Hytta ved Pollvatnet. Hildur og Jo Turtumøygard sitjande til høgre.
Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren.
Les mer …
Tor Jonsson 1950. Foto: Ukjent. Tor Jonsson (fødd i Lom 14. mai 1916, død i Oslo 14. januar 1951) var diktar og journalist. Han er mest kjend og lesen som lyrikar, med i alt fire diktsamlingar, den siste utgjeven etter hans sjølvvalde død. Også som prosaforfattar nådde han eit stort publikum gjennom dei blada han publiserte i. Prosatekstene består mest av samfunnskritiske småstykke med ein særmerkt beisk og sarkastisk humor. Sjølv kalla han dei «nesler». Satiren og vreiden rettar seg mot det tradisjonsbundne, klassedelte og ættedyrkande bygdesamfunnet, som han sjølv opplevde som sosialt og mentalt kuande, bakstreversk og inhumant. Med proletær bakgrunn og med ein til dels vanskeleg oppvekst, hadde han kjent dette på kropp og sjel. Slike tema figurerer også i lyrikken, men dei fleste dikta hans krinsar heller om eksistensielle spørsmål knytta til kjærleik, vondskap, liding og død, og fleire av dei kjem nær å uttrykke religiøse kjensler. Det er også innslag av programlyrikk og «stridsdikt», så vel som «ufarleg» naturlyrikk. Og som litteraturvitaren Reidar Djupedal nemner ein stad: «I ein stutt fredsrus våren 1945 gjekk Tor Jonsson og noko frå sin kjende veg og skreiv nasjonale dikt som stikk merkeleg av frå diktinga hans elles.» Les mer …
Live Moen ca. 1910. Fotograf ukjent. Live Moen (fødd i Lom 13. oktober 1879, død i Skjåk 1968) var arbeidar og småbrukar. Før ho gifta seg, brukte ho etternamnet Grindstuen etter ein plass under Lyngve i Vårdalen ( Garmo sokn), der familien budde ei tid medan Live var barn. Ho flytta til Skjåk da ho gifta seg, og vart buande der livet ut. Live Moen var ei av seks kvinner som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928. Les mer …
Anne Eggen (fødd i Lom 28. desember 1852, død på Sannerud i Stange i 1917) var ein pioner i kvinnesak og politikk i Lom. Ho var truleg den fyrste kvinna i landet som var leiar i eit politisk partilag, da ho i 1894 vart vald til «formand» i Loms Venstreforening. Det var sju år før kvinner fekk avgrensa røysterett ved kommuneval, og nær 20 år før kvinner fekk full statsborgarleg røysterett på linje med menn (1913). Les mer …
Harald Ramm Østgaard. Foto: R. Ovesen, Kristiania.
Harald Ramm Østgaard (fødd i Vestre Aker 29. januar 1855, død i Lom 1908) var jurist, sekretær i Den Norske Turistforening 1881-1884 og lensmann i Lom 1884-1908. I Lom var han aktiv i kommunalt styre og stell, i sparebanken, telefonselskapet o.a., og han var med i det førebuande arbeidet for jernbane gjennom Gudbrandsdalen.
Foreldra var jurist og forfattar, seinare fut i Sør-Østerdal futedømme, Nikolai Ramm Østgaard (1812-1873) og Anna Gunhilda (Gunelia) fødd Neergaard (1828–1910).Harald Ramm Østgaard hadde sine fyrste barneår på Torshov, som fram til 1859 tilhøyrde Aker herred. Familien budde på Rosenlund, ein eigedom som faren hadde kjøpt i 1844.
Da faren vart fut i Sør-Østerdal i 1859, selde dei Rosenlund og flytta til Elverum. Les mer …
Lom stavkyrkje. Presten og klokkaren her var kvasse motstandarar i målstriden rundt år 1900. Foto: Dag Bertelsen (1997)
Språkskiftet til nynorsk i Lom skjedde tidleg. Det var den fyrste bygda på Austlandet som innførte landsmålet som skulemål. Det skjedde i 1899, i alle skulekrinsane i bygda. Språkskiftet hadde nær samanheng med den blomstrande norskdomsrørsla som Christopher Bruun hadde sett i gang i Gudbrandsdalen i siste tredelen av 1800-talet. Fleire av dei som rydda grunnen og stilte seg i spissen for språkskiftet i Lom, hadde sjølve vore elevar av Bruun på folkehøgskulen hans i Sel og/eller i Gausdal. Andre hadde i barneskulealderen gått på Andreas Austlid sin friskule på Ofigsbø i Lom i 1870-åra. Friskulen var ein avleggjar av Bruuns folkehøgskule. Les mer …
|