Forside:Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Utsyn over ein del av Skjåk hovudsokn. Grendene Skjåkstronda (med Skjåk kyrkje) og Bersustronda på hitsida (sørsida) av Ottaelva, Aura (tverrelv frå Aursjoen) og grendene Reppen og Ramstadstronda på andre sida.
Foto: Hans P. Hosar (2011)
Geografien og ressursgrunnlaget i Skjåk har gjort at næringslivet heilt opp mot våre dagar i all hovudsak har vore jord- og skogbruksbasert. Dei store utmarksområda og høgfjellsstrekningane innan kommunen har vore utnytta som ein integrert del av gardsdrifta, og i nyare tid også til reiseliv, ferie- og fritidssyslar. Vassdraga har frå 1920-åra av vore utnytta til kraftproduksjon, seinast med utbygging av Øvre Otta på 2000-talet. Næringslivet er i dag etter måten differensiert, med eit ikkje ubetydeleg innslag av industri i bygdesenteret Bismo.   Les mer …

Faksimile frå Aftenposten 19. november 1959: annonse for Aslaug Høydal si bok Sevje.

Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 20. juli 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.Høydal var fødd og oppvaksen på småbruket Anåskosi i grenda Langlim i Seljord kommune. Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal og trekunstnaren Torvald Høydal. Ho var ugift.Høydal hadde ei mangesidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på Telemark Folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskulen i Oslo, Askov Højskole i Danmark. Lærareksamen tok ho ved Elverum lærerskole i 1959, og gjekk også på Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkts grad.

Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Italia og til fleire land i Midt-Austen.

Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Høydal tilsett som lærar ved folkehøgskular i Ryfylke og på Vestoppland. Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, og fekk bygt sitt eige hus nær heimstaden til Jan-Magnus Bruheim.   Les mer …

Tea Kummen 1954. Utsnitt av familiebilete.
Foto: Ukjent

Tea Kummen (fødd i Skjåk 17. august 1893, død same stad 30. januar 1979) var lærar og barnebokforfattar. På ein nokså markant måte braut ho med kjønns- og alderskonvensjonar i si samtid, mellom anna ved at ho tok snikkarutdanning da ho var 60 år gammal. Ho gjekk sterkt inn for målsaka, og var ein betydningsfull aktør i språkskiftet til nynorsk i Skjåk.Fagutdanninga fekk Kummen ved lærarskulen på Hamar og med eit års vidareutdanning på Noregs lærarhøgskule. Fyrste lærarstillinga si hadde ho i Fåberg i 1915. Deretter var ho tilsett ved Marlo skule i Skjåk frå 1916 til 1944. Ho underviste mest i småskulen på 3. og 4. klassetrinn.

Den fyrste barneboka, Villvuru, kom ut i 1931.   Les mer …

Bruheim med portrett av seg sjølv, måla av Knut Ljøsne da Bruheim var lærar i Skogbygda i Vågå 1957-1958. Fotografiet er teke i 1987 i heimen til Bruheim i Lundagrenda i Skjåk.
Jan-Magnus Bruheim (fødd i Skjåk 15. februar 1914, død same stad 10. august 1988) var forfattar, fyrst og fremst lyrikar, men også med innslag av prosa i sin litterære produksjon. Han gav ut 20 diktsamlingar, og er også kjend for ei rekkje barnebøker med dikt, rim og regler og forteljingar på vers. Bruheim var ein populær opplesar, i Kringkastinga (Ønskediktet), i skular og foreiningar mange stader i landet. Bruheim verka også som folkeskulelærar i ein periode. Han var samfunnsengasjert, i ungdomen med sterke antisosialistiske og antinazistiske haldningar, etter krigen mellom anna i freds- og antiatomvåpenarbeid og i motstand mot skulesentraliseringa. Men engasjementet gjorde seg sjeldan eller aldri gjeldande som agitasjon eller tendens i lyrikken hans.   Les mer …

Ola O. Skjaak i Brekk.
Foto: Fotograf ukjent
Ola O. Skjaak (fødd i Skjåk 29. oktober 1836, død same stad 15. september 1921) var gardbrukar, lokalpolitikar og norskdomsforkjempar. Han var ordførar i Skjåk i to periodar (Venstre). Han var fødd på Uppigard Skjåk, men vart med ekteskapet gardbrukar i Øvre Brekk, og blir derfor ofte omtala som Ola Skjåk i Brekk. Namnet hans blir skrive i mange variantar, og det er ikkje heilt på det reine kva han sjølv føretrekte. Ein del etterkomarar nyttar etternamnet Skjaak Bræk.   Les mer …

Live Moen ca. 1910. Fotograf ukjent.
Live Moen (fødd i Lom 13. oktober 1879, død i Skjåk 1968) var arbeidar og småbrukar. Før ho gifta seg, brukte ho etternamnet Grindstuen etter ein plass under Lyngve i Vårdalen (Garmo sokn), der familien budde ei tid medan Live var barn. Ho flytta til Skjåk da ho gifta seg, og vart buande der livet ut. Live Moen var ei av seks kvinner som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar