Reinsdyr i Tundradalen i Skjåk-ålmenninga. I bakgrunnen Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja. Foto: Per Dagsgard
Skjåk Almenning (i lokal daglegtale Skjåk ålmenning eller berre «Ålmeinningje») er ei bygdeålmenning i Skjåk kommune. Med sine 2 millionar dekar er Skjåk Almenning landets tredje største grunneigedom, og den største private. Den omfattar praktisk tala all grunn over tregrensa i heile kommunen, og dessutan skogen i det meste av Nordberg sokn. Mesteparten av høgfjellsområdet i ålmenninga inngår nå i nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen.
Som bygdeålmenning går historia attende til 1798, da gardbrukarane i bygda fekk kjøpt eigedomen av daverande eigar Bernt Anker. Eigedomsretten hadde da i nokre tiår lege til enkeltpersonar, alt sidan kongen hadde selt ålmenninga på auksjon i 1726. Etter seinare definisjonar vart Skjåk Almenning ved salet i 1726 til ei privatålmenning, og før det kongs- eller statsålmenning, sidan kongen hevda ein overordna eigedomsrett.Skjåk Almenning er og har vore ei hjørnesteinsverksemd i bygdesamfunnet, med stor betydning for busetjingsmønster, økonomi og arbeidsliv i bygda. Ein særeigen bruksretts- og eigarstruktur har gjennom tidene sett sitt sterke preg på bygdesamfunnet også sosialt og politisk. Les mer …
Sylvester Sivertson. Samtidig litografi.
Sylvester Sivertson (fødd 12. september 1809 i Skjåk, død 20. november 1847 i Drammen) var pressemann, forfattar og samfunnsdebattant. Han blir rekna som ein pioner i norsk pressehistorie. Han var den fyrste heiltidstilsette avisredaktøren i landet. Elles er han kjend som kampfelle av Henrik Wergeland i kulturstriden i 1830-åra, og ikkje minst i kampen mot jødeparagrafen.I artikkelen «Kvindens Dannelse» i Skilling-Magazin 1837-38 gjorde Sivertson seg til talsmann for utvida borgarrettar for kvinner. Han hadde forresten i boka si om haugianismen framheva at Hauge gjekk inn for meir likestilling mellom kjønna i det kristelege arbeidet. Les mer …
Pollfoss hotell i september 2012. Fjelltoppen Framrusthovden i bakgrunnen. Foto: Kristian Hosar
Pollfoss hotell og gjestehus ligg i Skjåk kommune, i Billingsdalen ved riksveg 15. Hotellet vart bygt i 1897 rett ved den spektakulære Pollfossen i Ottaelva, i skogterreng ved starten av fjellovergangen til Stryn (Nordfjord) og Geiranger (Sunnmøre). Før hotellet kom, var det skysstasjon der i nokre år.
Marknadsgrunnlaget har gjennomgåande vore turisttrafikken. Behovet og moglegheitene for hotelldrift kom med køyrevegane over fjellet på slutten av 1800-talet, Grotli-Geiranger (opna 1889) og Grotli-Stryn (1894). Særleg i dei fyrste tiåra var hotellet også søkt av helserekonvalesentar. Det tørre klimaet i Skjåk er godt for folk med luftvegsplager, og dessutan meinte ein at det skulle vere helsebot i det høge ozoninnhaldet i lufta ved Pollfoss. Les mer …
Marlo skule i Skjåk under oppføring. Her heldt realskulen til frå 1935 til 1940. (1924)
Lom og Skjåk realskule var i verksemd frå 1935 til 1968. Skulen vart starta på privat basis (Skjåk private millomskule), men vart seinare kommunal, i samarbeid mellom dei to kommunane som skulen fekk namn etter. Den tredje Ottadals-kommunen, Vågå, har også delvis vore med i samarbeidet. Dei fyrste fem åra hadde skulen tilhald i Marlo skulehus i Skjåk, frå 1940 på Loar skule i Lom. Siste kullet på Lom og Skjåk realskule vart uteksaminert i 1968, etter at både Lom og Skjåk hadde innført niårig ungdomsskule frå hausten 1966. (Vågå hadde ungdomsskule på forsøksbasis alt frå 1960.) Les mer …
Erik Rudser. Foto: Ukjent
Erik Johannessen Rudser (fødd i Skjåk 17. desember 1867, død i Lom 25. august 1949) var lærar og kyrkjesongar i Lom hovudsokn i meir enn ein mannsalder. Han var ein oppglødd norskdomsforkjempar, og som skulestyreformann fekk han mykje å seie for språkskiftet til nynorsk i Lom.Han var fødd på garden Nistun Russar på Ramstadstronda i Skjåk, der foreldra var brukarar. Faren var Johannes Gregoriussen (1830-1907). Mora Marit Erlandsdotter (fødd 1834) var frå Kvåle i Skjåk. Erik var den sjette av i alt ni born. Les mer …
Skjåk venstrelag var lokallag av partiet Venstre i Skjåk kommune. Det vart stifta den 2. januar 1884, truleg under namnet Skiaker Venstreforening. Dette skjedde nesten ein månad før landssamskipnaden Norges venstreforening konstituerte seg den 28. januar. Etter at lokallaget eit par gonger hadde gått i stå, vart det starta opp att i 1894 og 1909. Frå 1913 kan det ha vore eigne lag i kvart av dei to sokna Skjåk og Nordberg. Den lokale partiorganisasjonen synest å ha opphøyrt ein gong i 1930-åra. Les mer …
|