Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Wilhelm Kaarbø, far til Harstads grunnlegger Rikard Kaarbø, må regnes som en av pionerene under fremveksten av Harstad fra et ubetydelig sjøsted til handelssted og senere by.

Wilhelm Schjelderup Olsen Kaarbø (født 29. juni 1811 i Lesja kommune, død 5. april 1876 i Harstad) var gårdbruker, poståpner, dampskipsekspeditør og fiskeeksportør i Harstad. Han var gift med Martine Mikaline Simonsdatter Kildal, født 9. januar 1828, død 17. juni 1903. De hadde 10 barn, hvorav ett, Rikard Kaarbø, som med sine mange samfunnsprosjekter er regnet som Harstads grunnlegger. Dog bør det nevnes at den unge Rikard arvet en veldrevet gård og en betydelig forretningsvirksomhet etter faren.

Fire av Wilhelm Kaarbøs sønner ble også dampskipsekspeditører. Rikard Kaarbø i Harstad, Ole Kaarbø i Svolvær og Wilhelm Kaarbø i Kabelvåg. Den fjerde, Mikal Kaarbø, ble ekspeditør i Henningsvær. Han avløste sin onkel (bror av WK), Erik Olsøn Kaarbø, som hadde kommet til Henningsvær allerede ca 1850.

Wilhelm Kaarbø er gravlagt på Trondenes, mens Martine Mikaline er gravlagt på familiens gravsted på Kaarbøgården. Dette gravstedet ble opprettet etter Wilhelms død.   Les mer …

Nordmannssetre
Foto: Arnfinn Kjelland (2020)

Nordmannssetre er ei setergrend som ligg på sørsida av hovuddalen, noko sønnafor Lesjaverk stasjon. Det går fleire skogsvegar på bortsida, både frå Nordmo og Lesjaverk. Køyrevegen vart opprusta i 1954, og brua flytt 150 m nordover. Den gamle setervegen gjekk etter den gamle riksvegen til Valtuva, og tok ned der. Da Raumabanen vart bygd, gjekk han ned ved undergangen nordafor Sandan. Det gjekk elles ein veg eller stig på bortsida, Movegen. Han gjekk heilt frå Lordalsvegen til Rånå.

Det har vore fire setrar på Nordmannssetre. Etter setervegen slik han går i dag, kjem ein fyrst til selet til Bjørklund nedst på kvea. Rett oppafor selet ligg ein svært gammal, stor låve.   Les mer …

Kommunevåpen for Lesja
Dette er ei liste over hendingar i Lesja ordna kronologisk. Kjelder for prestar og ordførarar er Bygdebok for Lesja bd. 3 og Skotte / Einbu 1949 (sjå Bibliografi:Lesja kommune). Hendingar knytte til enkeltgardar er henta frå bygdeboka viss ikkje anna kjelde er gjeve opp.

Før 1500

1500- og 1600-talet

  Les mer …

Skuleborn frå Bøgrende på skitur til Reindøl fyrst i 1930-åra

Reindøl er ei setergrend som ligg i skoggrensa på nordsida av Dalsida i Lesja, tvert over for Myrin der setervegen kjem opp frå bygda. Den gamle setervegen gjekk over Myrin, ned lia, over elva og opp om lag der køyrevegen går nå. Bilvegen vart bygd sist i 1940-åra. Det er eigentleg to setergrender her, dei eldste setrane øvst, og så nokre nyare lenger nede mot dalbotnen (på Nere Reindøl).

Namnet Reindøl er todelt. Det er ikkje granska vitskapeleg, men fyrsteleddet tyder vel helst dyreslaget rein, slik det er tolka mange andre stader i landet. Dei mange utgamle fangstanlegga innover på Dovrefjell peiker i same lei. Sisteleddet døl, med tjukk l, tyder truleg «liten dal». Reindøl kan da vera eit eldre namn på Reinådalen.   Les mer …

Utsyn over Lesjaskog frå Mølmshaugen til Nørdre Høe 2004.

Tragedien på Lesjaskog seinhaustes 1957 er ei hending som gjorde eit djupt inntrykk på mange menneske. Dei to små barna til Sigrunn (1930-2010) og Syver Mølmshaug (1927-2010), Berit (akkurat fylt 5 år) og Hans Petter (knapt 3 år) forsvann frå heimgarden og vart ikkje attfunne før etter to veker.

Ungane gjekk frå Mølmshaugen i to-tida om ettermiddagen 22. november for å sjå til faren. Syver og ein arbeidskamerat dreiv med skogsarbeid om lag 400 meter frå garden, på sørsida av Rauma og til venstre over Haugabrua, som ikkje hadde rekkverk og som ungane måtte krysse. Det var ein ettermiddag med snø i lufta, og det blir som kjent tidleg mørkt på denne årstida.   Les mer …

Elva Rauma, Flatmark i Rauma kommune
Foto: Jac Brun/Nasjonalbiblioteket, 1956
Elva Rauma renner mot nordvest ned Romsdalen, fra Lesjaskogsvatnet i Innlandet fylke, til Romsdalsfjorden i Møre og Romsdal fylke. Elva er en del av Raumavassdraget som ble vernet i Verneplan IV for vassdrag i 1992. Rauma er 64 km lang og har flere tiløp, de største kommer fra vest og sørvest, blant annet elvene Grøna, Ulvåa, Verma og Istra. Elva ender i Romsdalsfjorden og danner grenssen mellom Åndalsnes og Veblungsnes. Nedbørfelt 1202 km2.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lesja kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar