Valet til Riksforsamlinga 1814

Valet til Riksforsamlinga 1814 var det fyrste demokratiske valet i Noreg. Det vart gjennomført i februar og mai 1814, med prestegjelda og byane som valkrinsar. Alle mannlege embetsmenn, borgarar, jordeigarar og -brukarar og soldatar over 25 år hadde røysterett. Dette er langt frå seinare ideal om allmenn røysterett, men i 1814 var det meir inkluderande enn det ein fann i dei fleste andre land. I Nord-Noreg rakk dei ikkje å gjennomføre valet i tide til å vere med på RiksforsamlingaEidsvoll, men dei enkelte prestegjeld heldt val.

Eidsvollsmennene på Oscar Wergelands kjende maleri vart valde i prestegjeld, byar og militæravdelingar rundt om i landet.

Bakgrunn

Med Kielfreden av 14. januar 1814 vart bandet mellom Noreg og Danmark brote. Kong Frederik VI abdiserte som konge av Noreg, og statthaldar Christian Frederik tok styringa i Noreg som regent. Han prøvde fyrst å verta eineveldig konge, men dei norske stormennene godtok ikkje dette. I staden ville dei velje kongen, og lage ei grunnlov. Christian Frederik godtok dette, og stilte seg i spissen for opprøret.

For å kunne skrive grunnlova og velje ein konge måtte ein ha ei representativ forsamling, og det vart gjennom ope brev frå Christian Frederik innkalla til val.

Valordninga

Kvart prestegjeld valde to valmenn som vart sendt til ei amtsforsamling. Ein av dei to skulle vere bonde. På amtsforsamlinga valde dei tre representantar mellom valmennene. Av desse skulle minst ein vere bonde. I Mandals amt og Råbyggelagets amt valde dei to bønder.

I byane valde dei to valmenn frå kvart sokn, som så møttes og valde ein representant. Kristiania, Kristiansand og Trondheim fekk to representantar, medan Bergen fekk fire. I dei små byane med berre eit sokn vart representanten vald direkte av kyrkjelyden.

Dei militære avdelingane valde to valmenn, ein offiser og ein soldat. Desse vart så samla i hovudavdelingane, som valde ein offiser og ein soldat som representant til Riksforsamlinga.

Resultata frå dei enkelte val skulle sendast inn i form av ei adresse og fullmakt til regent Christian Frederik. I adressa skulle prestegjeldet gje valmennene fullmakt til å møte på amtsforsamlinga, og til å møte i Riksforsamlinga om dei vart vald som representantar for amtet. I adressene finn ein ofte hyllingar av regenten og anna som kyrkjelyden ville formidle. I andre høve eigentleg ikkje nokon adresse, berre ein fullmakt. Adresse og fullmakt skulle underskrivast av embetsmennene og av tolv «aktverdige menn» frå prestegjeldet.

Valet vart ikkje gjennomført etter reglane i alle prestegjeld. I Råbyggelagets amt valde dei to valmenn frå kvart sokn; til dømes sendte Bygland prestegjeld heile åtte valmenn til amtsforsamlinga. Eit anna døme på avvik er Sund prestegjeld, der dei ikkje valde nokre valmenn. I staden gav dei fullmakt til dei tre frå amtet, utan å sjølve vere med på å velje dei.

Gjennomføring

Valdagen skulle vere på ein særskild bededag den 25. februar. Ikkje alle prestegjeld klarte å gjennomføre dette, så valet vart mange stader gjennomført i mars.

Før valet måtte kyrkjelyden avlegge ein sjølvstende-ed. Dei måtte sverje på «At hævde Norges Selvstændighed og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland». Dei fleste prestegjeld bekrefta i adressa til regenten at dei hadde avlagt eden. Så vart sjølve valet gjennomført. Det var ikkje gitt nokon klar instruks om korleis ein skulle gjere det. I nokre adresser går det fram korleis menigheten gjorde det. Ein ser at i nokre høve var det soknepresten som utpeika valmennene, og dei som hadde røysterett gav sin tilslutning. I andre hadde dei hemmeleg val med ei urne på alteret, eller ope val med handsopprekking.

