Andreas Austlid. Foto: Ukjent Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 27. august 1926 på Østre Toten) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han dreiv friskule i Lom, var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv Møre folkehøgskule. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk. Han var fødd på garden Austli i Østre Gausdal, ein mellomstor gard med tre-fire husmannsplassar den tida Andreas voks opp. Andreas var nesteldste son til husbondsfolket der, Anders Eirikson frå Midtvoll (1812-1889) og Ingeborg Andersdotter frå Toft (fødd 1824). Foreldra hadde kjøpt Austli i 1849. Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Andreas i to vintrar på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel (1869-1871). Han var også med den fyrste vinteren etter at skulen vart flytta til heimbygda hans (1871-1872). Tida på folkehøgskulen vart skilsetjande for Andreas, og la retninga for hans seinare virke. Les mer …
Christopher Bruun som frivillig i den danske hæren 1864. Foto: Ukjent
Christopher Arnt Bruun (fødd i Christiania 23. september 1839, død i Gausdal 17. juli 1920) var folkehøgskulepioner, prest, samfunnsdebattant og venstrepolitikar. Han har øvd sterk innverknad på den venstrenasjonalistiske rørsla i Noreg, slik det har ytra seg fyrst og fremst gjennom den grundtvigianske folkehøgskulen, den frilynte ungdomsrørsla og i partiet Venstre. Både hans gammaltestamentleg inspirerte teologi og hans sterke engasjement for forsvarssaka vart viktig som inspirasjon for ei viss mannlegdomsdyrkande og folkevæpningsorientert militarisme frå 1880-åra av.
Bruuns bok Folkelige Grundtanker (1878) vart eit ideologisk manifest for desse straumdraga i norsk kultur- og samfunnsliv, og har verka mykje til å forme utbreidde forestillingar om kva det vil seie å vere norsk, og dessutan om kva som i sitt vesen utgjer skilnaden på dei to kjønna. I skuleverksemda si følgde Bruun Grundtvigs og den danske folkehøgskulens pedagogiske idear.
Som teolog og prest heldt han klår avstand til både grundtvigianismen på den eine sida og til pietismen og den johnsonske vekkjinga på den andre sida. Som politikar kom Bruun i opposisjon til den radikale, republikanske delen av Venstre. I 1905 stod han stridt og temmeleg aleine i sitt standpunkt mot unionsoppløysinga.
Christopher Bruuns veg på Lillehammer og Christopher Bruuns gate på Hamar er oppkalla etter han. Bruun er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med ei bronsebyste av han. Les mer …
Ivar Blekastad Foto: Ukjent Ivar Blekastad (fødd i Sel 4. oktober 1850, død i Gausdal 20. januar 1936) var friskolelærar, bonde og handelsmann. Han vaks opp i Sel, men budde i Gausdal frå 1875 til sin død. Han blir rekna som ein av pionerane innan den frilynde ungdomslagsrørsla, og arbeidde ivrig for målsaka og fråhaldssaka. Hjå han og i hans famile møttest på ein karakteristisk måte kulturelle og politiske straumdrag frå haugianismen, bondepolitikken, den frilynte rørsla, folkehøgskoleideologien og generell venstrenasjonalisme frå 1800- og det tidlege 1900-talet. Blekastad var fødd og oppvaksen på garden Blekastad rett ved den seinare stasjonsbyen Otta, på austsida av Lågen, i nåverande Sel kommune. Foreldra var gardbrukarparet Ivar Olsen frå Nigard Bu og Guro Syversdotter Hyrve frå Skjåk. Dei hadde kjøpt Blekastad i 1840.Ivar Blekastads næraste familie og slektskrinsen oppover, nedover og til sides, kan seiast å ha danna eit mangemaska kulturelt og politisk nettverk. Det inkluderer haugiansk kulturarv, patriotisk liberalisme og bondeopposisjon tidleg på 1800-talet, grundtvigianisme, norskdom og venstrepolitikk i andre halvparten av 1800-talet og fyrst på 1900-talet. Les mer …
Erling Bjørnson. Foto: Ukjent fotograf, faksimile fra Stortinget og statsrådet 1915-1945.
Erling Bjørnson (født 19. april 1868 i København, død 7. desember 1959 i Gausdal) var bonde og politiker. Han representerte fra 1934 til 1940 Bondepartiet på Stortinget, men under krigen ble han et aktivt NS-medlem.
Erling og hesten "Kongen" Foto: Nasjonalbiblioteket Bjørnson var yngste sønn av dikteren Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910) og Karoline Bjørnson (1835-1934). Han vokste opp i Gausdal, hvor faren i 1874 hadde kjøpt garden Aulestad. I 1887/1888 tok Bjørnson jordbruksutdanning ved Jønsberg landbruksskole i Romedal, og to år seinere tok han over gardsdrifta på Aulestad. I si brukstid forbedra han garden kraftig, bygde nye hus og fordobla det dyrka arealet. Les mer …
|