Skip og kor, frå Gamle norske kirker, utg. 1922. Hedalen stavkyrkje står i bygda Hedalen i Sør-Aurdal, sør i Valdres. Ho vart reist som ei einskipa langkyrkje kring 1165, og vart i 1699 ombygd til ei korskyrkje. Den vestre delen av skipet er den opphavlege stavkyrkja. Ho er framleis soknekyrkje for Hedalen sokn. Kyrkja trakk òg folk frå mellom anna Ådalen, dei andre delane av Sør-Aurdal, Etnedal og Hallingdal til feiring av jonsok og mikkelsmess heilt fram til «Hedalsmessa» vart avskaffa kring 1850.Kyrkja vart stilhistorisk datert til kring 1165. Det er ikkje alltid lett å treffe blink med slik datering, men i dette høvet har seinare årringdatering vist at tømmeret vart hogd vintrane 1161/1162 og 1162/1163. Les mer …
Prøvedyrking av bråterug på Toten, bråten blir brent. (2013)
Bråtebruket var ein gammal dyrkingsmåte på Toten, minst like gammal som åkerbruket. Bøndene på Toten byrja altså med bråtebruk lenge før finneinnvandringa midt på 1600-talet. Det har tidlegare vore hevda at nordmennene tok etter finnane, som tok store avlingar, særleg av rug, etter å ha brent ned skogen og sådd i oska.
På Toten-bygdene var det mykje skog som kunne brennast til bråte, og mykje av skogen stod på næringsrik mark. Tilhøva låg med andre ord godt til rettes for bråtebruk. Nokre stader på bygda vart det brent bråte heilt til midten av 1800-talet. Les mer …
Sygard Stamstad i Lom. Store delar av sitt vaksne liv budde Tosten Olsen i Øvergrenda på husmannsplassar under Stamstad og andre gardar i nærleiken. Nordgard Stamstad, som kan skimtast i bakgrunnen, var lensmannsgard 1823-ca. 1846. Nabogarden Synstad var lensmannsgard etter det, fram til 1884, så var Sygard Stamstad og deretter igjen Synstad bustad for lensmannen fram til 1891. Tosten var godt kjend i desse gardane. Han var fleire gonger arrestant der. I bakgrunnen: Lomsegga og Fossbergom bygdesentrum. (2011)
Tosten Olsen Oppnåsen (fødd i Skjåk 11. april 1829, død i Lom 1918) var husmannsson og livnærde seg i vaksen alder som åkerbrytar, grøftegravar og med anna slags manuelt arbeid. Han fekk tidleg ord på seg for å vere ein rabagast og notorisk tjuvradd. Rettsprotokollane viser at ryktet ikkje var heilt ugrunna. Han vart også hugsa som ein god historieforteljar og skrønemakar. I likskap med ei rekkje samtidige representantar for bygdeproletariatet i Lom og Skjåk er Tosten udøyeleggjord som ein av aktørane i Olav Aukrusts dikt «Aksion på Tande», under oppnamnet Musken. Les mer …
Inntunet på Breili ca. 1900. Schultz bodde sannsynligvis i bygningen til høgre. Foto: Jens Raabes bok En storbygd
Børge Johan Schultz (født 24. juli 1764 i Ringsaker, død på Breili i Østre Toten 18. august 1826) var jurist og embetsmann. Schultz var fra 1790 til 1796 inspektør for Nordgrønland, der han blant annet måtte håndtere gjenstridige engelske hvalfangere. Fra 1800 til 1825 var han fogd i Totens fogderi, med bolig og kontor på Breili. I februar 1813 ble fogden utsatt for det første store bondeopprøret i Norge i forbindelse med matmangelen dette året. Sjøl var Schultz kjent som storeter og gourmand, og ble av opprørerne kalt «det feede best». Børge Schultz var sønn av major Christopher Jørgen Schultz (1725–73) og Johanne Crantz Eeg (død 1824). Som mange andre embetsmannsbarn fikk han hjemmeundervisning og begynte deretter som kontorist for ulike embetsmenn. Schultz reiste så til København for å studere jus, og 30. juli 1788 tok han eksamen med karakteren «bekvem». To år seinere gifta han seg i Eidsvoll med Martinette Christine Schultz Eeg (1753-1836), datter av romsdalsfogden Jacob Andreas Eeg (ca. 1715–87) og Elisabeth f. Leganger (1720–79). At Schultz' mor var født Eeg, kan antyde at han var i slekt med kona. Les mer …
K.G. Wågen vart gjerne midtpunktet der han var til stades. Her (med tversoversløyfe) frå eit konfirmasjonsselskap i Skjåk i 1963. Foto: Kristian Hosar.
Kristian Gerhard Wågen (fødd 9. september 1891 i Tingvoll, død 10. september 1982 i Skjåk) var lærar, underoffiser og lokalpolitikar. Han verka det meste av sitt vaksne liv i Skjåk. Der markerte han seg sterkt som kommunist på 1920-talet. Han gjorde mykje for å betre skulestellet i bygda, og har mykje av æra for at det kom i gang realskule i Lom og Skjåk. Han var målmann, og arbeidde for språkskifte til nynorsk i kommunen. I april 1940 stilte han som befal for lokale frivillige til motstand mot invasjonstroppane. Under okkupasjonen vart han arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen. Han vart også arrestert av Gestapo ved eit seinare høve. Wågen var handlekraftig, etter måten sjølvmedviten og hevda klåre meiningar. Han må seiast å ha vore ein omstridd person i Skjåk, iallfall i tida før krigen. Det hekk mykje saman med dei radikale politiske haldningane hans, men også med sider ved hans personlege livsførsel som folk ikkje tykte høvde så godt til hans rolle som kyrkjesongar, lærar og barneoppdragar. Les mer …
Lars Magnus Moen (fødd i Lesja 29. november 1885, død på Lillehammer fylkessjukehus 22. april 1964) var skreddar og politikar. Han var «husmannsguten som kom til kongens bord» idet han vart kyrkje- og undervisningsminister under statsministrane Einar Gerhardsen og Oscar Torp, i åra frå 1948 til 1953. Som stortingsmann og statsråd gjorde Moen mykje for å betre skulestellet i landet. Mellom anna gjorde han fyrste opptakten til den niårige grunnskulen. I hans statsrådstid vart ei rad viktige kulturinstitusjonar grunnlagde som gjorde mykje til å demokratisere tilgangen til kulturtilbod, geografisk og sosialt. Han skreiv nynorsk, og hadde på lang sikt eit ønske om språkleg samling i landet. Under krigen vart han arrestert for motstand mot regimet, og sat tre og eit halvt år i konsentrasjonsleir.Lars Moen var fødd på plassen Rånålykkja på Lesjaskogen. Det var husmannsplass under Sygard Rånå. Foreldra hadde teke til der året før Lars vart fødd. Les mer …
|