Nord-Noreg

I Nord-Noreg kom brev om valet for seint fram. I Nordlands amt vart det aldri gjennomført nokon amtsforsamling. Det siste valet der vart halde den 1. juli i Ofoten. I Finmarkens amt vart det halde amtsval den 1. august, og dette var reikna som val til Stortinget. At dei heldt val så seint som i juli skuldast dels at dei ikkje visste kor lenge Riksforsamlingas forhandlingar ville vare. Så lenge det ikkje hadde kome brev om at forsamlinga var oppløyst hadde dei et håp om å få vere med.

Den 17. juni 1814 vart det sendt eit kongeleg reskript til amtmennene i Nordlandene og Finmarkens amt, og der er det nemnd at ein hadde adresser frå prestegjelda. Men desse låg ikkje saman med adressene som vart overlevert på Eidsvoll, og ein trudde lenge at dei hadde gått tapt. Då verket Riksforsamlingens forhandlinger vart utgitt i 1914 var såleis ikkje adressene på dei to nordligaste amta med i fyrste omgang. Men i 1915 fann stiftsarkivar Anders Daae ein del av adressene i Nordlands amtsarkiv, og noko seinar fann rektor Quigstad adressene for Finmarkens amt. Det kom difor ut eit tilleggsbind til Riksforsamlingens forhandlinger i 1918, der adressene er trykt.

Valkrinsar

Her følgjer ei oversikt over dei ulike valkrinsane, det vil seie prestegjeld og sokn på landet, sokn i byane og militæravdelingar. For ei oversikt over dei som vart vald, sjå den sorterbare lista over medlemmer av Den Grunnlovgivende Forsamling. For valmenn frå kvar einskild krins, sjå artikkel om valet der ein slik finst. Det er ei målsetjing å få på plass artiklar om valet i alle einskilde krinsar.

Dei fleste stader var det kyrkja som var vallokale. I tabellane er dei kyrkjene som stend i 2013 merka med kursiv. For andre kyrkjer si del leiar lenkjene ofte til ei seinare kyrkje på same staden, gjerne med omtale av den eldre kyrkja kor valet vart gjennomført. Ei oversikt over kyrkjene finst i artikkelen valkyrkjene.

Byene

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Arendal Arendal kirke 11. mars Arendal kommune
Bergen Stiftamtmannens gård, Bergen 14. mars Bergen kommune
Domkirkens menighet i Bergen Bergen domkirke 11. mars Bergen kommune
Korskirkens menighet i Bergen Korskirken 11. mars Bergen kommune
Nykirkens menighet i Bergen Nykirken 11. mars Bergen kommune
Tyskemenigheten i Bergen Mariakirken 24. mars Bergen kommune
Christiania 15. mars Oslo kommune
Akershus slottsmenighet i Christiania Akershus slottskirke 25. februar Oslo kommune
Vår Frelsers menighet i Christiania Vår Frelsers kirke 25. februar Oslo kommune
Drammen 25. februar Drammen kommune
Strømsø i Drammen Bragernes kirke 25. februar Drammen kommune
Tangen i Drammen Tangen kirke 25. februar Drammen kommune
Fredrikshald Immanuels kirke 25. februar Halden kommune
Fredrikstad Østre Fredrikstad kirke 25. februar Fredrikstad kommune
Holmestrand Holmestrand kirke 25. mars Holmestrand kommune
Kongsberg Kongsberg kirke 4. mars Kongsberg kommune
Kragerø Kragerø kirke 4. mars Kragerø kommune
Kristiansand Kristiansand domkirke 4. mars Kristiansand kommune
Kristiansund Kirkelandet kirke 11. mars Kristiansund kommune
Larvik Larvik kirke 4. mars Larvik kommune
Molde Molde kirke 11. mars Molde kommune
Moss Moss kirke 25. februar Moss kommune
Porsgrunn Østre Porsgrunn kirke 4. mars Porsgrunn kommune
Risør Risør kirke 11. mars Risør kommune
Skien Skien kirke 4. mars Skien kommune
Stavanger Stavanger domkirke 18. mars Stavanger kommune
Trondheim Nidarosdomen 4. mars Trondheim kommune
Tønsberg Mariakirken 4. mars Tønsberg kommune

