Forside:Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:22 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Frå møte i Den skandinaviske tannlegeforening 1886. Alle dei fire tannlegesyskena Bræck og Bræck Aurlie er med her. Lina sitjande som nr. 3 frå venstre. Ståande: Syver nr. 3 frå venstre, Gudbrand Julius nr. 6, Hans nr. 9. For komplett namneliste: Klikk på biletet og vidare til kjelda.
Foto: Ukjent.
Lina Breck (fødd i Skjåk 5. april 1858, død i Oslo 14. desember 1948) var tannlege. Lengste praksisen sin hadde ho i Drammen. Ho var ein pioner som kvinneleg utøvar av dette yrket, som framleis var nokså nytt i landet som offentleg autorisert profesjon. Da Breck tok tannlegeeksamen i 1883, var ho den fjerde kvinna i Noreg som hadde gjort det. Hennar val av yrke er ikkje minst slåande med tanke på at ho var ei jente frå ein vanleg bondefamilie i ei noko avsidesliggjande fjellbygd. Lina var forresten ikkje den einaste i syskenflokken som etter tid og omstende gjorde utradisjonelle livsval. Ikkje mindre enn tre av brørne var som henne tannlegar.   Les mer …

Olav Viken ca. 1960. Foto:Kristian Hosar.
Olav (Olaf) Viken (fødd i Skjåk 25. februar 1895, død same stad 1963) var den siste i Skjåk som hadde tjørebrenning som yrke. Særleg i ungdomen var han også aktiv i lokalpolitikken, som ein av pionerane i arbeidarrørsla i Skjåk.Foreldra var Lars Persen Viken (f. 1857) og Rønnaug Olsdotter (f. Kjørren 1860). Olav hadde åtte sysken og var sjølv nummer fem i rekkja. Eine systera var Ragna Nyhus. Familien hadde fleire heimar i Olavs oppvekst. I folketeljinga 1900 er dei plassfolk i Vigstadvika under gnr. 23.2 Nordistun Vigstad.   Les mer …

Tea Kummen 1954. Utsnitt av familiebilete.
Foto: Ukjent

Tea Kummen (fødd i Skjåk 17. august 1893, død same stad 30. januar 1979) var lærar og barnebokforfattar. På ein nokså markant måte braut ho med kjønns- og alderskonvensjonar i si samtid, mellom anna ved at ho tok snikkarutdanning da ho var 60 år gammal. Ho gjekk sterkt inn for målsaka, og var ein betydningsfull aktør i språkskiftet til nynorsk i Skjåk.Fagutdanninga fekk Kummen ved lærarskulen på Hamar og med eit års vidareutdanning på Noregs lærarhøgskule. Fyrste lærarstillinga si hadde ho i Fåberg i 1915. Deretter var ho tilsett ved Marlo skule i Skjåk frå 1916 til 1944. Ho underviste mest i småskulen på 3. og 4. klassetrinn.

Den fyrste barneboka, Villvuru, kom ut i 1931.   Les mer …

Sylvester Sivertson. Samtidig litografi.
Sylvester Sivertson (fødd 12. september 1809 i Skjåk, død 20. november 1847 i Drammen) var pressemann, forfattar og samfunnsdebattant. Han blir rekna som ein pioner i norsk pressehistorie. Han var den fyrste heiltidstilsette avisredaktøren i landet. Elles er han kjend som kampfelle av Henrik Wergeland i kulturstriden i 1830-åra, og ikkje minst i kampen mot jødeparagrafen.I artikkelen «Kvindens Dannelse» i Skilling-Magazin 1837-38 gjorde Sivertson seg til talsmann for utvida borgarrettar for kvinner. Han hadde forresten i boka si om haugianismen framheva at Hauge gjekk inn for meir likestilling mellom kjønna i det kristelege arbeidet.   Les mer …

Doro Heyerdahl på skitur i Skjåk på 1930-talet. (Utsnitt).
Foto: Ukjent.
Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.   Les mer …

Kommunesenteret Bismo med elven Otta.
Foto: Morten Kielland
Skjåk er ei fjellbygd og kommune lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen i Innlandet fylke (tidlegare Oppland). Kommunen vart skild ut frå Lom frå 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Ein person frå Skjåk blir kalla ein skjåkvær (utt. skjåkvér). Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bygda ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna.Den særs nedbørsfattige bygda er kjend for dei mange anlegga for kunstig vatning som har vore i bruk gjennom mange hundre år. Dette avspeglar seg i ordtaket «gjev Vårherre oss sol, ska' oss sjølve skaffe væte». Motivet i kommunevåpenet, akantusblomen, peikar mot treskurden og andre rike handverks- og folkekunsttradisjonar i bygda.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar