Ved Gravranden på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.
Gravranden er ein avlang markant haug («rande» i lokaldialekten) orientert tilnærma vest-aust. Det syner ein tydeleg sti etter reinstrekket mellom haugen og ei lita tjønn, som avgrensa området og freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.
Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979). Han meinte det er usikkert om namnet på haugen har med fangstgropene her å gjere. Les mer …
Grøndalen er ein markert dal som går sørover frå hovuddalen litt nord (vest) for Lesjaskog sentrum. Dalen er dominert av elva Grøna, som kjem som to løp frå høgfjellet, Stor-Grøna frå fleire tjønner innunder Grønhøi (1650 m.o.h.) og Løyfthøene (1946 m.o.h.) og Vesl-Grøna frå Grøntjønne. Ein gamal ferdselsveg frå Skjåk via Lordalen kjem ned til Lesjaskog langs Stor-Grøna gjennom Grøndalen.
I dalen ligg det nokre setrar: to på austsida av elva og ei på vestsida. Dessutan er det tufter etter ei gammal seter der. Den gamle garden Grønved ligg i det ein kan rekne som Grøndalen. Går vi opp setervegen frå Grønfossen på austsida av Grøna, kjem vi fyrst til setra til Ner-Enstad. Litt lenger inn ligg setra til Sy Kvam. Går vi opp på vestsida av elva, kjem vi fyrst til tuftene etter Kvislesetre, og så til setra til Oppistugu Kvam. Det er om lag fem km frå riksvegen og inn til setrane på austsida av elva. Vegen på vestsida av elva er nok noko lenger. Les mer …
Hanna Th. Flittie Foto: Ukjent Hanna Th. Flittie (fødd 7. desember 1863 på Flitti i Lesja, død 12. februar 1932) vart innvald som fyrste kvinnelege medlem i Lesja heradsstyre i 1904. Ho var dotter av Thrond T. Flittie (1815–1881) og Anne Olsdtr. f. Hauje (1823–1913),
Hanna gjekk lærarskule i Klæbu, men kom ikkje til å arbeide i skulen. Ho starta i staden med handelsverksemd, og bygde seg butikklokale ved riksvegen ovafor heimgarden, Flittibue. Attåt butikken hadde ho ein liten jordveg og eit par kyr, som ho fødde dels med høy ho tok i mot i byte med handelsvarer. Ei rekneskapsbok etter ho syner òg at ho dreiv med fehandel. Les mer …
Lars Magnus Moen (fødd i Lesja 29. november 1885, død på Lillehammer fylkessjukehus 22. april 1964) var skreddar og politikar. Han var «husmannsguten som kom til kongens bord» idet han vart kyrkje- og undervisningsminister under statsministrane Einar Gerhardsen og Oscar Torp, i åra frå 1948 til 1953. Som stortingsmann og statsråd gjorde Moen mykje for å betre skulestellet i landet. Mellom anna gjorde han fyrste opptakten til den niårige grunnskulen. I hans statsrådstid vart ei rad viktige kulturinstitusjonar grunnlagde som gjorde mykje til å demokratisere tilgangen til kulturtilbod, geografisk og sosialt. Han skreiv nynorsk, og hadde på lang sikt eit ønske om språkleg samling i landet. Under krigen vart han arrestert for motstand mot regimet, og sat tre og eit halvt år i konsentrasjonsleir.Lars Moen var fødd på plassen Rånålykkja på Lesjaskogen. Det var husmannsplass under Sygard Rånå. Foreldra hadde teke til der året før Lars vart fødd. Les mer …
|