Forside:Skjåk kommune

Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Chr. A. Hjelter.
Foto: Fotograf ukjent.
Christian Amundsen Hjelter (fødd i Skjåk 28. mars 1850, død same stad 1926) var gardbrukar, hotelleigar og politikar i Skjåk. Han var ordførar i bygda i to periodar, 1882-1883 og 1892-1893. Han var radikal venstremann i 1870- og 1880-åra, sidan moderat og etter kvart konservativ i politisk standpunkt. Han bygde opp Pollfoss som skysstasjon og hotell, og var særs aktiv i det offentlege livet i kommunen heilt til det siste.   Les mer …

Budeier på Billingen seter 1892. Embjørg Kvale (den gongen Stensgård) nr. 3 frå høgre bak (i lyse klede)
Foto: Ukjent

Embjørg Kvale (fødd Stensgård i Skjåk 1870, død i Skjåk 1966) var meierist, gard- og landhandlarkone. Ho var ei føregangskvinne for meieri-/ysteridrift i heimbygda.

Allereie den sommaren ho vart konfirmert, var Embjørg budeie på Stensgårds-setra på Øverstulen på Billingen. Der fekk ho ansvaret for 11 kyr og 40 geiter, men mora måtte avløyse henne dei dagane jentungen skulle på konfirmasjonsførebuing. Som attenåring kom Embjørg i lære ved Stange meieri, der ho var i halvtanna år. Deretter var ho tilsett ved eit meieri i EnebakkNedre Romerike i fire år, moglegvis som styrar. Ho fekk og eit stipend som gav henne vidare utdanning i Danmark, og fleire gonger oppnådde ho premiar for produkta sine på utstillingar.   Les mer …

Ragna Nyhus.
Ragna Viken Nyhus (fødd i Skjåk 15. juni 1900, død same stad 12. april 1967) var husmor og vevar. Ho var engasjert i politikk og kvinnesak, mellom anna som aktiv i Skjåk arbeidarkvinnelag. Ho stod som kandidat på ei rein, tverrpolitisk kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928.Ragna Nyhus var dotter til Lars Persen Viken (f. 1857) og Rønnaug Olsdotter (f. Kjørren 1860). Ragna var den sjuande i ein syskenflokk på ni. Den sist fødde av syskena døydde som spedbarn, og tre døydde i ung alder. Da Ragna var fødd, var foreldra plassfolk i Vigstadvika under gnr. 23.2 Nordistun Vigstad.   Les mer …

Sylvester Sivertson. Samtidig litografi.
Sylvester Sivertson (fødd 12. september 1809 i Skjåk, død 20. november 1847 i Drammen) var pressemann, forfattar og samfunnsdebattant. Han blir rekna som ein pioner i norsk pressehistorie. Han var den fyrste heiltidstilsette avisredaktøren i landet. Elles er han kjend som kampfelle av Henrik Wergeland i kulturstriden i 1830-åra, og ikkje minst i kampen mot jødeparagrafen.I artikkelen «Kvindens Dannelse» i Skilling-Magazin 1837-38 gjorde Sivertson seg til talsmann for utvida borgarrettar for kvinner. Han hadde forresten i boka si om haugianismen framheva at Hauge gjekk inn for meir likestilling mellom kjønna i det kristelege arbeidet.   Les mer …

Guro Tråstad. Fotograf ukjent.

Guro Tråstad (fødd i Skjåk 28. februar 1891, død på Lom Helseheim 14. mai 1967) var organist og aktiv innan kulturvern og ungdomslagsarbeid. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928.

Foreldra var Jon Kristensen Tråstad (f. 1842) og ektefelle Rønnaug Iversdotter Kummen (fødd 1850). Dei var gardbrukarar på Nedre Tråstad i Reppen i Skjåk. I tillegg til folkeskulen i Skjåk og truleg framhaldsskule i Skjåk eller Lom, hadde Guro gått på Voss folkehøgskule hjå Lars Eskeland. Det var vinteren 1911-1912. Ho gjekk også ved Musikkonservatoriet i Kristiania.   Les mer …

Rasmus Haugen.
Foto: Ukjent
Rasmus Haugen (fødd i Skjåk 11. februar 1854, død same stad 1. mars 1929) var underoffiser, bonde og lokalpolitikar i Skjåk. Han var husmannsgut, men vart gardbrukar og rekna som ein av dei fremste menn i bygda i si tid. Han var ordførar i 1905-1907.Foreldra var husmann og skomakar Ola Rasmussen (f. 1819) og Gunhild Larsdotter (f. 1823). I kyrkjeboka både under dåpsinnførsla for Rasmus og vigselen til foreldra står det at dei da bur «ved Øvre Grimstad». Kanhende hadde dei allereie da plassen Haugom under same garden (gnr. 42.2 Øvre eller i lokal daglegtale Nordistun Grimstad). Familien er iallfall på Haugom i folketeljingane 1865 og 1875.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar