Forside:Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Sygard Stamstad i Lom. Store delar av sitt vaksne liv budde Tosten Olsen i Øvergrenda på husmannsplassar under Stamstad og andre gardar i nærleiken. Nordgard Stamstad, som kan skimtast i bakgrunnen, var lensmannsgard 1823-ca. 1846. Nabogarden Synstad var lensmannsgard etter det, fram til 1884, så var Sygard Stamstad og deretter igjen Synstad bustad for lensmannen fram til 1891. Tosten var godt kjend i desse gardane. Han var fleire gonger arrestant der. I bakgrunnen: Lomsegga og Fossbergom bygdesentrum.
(2011)
Tosten Olsen Oppnåsen (fødd i Skjåk 11. april 1829, død i Lom 1918) var husmannsson og livnærde seg i vaksen alder som åkerbrytar, grøftegravar og med anna slags manuelt arbeid. Han fekk tidleg ord på seg for å vere ein rabagast og notorisk tjuvradd. Rettsprotokollane viser at ryktet ikkje var heilt ugrunna. Han vart også hugsa som ein god historieforteljar og skrønemakar. I likskap med ei rekkje samtidige representantar for bygdeproletariatet i Lom og Skjåk er Tosten udøyeleggjord som ein av aktørane i Olav Aukrusts dikt «Aksion på Tande», under oppnamnet Musken.   Les mer …

Øyberget der Anne og Syver budde 1806-1811.
Foto: Kristian Hosar
Anne Olsdotter Hyrve (Hørve, Hørven) (fødd 10. april 1783 i Skjåk, død same stad i 1837) var gardkone og haugianar. Mykje tyder på at ho, i lag med mannen Syver og nokre andre av dei haugianske kadrane i Skjåk, øvde sterk innverknad på bygdekulturen der i fyrste halvparten av 1800-talet. Kva meir er, etterkomarane til Anne og Syver, med sin haugianske ballast, skulle kome til å øve innverknad på politikk, samfunn og kultur langt utanfor Skjåk og Gudbrandsdalen seinare i århundret.Som det framgår av lista over borna til Anne og Syver, gifta tre av dei seg med kvar sine av ein syskenflokk frå garden (Nigard) Bu i Sel. Der var folket også haugianarar. Guro og mannen Iver Olsen Bu flytta til garden Blekastad, også i Sel. Dei vart foreldre til folkehøgskolemannen Ivar Blekastad og stortingsmannen Sigurd Blekastad (Venstre). Dette viser ein direkte familiesamanheng over tre-fire generasjonar mellom haugianismen i Gudbrandsdalen og den seinare norskdoms- og folkehøgskulerørsla i distriktet. Ein kan også trekkje inn den patriotiske liberalismen frå 1830-åra i denne samanhengen. Eldste sonen til Anne og Syver Hyrve, avisredaktøren Sylvester Sivertson, var sentral i krinsen rundt Wergeland i 1830-åra, og aktivist i den bondepolitiske framstøyten på den tida.   Les mer …

Hans B. Osnes med familie kring 1910.
Foto: Gustav Osnes
Hans Berntsen Osnes (fødd i Ulstein 19. juni 1872, død same stad 14. oktober 1958) var lærar, gardbrukar, forretningsdrivande og pressemann. Han var aktiv i norskdoms- og fråhaldsrørsla og i lokalpolitikken. I ei jubileumsomtale da han runda 85 år, vart han karakterisert som «ein av sentrumsfigurane i bondereisinga i Møre og Romsdal». Han var engasjert i Landmannsforbundet frå 1906 og i Bondepartiet da det vart stifta, og var ei tid redaktør for bondebladet Sunnmøre Tidend. Han var også ein tiltaksmann som sette i gang ei rekkje moderniseringstiltak i heimbygda. I ei omtale frå 1919 blir han av ein sambygding karakterisert slik: «Hans B. Osnes er ein evnerik og energisk mann - full av idear og handlekraft, og det stend javnt eit friskt ver av han.»   Les mer …

Guro Tråstad. Fotograf ukjent.

Guro Tråstad (fødd i Skjåk 28. februar 1891, død på Lom Helseheim 14. mai 1967) var organist og aktiv innan kulturvern og ungdomslagsarbeid. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928.

Foreldra var Jon Kristensen Tråstad (f. 1842) og ektefelle Rønnaug Iversdotter Kummen (fødd 1850). Dei var gardbrukarar på Nedre Tråstad i Reppen i Skjåk. I tillegg til folkeskulen i Skjåk og truleg framhaldsskule i Skjåk eller Lom, hadde Guro gått på Voss folkehøgskule hjå Lars Eskeland. Det var vinteren 1911-1912. Ho gjekk også ved Musikkonservatoriet i Kristiania.   Les mer …

Marit Sevaldsdt. Sperstad var ein av innskytarane i handelsforeininga frå 1896. Ho åtte fem aksjar. Aksjebrevet er oppbevart i Norddalsarkivet avd. Skjåk.
Nordbergs Handelsforening var eit samvirkelag i Nordberg sokn i Skjåk kommune. Det var i verksemd i tidsrommet ca. 1893-1905. Laget skal ha vore starta på garden Vetløygarden (Lilleødegård) i 1893, men er fyrst oppført i handelsregisteret i 1895. Lovene for laget vart vedtekne av generalforsamlinga i februar 1895. Føremålet var «ved Handel med Kolonial-, Husholdnings- og Klædevarer at skaffe sine Medlemmer gode Varer til billigste Dagspriser og gjøre dem delagtige i det ved Handelen indvundne udbytte». Det var i forma eit aksjeselskap. Aksjane lydde på kr. 10,-. Men ingen kunne eige meir enn 20 aksjar, og kvar aksjeeigar hadde berre ei stemme, uavhengig av talet på aksjar. Retten til medlemskap var geografisk avgrensa til folk som budde i Nordberg sokn eller i hovudsoknet sørover til og med Forbergsgardane på solsida og til tverrelva Skjøla på baksida.   Les mer …

Erik Rudser.
Foto: Ukjent
Erik Johannessen Rudser (fødd i Skjåk 17. desember 1867, død i Lom 25. august 1949) var lærar og kyrkjesongar i Lom hovudsokn i meir enn ein mannsalder. Han var ein oppglødd norskdomsforkjempar, og som skulestyreformann fekk han mykje å seie for språkskiftet til nynorsk i Lom.Han var fødd på garden Nistun Russar på Ramstadstronda i Skjåk, der foreldra var brukarar. Faren var Johannes Gregoriussen (1830-1907). Mora Marit Erlandsdotter (fødd 1834) var frå Kvåle i Skjåk. Erik var den sjette av i alt ni born.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar