Forside:Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Skjåk»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Olav Viken ca. 1960.
Foto: Kristian Hosar.
Olav (Olaf) Viken (fødd i Skjåk 25. februar 1895, død same stad 1963) var den siste i Skjåk som hadde tjørebrenning som yrke. Særleg i ungdomen var han også aktiv i lokalpolitikken, som ein av pionerane i arbeidarrørsla i Skjåk.Foreldra var Lars Persen Viken (f. 1857) og Rønnaug Olsdotter (f. Kjørren 1860). Olav hadde åtte sysken og var sjølv nummer fem i rekkja. Eine systera var Ragna Nyhus. Familien hadde fleire heimar i Olavs oppvekst. I folketeljinga 1900 er dei plassfolk i Vigstadvika under gnr. 23.2 Nordistun Vigstad.   Les mer …

Fanejunker E.C.Brandser
Foto: Ukjent.
Erik Christensen Brandser (fødd i Skjåk 21. juni 1865, død same stad 7. april 1945) var gardbrukar og underoffiser (fanejunker). Han var ein aktiv samfunnsdebattant og hadde fleire offentlege stillingar og tillitsverv. Brandser gjorde seg særleg gjeldande i ålmenningspolitikken, og var ein av leiarane i riksmålsleiren i den langvarige striden om språkskifte til nynorsk i bygda. Han stod klårt til høgre i sine politiske standpunkt, men kan ikkje sjåast å ha stilt til val til kommunestyret eller markert seg i andre partipolitiske samanhengar.   Les mer …

Reinsdyr i Tundradalen i Skjåk-ålmenninga. I bakgrunnen Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja.
Foto: Per Dagsgard

Skjåk Almenning (i lokal daglegtale Skjåk ålmenning eller berre «Ålmeinningje») er ei bygdeålmenning i Skjåk kommune. Med sine 2 millionar dekar er Skjåk Almenning landets tredje største grunneigedom, og den største private. Den omfattar praktisk tala all grunn over tregrensa i heile kommunen, og dessutan skogen i det meste av Nordberg sokn. Mesteparten av høgfjellsområdet i ålmenninga inngår nå i nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen.

Som bygdeålmenning går historia attende til 1798, da gardbrukarane i bygda fekk kjøpt eigedomen av daverande eigar Bernt Anker. Eigedomsretten hadde da i nokre tiår lege til enkeltpersonar, alt sidan kongen hadde selt ålmenninga på auksjon i 1726. Etter seinare definisjonar vart Skjåk Almenning ved salet i 1726 til ei privatålmenning, og før det kongs- eller statsålmenning, sidan kongen hevda ein overordna eigedomsrett.Skjåk Almenning er og har vore ei hjørnesteinsverksemd i bygdesamfunnet, med stor betydning for busetjingsmønster, økonomi og arbeidsliv i bygda. Ein særeigen bruksretts- og eigarstruktur har gjennom tidene sett sitt sterke preg på bygdesamfunnet også sosialt og politisk.   Les mer …

Syver Bøje (fødd i Skjåk 15. mai 1866, død same stad 1. februar 1937) var skreddar og jordbrukar, og han var ein kjend aktør i samfunns- og kulturliv i Skjåk og Lom. Han var fødd i fattigdom og hadde ein omflakkande, vanskeleg oppvekst. Det omskiftelege tilveret heldt han fram med i vaksen alder som familiemann. I tillegg til skreddaryrket var han mellom anna gardbrukar, paktar, plassmann, turistførar og postomberar, og familien budde mange forskjellige stader i Lom og Skjåk. Syver Bøje vart i likskap med fleire av brørne sine kjend i bygda som politikar og organisasjonsmann, særleg knytta til Venstre (Arbeidardemokratane), småbrukar- og norskdomsrørsla. Han var blant aktivistane på nynorsksida da språkskiftet til nynorsk i Skjåk vart gjennomført i 1920-åra. Han skal mellom anna ha hatt direkte innverknad på at lyrikaren Jan-Magnus Bruheim vart så ivrig nynorskbrukar.   Les mer …

Adelsvåpen tildelt stiftanmtmann Hans Hagerup ved adelspatent 23. februar 1781. Blasonering: sjå biletfila.
Hans Hagerup Gyldenpalm (fødd 21. mai 1774 i Kristiansand, død 31. desember 1827) var teolog og adelsmann. Han var res.kap. i Lom, sokneprest i Holt (nå i Tvedestrand kommune) og prost i Nedenes. Bestefaren Hans Hagerup de Gyldenpalm, stiftamtmann i Kristiansand, hadde vorte adla i 1781, og sonesonen Hans Hagerup Gyldenpalm var ein av dei som søkte og fekk anerkjent sitt adelskap i samband med adelslova 1821.

Foreldra var Eiler Hagerup Gyldenpalm (1740-1817) og Aasille Andrea Dedekam (1752-1793). Faren var president og borgarmeister i Kristiansand, seinare mellom anna lagmann i Skien og justisråd. Hans var den eldste av åtte sysken.

Hans Hagerup Gyldenpalm vart student 1792 og cand.theol. 19. januar 1802 ved Universitetet i København. Han gifta seg i København 15. august same året med danske Karen Marie Mariager (1779-1851). Ho var dotter til reipslagarmeister Christian Nielsen Mariager og Karen Ammonsdatter. Etter mannens død flytta ho attende til familie sin i København. Ekteparet hadde ikkje born.   Les mer …

Kvinnelista publisert i Lillehammer-avisa Dagningen 27. september 1928.

Kvinnelista i Skjåk 1928. Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn i 1928 vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste. Den kom i tillegg til to partipolitiske alternativ, nemleg Bondepartiets liste og «Småbrukernes og arbeidernes liste», som var ei samlingsliste for Venstre/Radikale Folkeparti og Arbeidarpartiet. På båe desse var det oppført berre menn.

Kandidatane på kvinnelista var Guro Tråstad, Tora Bræk, Torø Hørven, Tea Kummen, Live Moen og Ragna Viken Når ein går nærare inn på kven kvar einskild av dei var og kva bakgrunn dei hadde, blir det openbert at dei representerte eit kvinnealternativ på tvers av partipolitiske og sosiale skiljeliner i bygda.Ved valet fekk kvinnelista ei einaste stemme, og den vart forkasta. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar