Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Dovre kommune er ein kommune i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke. Han grensar mot Oppdal i nord, Folldal i aust, Sel og Vågå i sør og Lesja i vest. Kommunen vart oppretta ved deling av Lesja herad i 1862. Administrasjonssenteret er tettstaden Dovre, og andre befolkningssentra er Dombås og Hjerkinn. Tradisjonelt er det ein landbrukskommune, men i nyare tid har industri og turistnæring også blitt viktige næringsveger.
Staben framfor kontoret i 1971, med tre av lensmennene.
Lensmenn i Lesja er ei førebels liste over kven som har hatt lensmannsembetet i Lesja (med nåverande Dovre kommune frå 1500-talet til 1. april 2018, da det vart nedlagt og funksjonen overført til lensmannen i Nord-Gudbrandsdal på Otta.[1]
Arnfinn Engen (fødd 12. november1944 på Dombås i Dovre, død 14. juni2014 på Lillehammer) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om Gudbrandsdalen. Engen var den fyrste fylkeskonservatoren i Oppland, og i 2013 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sølv.Arnfinn Engen tok eksamen ved Gudbrandsdal Gymnas i 1965 og studerte sosiologi og nordisk før han tok historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1973 med hovudfagsoppgåva Oppbrot og omlegging. Utvandring og økonomisk utvikling i Dovre på 1800 -talet. Deretter var han amanuensis i historie ved Nordland distriktshøgskole, Bodø 1974-77, NAVF-stipendiat 1977-80, fylkeskonservator i Oppland 1981-97 (konstituert fylkeskultursjef 1993-94) og rådgjevar i kulturminnevern for NORAD til 2000. Seinare kombinerte han forfattarskap, prosjektarbeid for Oppland fylkeskommune og konsulentarbeid innan feltet. Les mer …
Johannes Jørgensen (født 22. desember 1850 på Dombås (eller Lesja), død 20. oktober 1892 i Kristiania) ble lærer i Sørøysund, klokker og lærer i Trondheim og Kristiania, og ble grepet av ideen om totalt avhold fra alkohol i tillegg til at han hadde et meget nært forhold til Kristus og religionen, som gjorde ham til legpredikant. Han ble den femte i rekken av formenn i det som den gang het Trondhjems fylke af D.N.T. i februar 1885. Seinere kom han under innflytelse av nyevangelisme og ble en vel aktet medarbeider i spredningen av Guds ord. Men dette skapte og store problemer for ham, vis a vis Johan Storjohann. Les mer …
Relieff på bautaen over Sigurd Einbu ved Lesjaskog kyrkje.
Sigurd Einbu (fødd 5. november1866 på Nordi Lie på Lesjaskogen, død 10. mai1946) var ein landskjent, sjølvlærd astronom. Til liks med bror sin, Ragnvald, var han som gut interessert i teikning og måling, men far hans, Peder, meinte han burde finne seg eit praktisk arbeid, så da vart det Hamar Seminar der han gjekk ut i 1886. Han var gift med Helga Brennødegaarden (1879-1967). Les mer …