Akershus amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Akershus amt Ellingsrud 17. mars Akershus fylke
Oslo kommune
Aker prestegjeld Gamle Aker kirke 25. februar Oslo kommune
Asker prestegjeld Asker kirke 25. februar Asker kommune
Bærum kommune
Aurskog prestegjeld Aurskog kirke 25. februar Aurskog-Høland kommune
Eidsvoll prestegjeld Eidsvoll kirke 25. februar Eidsvoll kommune
Enebakk prestegjeld Enebakk kirke 25. februar Enebakk kommune
Fet prestegjeld Fet kirke 25. februar Fet kommune
Gjerdrum prestegjeld Gjerdrum kirke 25. februar Gjerdrum kommune
Hurdal prestegjeld Hurdal kirke 25. februar Hurdal kommune
Høland prestegjeld Løken kirke 4. mars Aurskog-Høland kommune
Kråkstad prestegjeld Kråkstad kirke 25. februar Ski kommune
Nannestad prestegjeld Nannestad kirke 4. mars Nannestad kommune
Nes prestegjeld Nes kirke 25. februar Nes kommune
Nesodden prestegjeld Nesodden kirke 25. februar Nesodden kommune
Nittedal prestegjeld Nittedal kirke 25. februar Nittedal kommune
Oslo (Gamle Oslo) Oslo Hospitals kirke 25. februar Oslo kommune
Skedsmo prestegjeld Skedsmo kirke 25. februar Skedsmo kommune
Lørenskog kommune
Sørum prestegjeld Sørum kirke 25. februar Sørum kommune
Ullensaker prestegjeld Ullensaker kirke 25. februar Ullensaker kommune
Vestby prestegjeld Vestby kirke 25. februar Vestby kommune
Ås prestegjeld Ås kirke 25. februar Ås kommune

Nordre Bergenhus amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Nordre Bergenhus amt Vange i Vik 30. mars Sogn og Fjordane fylke
Askvoll prestegjeld Askvoll kyrkje 18. mars Askvoll kommune
Aurland prestegjeld Vangen kyrkje 18. mars Aurland kommune
Davik prestegjeld Davik kyrkje 18. mars Bremanger kommune
Eid kommune
Vågsøy kommune
Eid prestegjeld Eid kyrkje 18. mars Eid kommune
Eivindvik prestegjeld Gulen kyrkje 11. mars Gulen kommune
Førde prestegjeld Førde kyrkje 18. mars Førde kommune
Gloppen prestegjeld Vereide kyrkje 18. mars Gloppen kommune
Hafslo prestegjeld Hafslo kyrkje 18. mars Luster kommune
Indre Holmedal prestegjeld Sande kyrkje 18. mars Gaular kommune
Ytre Holmedal prestegjeld Holmedal kyrkje 18. mars Askvoll kommune
Fjaler kommune
Innvik prestegjeld Innvik kyrkje 18. mars Stryn kommune
Jostedal prestegjeld Jostedal kyrkje 18. mars Luster kommune
Jølster prestegjeld Ålhus kyrkje 18. mars Jølster kommune
Kinn prestegjeld Kinn kyrkje 18. mars Flora kommune
Lavik prestegjeld Lavik kyrkje 18. mars Høyanger kommune
Leikanger prestegjeld Leikanger kyrkje 18. mars Leikanger kommune
Luster prestegjeld Dale kyrkje 18. mars Luster kommune
Lærdal prestegjeld Tønjum kyrkje 18. mars Lærdal kommune
Selje prestegjeld Selje kyrkje 18. mars Selje kommune
Sogndal prestegjeld Stedje kyrkje 18. mars Sogndal kommune
Vik prestegjeld Vik kyrkje 18. mars Vik kommune

