Frå hytta til Edvard og Anne Grimstad på Sota. Frå høgre: Edv. Grimstad, Anne Grimstad, ukjent, Trygve Steinbakke (frå Skjåk). Turiststaden Sota sæter ligg på andre sida av elva/vatnet. Foto: Ukjent
Edvard Grimstad (fødd 30. mai 1886 i Skjåk, død 11. september 1955) var lærar, folkeminnesamlar og bibliotekinspektør i Oppland. Han var særleg engasjert i kulturhistoria i Gudbrandsdalen. Grimstad voks opp på garden øvre Grimstad i Skjåk, som son av Peder og Anne Grimstad. Han gjekk ut frå Elverum lærerskole i 1907 og tok eit gymnastikkurs i Oslo i 1911. Han tok òg eit teiknekurs på Hamar i 1916 og eit lærarkurs på Mysen i 1919, medan han i 1922 drog på stipendferd til Sverige og Danmark.
Grimstad byrja som lærar ved framhaldsskulen i Lesja (1907-08) og var deretter tilsett ved skular i Alvdal (1908-10), Fåberg ( Nordre Ål skole, 1910-11), Skjåk (1911-14) og Stange (1914-17). I perioden 1918-22 var han lærar ved Ihle skole i Vestre Toten og arbeidde seinare i Lillehammer-skulen. I 1935 vart han tilsett som bibliotekinspektør i Oppland. Les mer …
Faksimile frå Aftenposten 19. november 1959: annonse for Aslaug Høydal si bok Sevje.
Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 20. juli 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.Høydal var fødd og oppvaksen på småbruket Anåskosi i grenda Langlim i Seljord kommune. Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal og trekunstnaren Torvald Høydal. Ho var ugift.Høydal hadde ei mangesidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på Telemark Folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskulen i Oslo, Askov Højskole i Danmark. Lærareksamen tok ho ved Elverum lærerskole i 1959, og gjekk også på Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkts grad.
Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Italia og til fleire land i Midt-Austen.
Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Høydal tilsett som lærar ved folkehøgskular i Ryfylke og på Vestoppland. Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, og fekk bygt sitt eige hus nær heimstaden til Jan-Magnus Bruheim. Les mer …
Pollfoss hotell i september 2012. Fjelltoppen Framrusthovden i bakgrunnen. Foto: Kristian Hosar
Pollfoss hotell og gjestehus ligg i Skjåk kommune, i Billingsdalen ved riksveg 15. Hotellet vart bygt i 1897 rett ved den spektakulære Pollfossen i Ottaelva, i skogterreng ved starten av fjellovergangen til Stryn (Nordfjord) og Geiranger (Sunnmøre). Før hotellet kom, var det skysstasjon der i nokre år.
Marknadsgrunnlaget har gjennomgåande vore turisttrafikken. Behovet og moglegheitene for hotelldrift kom med køyrevegane over fjellet på slutten av 1800-talet, Grotli-Geiranger (opna 1889) og Grotli-Stryn (1894). Særleg i dei fyrste tiåra var hotellet også søkt av helserekonvalesentar. Det tørre klimaet i Skjåk er godt for folk med luftvegsplager, og dessutan meinte ein at det skulle vere helsebot i det høge ozoninnhaldet i lufta ved Pollfoss. Les mer …
Erik Rudser. Foto: Ukjent
Erik Johannessen Rudser (fødd i Skjåk 17. desember 1867, død i Lom 25. august 1949) var lærar og kyrkjesongar i Lom hovudsokn i meir enn ein mannsalder. Han var ein oppglødd norskdomsforkjempar, og som skulestyreformann fekk han mykje å seie for språkskiftet til nynorsk i Lom.Han var fødd på garden Nistun Russar på Ramstadstronda i Skjåk, der foreldra var brukarar. Faren var Johannes Gregoriussen (1830-1907). Mora Marit Erlandsdotter (fødd 1834) var frå Kvåle i Skjåk. Erik var den sjette av i alt ni born. Les mer …
Storstabburet ved Lom bygdamuseum er eit staseleg tømrahus i tre høgder bygd i 1613 eller kort tid etter. Det er i dag ein del av museet og inneheld ei utstilling om «Vatn og korn» - dei spesielle vatningsteknikkane Nord-Gudbrandsdalen er kjent for og kva korndyrkinga har hatt å seie opp igjennom tidene.
Huset vart bygd som tiendebu for Lom prestegjeld, som den gong òg omfatta Skjåk. Ivar Kleiven meiner grunnen til at huset vart bygd så stort var at den samla tienda (til kongen, presten og kyrkja) frå Lom kunne vera så mykje som 300 tønner. Les mer …
|