Eline Forberg på sine eldre dagar. Foto: Ukjent. Frå Digitalt museum. Skjåk historielags samling.
Eline Sylfestdotter Forberg (fødd i Oppdal 7. januar 1868, død i Skjåk i januar 1958) var lærar og gardbrukar. Særleg blir ho hugsa for si sentrale rolle i det kristelege organisasjonsarbeidet i Skjåk og som innehavar av ei rekkje offentlege tillitsverv i bygda.Foreldra var Sylfest Sylfestsen Lund (1825–1908) og hustru Hanna (Johanna) f. Kvitlom (1831–1880). Faren var fødd og oppvaksen på garden Eide i Skjåk. Hanna Kvitlom var frå Lesjaskog. Dei hadde gifta seg i 1856, og fekk i alt ni born, fødde i tidsrommet 1857–1878. Eline var nummer seks i rekkja. Familien dreiv gardsbruk fyrst i Vågå til 1861, så på Lesjaskog 1861–1867. Det sistnemnde året flytta familien til Oppdal, der dei hadde kjøpt austre bruket på Hustøfte (Hustoft), som var mest for eit småbruk å rekne. Der slo familien seg til ro. Eline vart fødd året etter at familien tok til på Hustøfte.
Faren Sylfest var ein kjend emissær med bakgrunn i den haugianske vekkinga i barndomsbygda hans dei fyrste tiåra av 1800-talet. Flyttinga frå Skjåk til Vågå, Lesja og Oppdal hadde nær samanheng med det religiøse engasjementet. To av brørne til Sylfest var også lekpredikantar, gardbrukaren Ole Eide og den yngre broren som også heitte Ole, men som i likskap med Sylfest tok etternamnet Lund. Lærar og kyrkjesongar Ole Lund gjorde seg sterkt gjeldande i kristenliv, politikk og samfunnsengasjement i Skjåk i ein femtiårsperiode frå ca. 1860 til han døydde i 1912. På fleire vis kom Eline til å fylle den plassen som farbroren hadde hatt i bygda, da med unntak av det politiske. Les mer …
Ragnar Standal, 2008 Foto: Knut Hustad
Ragnar Standal (fødd 24. september 1928 på Ytre Bakkane på Ytre-Standal, død 14. august 2013 på Hjørundfjordheimen på Sæbø i Ørsta kommune) var ein framståande fagmann og lokalhistorikar med store kunnskapar om Sunnmøre og framifrå formidlingsevne.
Standal fullførte 4-årig lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1951, tok så historie grunnfag ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim i 1963 og fullførte hovudfag same stad i 1977. Han var først lærar i Fausadalen, Stranda kommune frå 1951–56, deretter lærar i Lyftingmo krins på Lesja frå 1956–62, så adjunkt ved Stryn ungdomsskule frå 1963–75, styrar på Ørsta bygdetun, Brudevollsamlinga (deltid) frå 1978–84 kombinert med lektorstilling ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1978–70 og 1981, konservator på Nordfjord folkemuseum, Sandane frå 1984–86 og til slutt bygdebokforfattar og -redaktør i Ørsta frå 1986–1992. Les mer …
Frå skirenn i Tobbedalsbakken fyrst i 1920-åra
Tobbedalsbakken var ein skibakke som låg mellom Bjorli og Lesjaskog nedafor dei gamle Einbugardane, der garden Voll ligg i dag. Ovarennet gjekk frå heilt oppe ved Nordistugu Einbu. Flata var frå fyrst av litt snau, for det stod ein steinmur mot riksvegen. Skulle hopparane svinge til venstre fekk dei òg litt problem, for der stod det ein låve. Enklast var det å svinge til høgre på det opne jordet der.
Seinare vart steinmuren rive, så da kunne hopparane køyre over riksvegen og stoppe på flata inn mot Raumabanen. Som vi skjøner var det lite trafikk på den tida - også fordi vegen ikkje var open for biltrafikk vinterstid. Men det måtte haldast vakt i tilfelle det kom hestetransport. Les mer …
Lesja historielag vart starta 22. mai 1981 og hadde i første driftsåret 25 familie- og 57 enkeltpersonar som medlemer. Laget har til føremål «å vekkje interesse og skapa forståing for bygdehistorie i Lesja. Det vil arbeide for å gjera folk kjent med kulturarven vår, og verne kulturminne av alle slag i bygda».
Frå og med 1983 har laget gjeve ut årsskrift kvart år utanom 1988, da laget var medutgjevar av boka Setrane i Lesja. I tillegg har laget organisert draktopptog, jonsokfeiringar, turar, informasjonsinnsamling om stadnamn, matklokker, kverner, rosemåling m.m., rekonstruert Verkensstugu på Filling og Lorkverna m.m. Les mer …
Kvernhuset i 2006 Foto: Arnfinn Kjelland
Lorkverna er eit kulturminne og kulturvernanlegg restaurert og rekonstruert av Lesja historielag i åra 2000-2010. Kulturminnet og anlegget ligg i Lordalen, ved elva Lora om lag 5 km oppover langs sørsida av elva frå bommen på Lordalsvegen.
Den nåverande Lorkverna er bygd på same staden som det låg ei større kvern eller bygdemølle. Ho er dokumentert attende til midten av 1700-talet, da Systugu Tynnøl hadde lott i ei kvern i Lora. Sjølv om det altså er nærare 10 km unna, syner det kor viktig det var å ha tilgang til kvern med sikkert vatn året rundt. Dei mange bekkekvernene kunne nok berre brukast om våren og hausten, sjeldan om vinteren. Ved Lora var det sikker vassføring året rundt. Les mer …
|