Søndre Bergenhus amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Søndre Bergenhus amt Bergen rådstue 28. mars Hordaland fylke
Askøy prestegjeld Strusshamn kyrkje 11. mars Askøy kommune
Etne prestegjeld Gjerde kyrkje 18. mars Etne kommune
Fana prestegjeld Fana kyrkje 11. mars Bergen kommune
Finnås prestegjeld Moster gamle kyrkje 18. mars Bømlo kommune
Fjelberg prestegjeld Fjelberg kyrkje 18. mars Kvinnherad kommune
Vindafjord kommune
Granvin prestegjeld Ulvik kyrkje 18. mars Granvin kommune
Hamre prestegjeld Hamre kyrkje 11. mars Osterøy kommune
Haus prestegjeld Haus kyrkje 13. mars Osterøy kommune
Hosanger prestegjeld Hosanger kyrkje 11. mars Lindås kommune
Osterøy kommune
Kinsarvik prestegjeld Ullensvang kyrkje 15. mars Ullensvang kommune
Kvinnherad prestegjeld Kvinnherad kyrkje 18. mars Kvinnherad kommune
Lindås prestegjeld Lindås kyrkje 18. mars Lindås kommune
Manger prestegjeld Manger kyrkje 18. mars Radøy kommune
Øygarden kommune
Meland kommune
Askøy kommune
Os prestegjeld Os kyrkje 18. mars Os kommune
Skånevik prestegjeld Skånevik kyrkje 18. mars Etne kommune
Kvinnherad kommune
Stord prestegjeld Stord kyrkje 18. mars Stord kommune
Stamnes sokn Stamnes kyrkje 20. mars Vaksdal kommune
Strandebarm prestegjeld Strandebarm kyrkje 18. mars Kvam kommune
Jondal kommune
Sund prestegjeld Sund kyrkje 18. mars Sund kommune
Tysnes prestegjeld Tysnes kyrkje 18. mars Tysnes kommune
Vikøy prestegjeld Vikøy kyrkje 18. mars Kvam kommune
Voss prestegjeld Voss kyrkje 11. mars Voss kommune
Årstad prestegjeld St. Jørgens Hospitals kirke 11. mars Bergen kommune

Bratsberg amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Bratberg amt Fossum jernverk 23. mars Telemark fylke
Bamble prestegjeld Skeidi kirkja 4. mars Bamble kommune
Bø prestegjeld Bø gamle kyrkje 15. mars Bø kommune
Drangedal prestegjeld Drangedal kyrkje 4. mars Drangedal kommune
Eidanger prestegjeld Eidanger kyrkje 4. mars Porsgrunn kommune
Gjerpen prestegjeld Gjerpen kyrkje 11. mars Skien kommune
Porsgrunn kommune
Heddal prestegjeld Heddal stavkyrkje 4. mars Notodden kommune
Hjartdal prestegjeld Hjartdal kyrkje 18. mars Hjartdal kommune
Holla prestegjeld Holla kyrkje 4. mars Nome kommune
Skien kommune
Kviteseid prestegjeld Kviteseid gamle kyrkje 18. mars Kviteseid kommune
Lårdal prestegjeld Lårdal kyrkje 20. mars Tokke kommune
Mo prestegjeld Mo kyrkje 18. mars Tokke kommune
Moland prestegjeld Moland kyrkje Fyresdal kommune
Nissedal prestegjeld Nissedal kyrkje 18. mars Nissedal kommune
Sannidal prestegjeld Sannidal kyrkje 20. mars Kragerø kommune
Sauherad prestegjeld Sauherad kyrkje 4. mars Sauherad kommune
Seljord prestegjeld Seljord kyrkje 18. mars Seljord kommune
Solum prestegjeld Solum kyrkje 4. mars Skien kommune
Tinn prestegjeld Atrå kyrkje 18. mars Tinn kommune
Vinje prestegjeld Vinje kyrkje 18. mars Vinje kommune

