Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:19 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Utsyn nordover ved Norderhusvigga.
(2021)

Norderhusvigga ligg på sørsida av Gudbrandsdalslågen, sør-sørvest for gardane i Lesja som har seter her. Setervegen går opp ved Grønkjelda. Det er om lag 3,5 km frå gardane og opp på setra. I 1949 vart det bygd traktorveg, og frå 1955 vart det mjølkelevering til ysteriet.

Det er fire setrar her i dag. Kjem du etter setervegen, kjem du fyrst til Nyhussetre på høgre handa litt nedafor dei andre. Så kjem du opp til dei tre andre setrane, som ligg nokså tett i hop. Fyrst ligg setra til Søre Holen, så Vesl-Norderhus og nørdst mot Stor-nesåe ligg setra til Nørdre Holen.   Les mer …

Joachim Irgens' våpenskjold.
Joachim Irgens (eller Jochum) var fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein og døydde i 1675. Far hans var Heinrich Jürgens. Joachim var altså kjøpmannssonen som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros Kobberverk.Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar.   Les mer …

Grop 2 i i fangstanlegget.
Foto: Arnfinn Kjelland (2018)

Ved Storhøhalsen på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.

Storhøhalsen er ei brei skrånande li ovanfor skoggrensa, nedanfor Storhøe (1868 m.o.h.). På ei litt flatare terasse ca. 300 m nedanfor høgste punktet går det ein tydeleg sti etter reinstrekket, og erfaringar frå eldre jaktperiodar er at reinen ofte trakk her, noko som må ha freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg.

Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979 og 1986). Han påviste fire fangstgroper her, to ved sidan av kvarandre of kopla saman med ledegjerde, og to enkeltgroper.

  Les mer …

Helga Doseth med elevane ved Verket skule ca. 1943

Helga Doseth (fødd Kolstad 30. november 1898 på Systugu Belle i Lesja død 15. august 1985) var ein markert lærar og kulturpersonlegdom i Lesja og Gudbrandsdalen. Ho tok høgare lærarprøve på Elverum lærarskule og vart i 1920 tilsett som lærar ved Verket skule. Ho gifta seg i 1929 med Mikal Doseth (1898-1993) og dei dreiv Vesl-Doset til sonen tok over garden i 1961. I åra 1925-29 var ho òg kasserar ved Lesja og Dovre Branntrygdelag.

I 1931 fekk Helga òg ansvaret for Sletten skule, som var udelt. Ho underviste så ved desse skulane til dei vart samanslegne med Kyrkjekretsen skule, der ho vart til pensjonsalderen.   Les mer …

Utsyn over Aursjømagasinet 2005. Det var ein stad her ulykka skjedde.
Gautsjøulykka 25. september 1941 var ei frykteleg hending knytt til AurautbyggingaDalsida i Lesja. Eit arbeidslag på 11 mann dreiv med stikking av vegen som var under bygging opp frå Aura i Bøgrende fram til Gåsbue skulle avslutte arbeidet og fraktast over Gautsjøen med båt til Sørhella, ei strekning på 8–9 kilometer. Båten var ein sju meter lang open trebåt, ein fløytingsbåt, med påhengsmotor. Veret var fint og det var omtrent vindstille. Kva som hende denne septemberdagen, veit ingen. Fleire av karane var flinke til å symje, men ingen kom fram til Sørhella. Dagen etter, fredagen, var det gråvér, vind og skodde. Oppsynsmannen på veganlegget, Anton Mikkelsen, rodde da utover og støtte rett på båten, som flaut med baugen i veret.   Les mer …

Minnesteinen
Foto: Arnfinn Kjelland
Gravsteinen over Georg Sinclair
Foto: Arnfinn Kjelland
Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lesja kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar