Forside:Oppland fylke

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres
Lunner • Jevnaker • Gran • Søndre Land • Nordre Land • Gjøvik • Østre Toten • Vestre Toten • Lesja • Dovre • Skjåk • Lom • Vågå • Sel • Nord-Fron • Sør-Fron • Ringebu • Øyer • Lillehammer • Gausdal • Etnedal • Sør-Aurdal • Nord-Aurdal • Øystre Slidre • Vestre Slidre • Vang

Om Oppland fylke
05 Oppland vapen.png
Oppland er et norsk fylke som grenser mot Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Buskerud, Akershus, Oslo og Hedmark. Det er et innlandsfylke, og landets eneste som hverken har grense til hav eller annet land. Frem til 1919 var fylkets navn Kristians amt. Fylket består av de to dalførene Gudbrandsdalen og Valdres, samt de tre landskapene Toten, Hadeland og Land, noe som henspiller på fylkets våpen, en mogop med to blomster (dalførene) og tre blad (landskapene). Opplandene var fra gammelt av navnet på området innenfor («ovenfor») Viken. Omfattet både dagens Oppland (Vest-Oppland) og Hedmark (Øst-Oppland).   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Fabrikken på Brusveen, som Hans Schikkelstad starta i 1832. På den tida biletet var teke (etter 1885), heitte firmaet Mustad & Søn.
Hans Hansen Schikkelstad (fødd i Vardal i nåverande Gjøvik kommune 4. september 1789, død same stad 29. mars 1843) var gardbrukar, handverkar, industrigründer og politikar. Hans liv og næringsverksemd teiknar eit klassisk bilete av den tidlege industrialiseringa, frå handverk og husindustri over forlagsorganisering av produksjonen til moderne fabrikkdrift. Han grunnla Brusveen Staaltraad og Spigerfabrik, som over dei neste to-tre generasjonane skulle utvikle seg til industribedrifta O. Mustad & Søn, som i dag er eit verdsomspennande konsern. Schikkelstad var den fyrste ordføraren i Vardal frå 1838. Han var stortingsmann for Kristians Amt i 1833, i det tiåret da bondepolitikken fekk sitt store gjennombrot.   Les mer …

Døme på villreinfangstanlegg Gravdalen i Vågå. I framgrunnen ser vi to mura fangstgroper med ledegjerde. I søkket ned mot åa i bakgrunnen ei grop til og kjøtlager.
Foto: Arnfinn Kjelland (2014)
Den gamle villreinfangsten kan nyttast som fellesnemning på ei utgamal verksemd i norske høgfjellsområde. Ein kan til ein viss grad skilje systematisk mellom fangst i høve til jakt, ved at førstnemnde er ein metode som føreset ei form for faste anlegg, «infrastruktur», medan jakt viser til at nokon (jegeren) jagar noko (byttet) over eit areal. Slik jakt er mest aktuell i terreng der jegeren enten kan kome på kloss hald av byttet, dvs. der det er rimeleg tett vegetasjon, eller når jegerane kunne disponere effektive nok jaktvåpen. Men som vi skal sjå kan også fangst kombinerast med jaging.   Les mer …

Møte i Lesja Fjellstyre kring 1956, Olaf Heitkøtter i midten bak.
Foto: Ukjent
Olaf Heitkøtter (fødd 26. mars 1928 i Sel, død 11. oktober 2013) vart i 1950 tilsett som den første fjelloppsynsmann på heiltid i Noreg, og var aktiv i naturforvalting og naturvern heile livet. I 1989 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for denne innsatsen.Olaf vart tidleg natur- og friluftsinteressert og meldte seg inn i Sel Fiskeforening alt i konfirmasjonsalderen. Denne foreininga dreiv med utsetting av yngel i elver og vatn, og dette var noko som interesserte Olaf i særleg grad. Han dreiv sjølvstudium i fiskeoppdrett og hadde planlagt å søkje seg inn på ein svensk fiskeriskule, men vart avbrote av militærteneste i Tysklandsbrigaden. Dette vart likevel ei viktig erfaring, for han var forlagt like sør for grensa til Danmark og fekk høve til å besøke fiskeoppdrettsanlegg der. Mange danske bønder hadde enkle anlegg og produserte fisk for sal, og nokre hadde òg små klekkeri der dei skaffa seg yngel til eige bruk eller sal.   Les mer …

Utsyn over Lesjaskog frå Mølmshaugen til Nørdre Høe 2004.

Tragedien på Lesjaskog seinhaustes 1957 er ei hending som gjorde eit djupt inntrykk på mange menneske. Dei to små barna til Sigrunn (1930-2010) og Syver Mølmshaug (1927-2010), Berit (akkurat fylt 5 år) og Hans Petter (knapt 3 år) forsvann frå heimgarden og vart ikkje attfunne før etter to veker.

Ungane gjekk frå Mølmshaugen i to-tida om ettermiddagen 22. november for å sjå til faren. Syver og ein arbeidskamerat dreiv med skogsarbeid om lag 400 meter frå garden, på sørsida av Rauma og til venstre over Haugabrua, som ikkje hadde rekkverk og som ungane måtte krysse. Det var ein ettermiddag med snø i lufta, og det blir som kjent tidleg mørkt på denne årstida.   Les mer …

Sylvester Sivertson. Samtidig litografi.

Sylvester Sivertson (fødd 12. september 1809 i Skjåk, død 20. november 1847 i Drammen) var pressemann, forfattar og samfunnsdebattant. Han blir rekna som ein pioner i norsk pressehistorie. Han var den fyrste heiltidstilsette avisredaktøren i landet. Elles er han kjend som kampfelle av Henrik Wergeland i kulturstriden i 1830-åra, og ikkje minst i kampen mot jødeparagrafen.Sivertson utforma det grunnlovsforslaget som Ingebrigt Sæter fremja i Stortinget i 1845, som gjekk ut på å oppheve forbodet mot jødars adgang til riket. Grunnlovsforslaget ville samstundes gje rom for fri religionsutøving for «alle christelige Religionsbekjendere».

I artikkelen «Kvindens Dannelse» i Skilling-Magazin 1837-38 gjorde Sivertson seg til talsmann for utvida borgarrettar for kvinner. Han hadde forresten i boka si om haugianismen framheva at Hauge gjekk inn for meir likestilling mellom kjønna i det kristelege arbeidet.   Les mer …

Johan Fredrik Voss
Johan Fredrik Voss (fødd i Haus ved Bergen 29. juli 1883, død i 1966) var skulemann og nynorskforkjempar. Han var ein sentral person for målrørsla i akademiske krinsar, mellom anna som leiar i Studentmållaget og hovudmann bak Pønskarlaget ved Universitetet i Kristiania. Yrkesgjerninga og samfunnsinnsatsen hans kom særskilt landsgymnasa til gode. Landsgymnas var ei viktig fanesak for målfolket. Voss starta på privat basis det fyrste av desse i Volda, og han var sidan lektor ved Voss offentlege landsgymnas og rektor ved Eidsvoll offentlege landsgymnas. Som rektor på Eidsvoll 1922-1945 var han ein dugande skuleleiar, men også omstridd. Det siste hang både saman med hans kompromisslause standpunkt i målsaka og med hans politiske haldningar. Under krigen gjekk han inn i NS og hadde fleire viktige verv særleg lokalt, men også i fylket og til dels i kulturpolitikken på nasjonal basis. Han vart avsett som rektor i 1945 og dømt for landssvik.   Les mer …

Siggeruds gate på Gjøvik.

Anton Evensen Siggerud (født 1845 i Eidsvoll, død 30. oktober 1899 på Gjøvik) var stasjonsmester på jernbanens brygge på Gjøvik. I bydelen Bakken i Gjøvik ligger Siggeruds gate, en villagate som strekker seg over to kvartaler, sørover fra Hunnsvegen til Bassengvegen. Noen har kanskje spurt seg: «Hvem var denne Siggerud?»

Sommeren 2000 kom det inn til Opplandsarkivets avdeling i Gjøvik ei kasse med arkivsaker, usedvanlig skitten og støvete var den. Under restaureringsarbeider var den funnet på loftet i Haugomgården, Hunnsvegen 3. Da det meste av støvet var fjernet, viste det seg at kassa antagelig hadde stått på loftet i omtrent hundre år. Da vi på arkivet leste noen av papirene, viste det seg etterhvert at innholdet kunne fortelle noe om hvem Siggerud på gateskiltet var.   Les mer …

Utsyn over ein del av Skjåk hovudsokn. Grendene Skjåkstronda (med Skjåk kyrkje) og Bersustronda på hitsida (sørsida) av Ottaelva, Aura (tverrelv frå Aursjoen) og grendene Reppen og Ramstadstronda på andre sida.
Foto: Hans P. Hosar (2011)
Geografien og ressursgrunnlaget i Skjåk har gjort at næringslivet heilt opp mot våre dagar i all hovudsak har vore jord- og skogbruksbasert. Dei store utmarksområda og høgfjellsstrekningane innan kommunen har vore utnytta som ein integrert del av gardsdrifta, og i nyare tid også til reiseliv, ferie- og fritidssyslar. Vassdraga har frå 1920-åra av vore utnytta til kraftproduksjon, seinast med utbygging av Øvre Otta på 2000-talet. Næringslivet er i dag etter måten differensiert, med eit ikkje ubetydeleg innslag av industri i bygdesenteret Bismo.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Oppland fylke/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Oppland fylke
 
Andre artiklar