Landgård hotell med Høydalsmo sentrum i bakgrunnen.
Landgård hotell låg i Høydalsmo i Tokke kommune. Hotellet var i drift frå ca. 1920-1972. Alt i 1891 kjøpte Halvor O. Landsverk frå Kviteseid tomta som var utskild frå Nigard Ofte og tok til å byggje her. På 1890-talet blei det lagt fram forskjellige forslag for kvar Bergensbanen skulle leggjast, og eitt av forslaga var å leggje han gjennom Høydalsmo. Om dette var årsaka til at Halvor satte opp bygningen er usikkert, men det er ingen tvil om at den store bygningen vakte oppsikt i samtida. Då ein grosserar Ulrichsen frå Skien farta gjennom bygda då bygningen blei reist i 1890-åra, skal han ha bemerka; «Det var da svært til lang gård!». Dermed blei staden kalla «Langaard». Då sonen til Conrad Langaard, sjefen for Langaards Tobakksfabrikk, ei gong i slutten av 1920-åra kom køyrande forbi og såg skiltet med "Hotel Langaard" hengande på veggen, tok han tak i ein sakførar. Hotelleigar Halvor J. Ofte fekk brev frå ein advokat om at namnet på hotellet måtte endrast. Halvor sette inn ein «d» i namnet, og sidan heitte hotellet «Landgård». Les mer …
Foto: Siri Johannessen (2016)
Telemarkskanalen er en vannvei mellom Skien og Dalen i Telemark. Den ble anlagt i to etapper, først fra Skien til Norsjø, og denne åpnet 1. mai 1861, mens strekningen fra Norsjø til Bandak ble anlagt mellom 1887 og 1892. Det er det største kanalanlegget i Norge, med en lengde på 105 km. Av dette er 22 km utbygd som kanal, mens resten er naturlige elver og innsjøer. Åtte sluser med tilsammen 18 kamre løfter båtene 72 meter i løpet av strekningen. Kanalanleggene eies av fylkeskommunen. Trafikken på kanalen er nå knytta til turisme, enten med en av de tre turistbåtene M/S «Victoria» (1882), M/S «Henrik Ibsen» (1907) eller M/S «Telemarken» (1951), eller med småbåter. Les mer …
Rjukanbanen i Tinn kommune åpnet 9. august 1909 og var en énsporet og normalsporet elektrifisert jernbane som var 15,95 km lang og gikk mellom Mæl ved Tinnsjø og Rjukan. Den hadde også et 5,2 km langt sidespor fra Rjukan til Vemork kraftverk (Vemorksporet). Persontrafikken på banen opphørte 31. mai 1970, og stasjonene og stoppestedene mellom Rjukan og Mæl ble lagt ned. Godstransporten ble lagt ned i 1991. Fra åpningen til nedleggelsen ble det transportert rundt 30 millioner tonn gods på banen, og den årlige transporten utgjorde om lag 1/6 av den nasjonale transporten, om Ofotbanen holdes utenfor. Les mer …
Forsida til første nummer av Maana, som kom ut 11. august 1917. Foto: Nasjonalbiblioteket, Oslo
Maana var et ukeblad som ble utgitt på Rjukan, Tinn kommune. Bladet ble utgitt i to perioder, først fra 1917 til 1919, og senere fra 1921 til 1922. Redaktør og hovedbidragsyter var i begge perioder Ludvig B. Aas, som sympatiserte med den syndikalistiske retning innenfor arbeiderbevegelsen. Den syndikalistiske ideologien satte sitt preg på avisa gjennom alle år den ble utgitt, men kanskje særlig i den siste utgivelsesperioden, da ukebladet også offisielt var et organ for den syndikalistiske grupperinga på Rjukan, Rjukan lokale Samorganisasjon. Samtidig var redaktør Aas en mann med brede interesser, som i kombinasjon med en lett, satirisk og underholdende forfatterstil, gjorde at bladet fikk en levende form og stor innholdsmessig bredde. Men den syndikalistiske retningen svant tidlig hen på Rjukan, og allerede høsten 1922 ble avisa lagt ned. Aas utvandret så til Brasil våren 1923, men døde der etter kort tid, 49 år gammel. Les mer …
Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870).
Aasmund Olavsson Vinje (født 6. april 1818 i Vinje, død 30. juli 1870 i Gran) var forfattar, diktar og bladmann. For mange er han mest kjent for det han skreiv om norsk natur, særleg om fjellheimen. Dikt som «Blaamann» og «Ved Rundarne» («No ser eg atter slike fjell og dalar») er kjent av eit stort publikum også i dag. Han var også ein samfunnsrefsar og målmann med sterke meiningar, og ein pioner i journalistfaget. Aasmund Olavsson måtte tidleg byrja å arbeide på garden. Gjetarlivet skulle gje mykje stoff til seinare skriving, og han meinte at røynsle frå arbeid- og friluftsliv var vel så viktige som skulegang. Etter konfirmasjonen i 1834 meinte både presten og faren at han burde verta lærar, og han vart send til Kviteseid Seminar. Etter to vintrar der tok han eksamen i 1836, og fekk beste karakter. Han var omgangsskulelærar i to grender i Vinje i åra 1836–1841. Så drog han av stad for å få meir utdanning på Asker Seminar, der han tok eksamen sommaren 1843. Les mer …
Anton Kristensen Ødegaard Anton Kristensen Ødegaard ( 1856 - 1928) grunnla i 1899 Indre Smaalenenes Avis. Han verka også som pastor i metodistkyrkja ei rekkje stader i landet.
A. K. Ødegaard vart fødd i Trøgstad i indre Østfold. Faren Kristen Andersen, som var fødd 1810 i Trøgstad og død 1887, var gift med Anne Fransdatter frå Askim, fødd 1822, død 1881. Kristen var sjølveigande bonde. På garden var det ni stort kveg, fire får, og det vart dyrka kveite, rug, bygg, mykje havre, erter og poteter. Det var ein «Tjenestekarl» og ei «Tjenestepige» på garden i 1865.I 1870-åra vart Anton omvend til metodismen. Han fortalde seinare at han ønskte å bli lege, men faren meinte det var ikkje råd. «Du får vera heime og arbeida med jorda, du som meg», sa faren. Og slik vart det inntil Anton var omlag 30 år gammal. Då reiste han ut som forkynnar, og på sin veg land og strand rundt grunnla han også fleire mindre verksemder. Les mer …
|