen Hansen på Brandsar (1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Sygard Kvåle (1827-1907).   Les mer …

Ingeborg Møller ca. 1930-1935.
Foto: Ukjent.
Ingeborg Møller (fødd 29. desember 1878 i Oslo (Kristiania), død i Oslo 18. februar 1964) var forfattar, lærar, samfunns- og kulturdebattant. I tidsrommet frå 1904 til ca. 1920 brukte ho ektemannens etternamn Lindholm. Møller var ein av grunnleggjarane av den antroposofiske rørsla i Noreg på det tidlege 1900-talet. Ho verka mykje til at delar av norskdomsrørsla, spesielt det grundtvigianske miljøet i Gudbrandsdalen, vart influert av denne åndsretninga. Mellom anna arbeidde ho saman med lyrikaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad ved Dovre folkehøgskule. Møller gav ut ca. 15 bøker i tidsrommet 1923-1958, av desse ei rekkje historiske romanar, biografiske framstillingar og andre sjangrar.   Les mer …

Christopher Bruun som frivillig i den danske hæren 1864.
Foto: Ukjent

Christopher Arnt Bruun (fødd i Christiania 23. september 1839, død i Gausdal 17. juli 1920) var folkehøgskulepioner, prest, samfunnsdebattant og venstrepolitikar. Han har øvd sterk innverknad på den venstrenasjonalistiske rørsla i Noreg, slik det har ytra seg fyrst og fremst gjennom den grundtvigianske folkehøgskulen, den frilynte ungdomsrørsla og i partiet Venstre. Både hans gammaltestamentleg inspirerte teologi og hans sterke engasjement for forsvarssaka vart viktig som inspirasjon for ei viss mannlegdomsdyrkande og folkevæpningsorientert militarisme frå 1880-åra av.

Bruuns bok Folkelige Grundtanker (1878) vart eit ideologisk manifest for desse straumdraga i norsk kultur- og samfunnsliv, og har verka mykje til å forme utbreidde forestillingar om kva det vil seie å vere norsk, og dessutan om kva som i sitt vesen utgjer skilnaden på dei to kjønna. I skuleverksemda si følgde Bruun Grundtvigs og den danske folkehøgskulens pedagogiske idear. Som teolog og prest heldt han klår avstand til både grundtvigianismen på den eine sida og til pietismen og den johnsonske vekkjinga på den andre sida. Som politikar kom Bruun i opposisjon til den radikale, republikanske delen av Venstre. I 1905 stod han stridt og temmeleg aleine i sitt standpunkt mot unionsoppløysinga.

Christopher Bruuns vegLillehammer og Christopher Bruuns gateHamar er oppkalla etter han. Bruun er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med ei bronsebyste av han.   Les mer …

Andreas Austlid.
Foto: Ukjent
Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 27. august 1926Østre Toten) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han dreiv friskule i Lom, var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv Møre folkehøgskule. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk. Han var fødd på garden Austli i Østre Gausdal, ein mellomstor gard med tre-fire husmannsplassar den tida Andreas voks opp. Andreas var nesteldste son til husbondsfolket der, Anders Eirikson frå Midtvoll (1812-1889) og Ingeborg Andersdotter frå Toft (fødd 1824). Foreldra hadde kjøpt Austli i 1849. Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Andreas i to vintrar på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel (1869-1871). Han var også med den fyrste vinteren etter at skulen vart flytta til heimbygda hans (1871-1872). Tida på folkehøgskulen vart skilsetjande for Andreas, og la retninga for hans seinare virke.   Les mer …

Ivar Dahle.
Foto: Ukjent.

Ivar Dahle (fødd 16. mai 1877 i Gulen, Sogn, død i Heidal i nåverande Sel kommune 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som arbeidardemokrat, sidan som kommunist og arbeidarpartimann. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i Norddals-bygdene i mellomkrigstida.

Han gjekk i bresjen for ei rekkje store tiltak i Heidal, som bureising, vegbygging, skuleutbygging og anna. På regional basis markerte han seg særleg i samferdselspolitikken, som talsmann for kommunal rutebildrift. Han var målmann og gjorde mykje for å få til språkskiftet til nynorsk i kommunen.

Han var ein særs omtykt og på same tid sterkt omstridd ordførar i ei vanskeleg tid for bygda. Dahle vart til slutt pressa ut av politikken som følgje av kvasse fraksjonsstridar i den lokale arbeidarrørsla rett før krigen. Under krigen vart han fråteken heim og arbeid, og han vart fengsla av Gestapo.   Les mer …

Joachim Irgens' våpenskjold.
Joachim Irgens (eller Jochum) var fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein og døydde i 1675. Far hans var Heinrich Jürgens. Joachim var altså kjøpmannssonen som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros Kobberverk.Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sel kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar