Joachim Irgens' våpenskjold.
Joachim Irgens (eller Jochum) var fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein og døydde i 1675. Far hans var Heinrich Jürgens. Joachim var altså kjøpmannssonen som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros Kobberverk.Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar. Les mer …
Ved Storhøhalsen på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.
Storhøhalsen er ei brei skrånande li ovanfor skoggrensa, nedanfor Storhøe (1868 m.o.h.). På ei litt flatare terasse ca. 300 m nedanfor høgste punktet går det ein tydeleg sti etter reinstrekket, og erfaringar frå eldre jaktperiodar er at reinen ofte trakk her, noko som må ha freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg.
Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979 og 1986). Han påviste fire fangstgroper her, to ved sidan av kvarandre of kopla saman med ledegjerde, og to enkeltgroper.
Les mer …
K.G. Wågen vart gjerne midtpunktet der han var til stades. Her (med tversoversløyfe) frå eit konfirmasjonsselskap i Skjåk i 1963. Foto: Kristian Hosar.
Kristian Gerhard Wågen (fødd 9. september 1891 i Tingvoll, død 10. september 1982 i Skjåk) var lærar, underoffiser og lokalpolitikar. Han verka det meste av sitt vaksne liv i Skjåk. Der markerte han seg sterkt som kommunist på 1920-talet. Han gjorde mykje for å betre skulestellet i bygda, og har mykje av æra for at det kom i gang realskule i Lom og Skjåk. Han var målmann, og arbeidde for språkskifte til nynorsk i kommunen. I april 1940 stilte han som befal for lokale frivillige til motstand mot invasjonstroppane. Under okkupasjonen vart han arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen. Han vart også arrestert av Gestapo ved eit seinare høve. Wågen var handlekraftig, etter måten sjølvmedviten og hevda klåre meiningar. Han må seiast å ha vore ein omstridd person i Skjåk, iallfall i tida før krigen. Det hekk mykje saman med dei radikale politiske haldningane hans, men også med sider ved hans personlege livsførsel som folk ikkje tykte høvde så godt til hans rolle som kyrkjesongar, lærar og barneoppdragar. Les mer …
|