Stamstadgardane (Sygard og Nordgard) i Lom ca. 1880-1890. Tunet på Nordgard lengst borte. Der var mannen til Rønnaug fødd og oppvaksen, og ekteparet budde der iallfall periodevis. Kor lenge dei levde, og kvar dei døydde, er ikkje bringa på det reine. Foto: Axel Lindahl/Galleri NOR, Nasjonalbibliotekets biletsamling.
Rønnaug Jonsdotter Frisvoll (Andvord) (fødd i Lom 1812, død 16. mars 1900 på Østre Toten) var jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på Systugu Frisvoll i Garmo sokn, der foreldra var gardbrukarar. Foreldra var Jon Pålsson Frisvoll (1781-1853) og Rønnaug Ivarsdotter frå Sygard Aukrust (1790-1869). Rønnaug var nummer to i ein syskenflokk på fem.
Rønnaug vart tilsett som jordmor i Lom i 1849. Til da hadde det vore berre ei «eksaminert» jordmor i heile det store Lom prestegjeld og herad (nåverande Lom og Skjåk kommunar). Det var Magnhild Sperstad, som budde i Skjåk. Rønnaug skulle ha 20 spesidalar årleg i jordmorstillinga.
Rønnaug Frisvoll gifta seg i godt vaksen alder i 1859. Brudgommen var 18 år yngre. Det var Tosten Pålsson Andvord (fødd 1830), son av lensmann i Lom Pål Tostensson Andvord (1795-1863) og kona Torø Sevaldsdotter frå garden Kjæstad, som også ligg i Lom (1806-1896). Pål og Torø Andvord åtte og dreiv garden Nordgard Stamstad, der Tosten hadde vakse opp. Han var odelsgut, og hadde overteke farsgarden i 1850, men dreiv han berre eit års tid da han selde den att. I åra 1859-1863 var Nordgard Stamstad ått og driven av yngste bror til Tosten, Richard Andvord, som rett etter dette vart handelsborgar i Christiania og grunnla det kjende papirfirmaet med hans namn. Les mer …
Doro Heyerdahl på skitur i Skjåk på 1930-talet. (Utsnitt). Foto: Ukjent. Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.
Les mer …
Bauta til minne om St. Olav
Lars P. Thorkveen (fødd 20. februar 1856 på småbruket Torekvei i Lom, død 1923 i St. James, Minnesota) var med og stifta Lom Samlag, eitt av dei aller første ungdomslaga i Gudbrandsdalen i 1870-åra, og i 1876-77 gjekk han Gudbrandsdalens Amtsskole. Bygdefolket såg at han var «meir enn vanleg evnerik»; han stod mellom anna først på kyrkjegolvet da han vart konfirmert. Som ungdom heldt han ein gravtale over ein gamal fattig granne; denne talen hugsa folk som var til stades så lenge dei levde. Thorkveen emigrerte til USA i 1880 og kom til West Prairie, Wisconsin. Der var han først lærar på ein norsk skule før han i åra 1883-1885 gjekk Luther College i Decorah, Iowa og 1885-87 Luther Seminary i Afton, Minnesota. Thorkveen var mellom dei som i 1909 stifta Gudbrandsdalslaget, og han var president i laget frå stiftingsåret til han døydde. I den funksjonen redigerte han årboka for laget og tok ei rekkje initiativ til å halde oppe kontakten med heimlandet: markeringa av 300-årsjubileet for trefninga i Kringen i 1612, grunnlovsjubileet i 1914 og særleg markeringa av 900-årsjubileet for kristninga av dalen ved helgenkongen, Olav Haraldsson, i 1921 da dei gav ein bauta som vart oppsett ved Lom stavkyrkje. Les mer …
Live Moen ca. 1910. Fotograf ukjent. Live Moen (fødd i Lom 13. oktober 1879, død i Skjåk 1968) var arbeidar og småbrukar. Før ho gifta seg, brukte ho etternamnet Grindstuen etter ein plass under Lyngve i Vårdalen ( Garmo sokn), der familien budde ei tid medan Live var barn. Ho flytta til Skjåk da ho gifta seg, og vart buande der livet ut. Live Moen var ei av seks kvinner som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928. Les mer …
Anne Eggen (fødd i Lom 28. desember 1852, død på Sannerud i Stange i 1917) var ein pioner i kvinnesak og politikk i Lom. Ho var truleg den fyrste kvinna i landet som var leiar i eit politisk partilag, da ho i 1894 vart vald til «formand» i Loms Venstreforening. Det var sju år før kvinner fekk avgrensa røysterett ved kommuneval, og nær 20 år før kvinner fekk full statsborgarleg røysterett på linje med menn (1913). Les mer …
Andreas Austlid. Foto: Ukjent Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 27. august 1926 på Østre Toten) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han dreiv friskule i Lom, var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv Møre folkehøgskule. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk. Han var fødd på garden Austli i Østre Gausdal, ein mellomstor gard med tre-fire husmannsplassar den tida Andreas voks opp. Andreas var nesteldste son til husbondsfolket der, Anders Eirikson frå Midtvoll (1812-1889) og Ingeborg Andersdotter frå Toft (fødd 1824). Foreldra hadde kjøpt Austli i 1849. Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Andreas i to vintrar på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel (1869-1871). Han var også med den fyrste vinteren etter at skulen vart flytta til heimbygda hans (1871-1872). Tida på folkehøgskulen vart skilsetjande for Andreas, og la retninga for hans seinare virke. Les mer …
|