Buskeruds amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Buskeruds amt Hokksund 30. mars Buskerud fylke
Eiker prestegjeld Haug kirke 4. mars Nedre Eiker kommune
Øvre Eiker kommune
Flesberg prestegjeld Flesberg stavkirke 4. mars Flesberg kommune
Hole prestegjeld Hole kirke 25. februar Hole kommune
Hurum prestegjeld Hurum kirke 4. mars Hurum kommune
Lier prestegjeld Frogner kirke 25. februar Lier kommune
Lyngdal sokn Lyngdal kirke 25. februar Flesberg kommune
Modum prestegjeld Heggen kirke 25. februar Modum kommune
Nes prestegjeld Nes kirke 4. mars Nes kommune
Norderhov prestegjeld Norderhov kirke 25. februar Ringerike kommune
Rollag prestegjeld Rollag stavkirke 4. mars Rollag kommune
Nore og Uvdal kommune
Røyken prestegjeld Røyken kirke 25. februar Røyken kommune
Sandsvær prestegjeld Efteløt kirke 4. mars Kongsberg kommune
Sigdal prestegjeld Holmen kirke 25. februar Sigdal kommune
Ål prestegjeld Ål kirke 4. mars Ål kommune

Strømm sokn i Hurum prestegjeld haldt eige val til Riksforsamlinga, av di soknet låg i Jarlsberg grevskap.

Finmarkens amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Finmarkens amt 1. august Troms fylke
Finnmark fylke
Alta-Talvik prestegjeld Talvik kirke 20. mai Alta kommune
Berg og Torsken prestegjeld Berg kirke Berg kommune
Torsken kommune
Hammerfest prestegjeld Hammerfest kirke 20. mai Hammerfest kommune
Hasvik sokn Hasvik kirke 7. juni Hasvik kommune
Ibestad prestegjeld Ibestad kirke 24. juni Ibestad kommune
Karlsøy prestegjeld Karlsøy kirke 31. mai Karlsøy kommune
Kistrand prestegjeld Kistrand kirke 29. mai Porsanger kommune
Kjøllefjord prestegjeld Kjøllefjord kirke 26. juni Lebesby kommune
Kvæfjord prestegjeld Kvæfjord kirke 15. juli Kvæfjord kommune
Lenvik prestegjeld Lenvik kirke 10. juli Lenvik kommune
Loppa prestegjeld Loppa kirke 27. mai Loppa kommune
Lyngen prestegjeld Lyngen kirke 31. mai Lyngen kommune
Måsøy sokn Måsøy kirke 30. mai Måsøy kommune
Sand sokn Bjarkøy kirke 17. juli Harstad kommune
Skjervøy prestegjeld Skjervøy kirke 31. mai Skjervøy kommune
Tranøy og Dyrøy prestegjeld Tranøy kirke 30. mai Tranøy kommune
Tromsø prestegjeld Elverhøy kirke 30. mai Tromsø kommune
Trondenes prestegjeld Trondenes kirke 15. juli Harstad kommune
Vadsø prestegjeld Vadsø kirke 13. mai Vadsø kommune
Vardø prestegjeld Vardø kirke 8. juni Vardø kommune

Hedemarkens amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Hedemarkens amt GaarderElverum 15. mars Hedmark fylke
Åmot prestegjeld Åmot kirke 4. mars Åmot kommune
Elverum prestegjeld Elverum kirke 25. februar Elverum kommune
Grue prestegjeld Grue kirke 25. februar Grue kommune
Hof Hof kirke 25. februar Åsnes kommune
Kvikne prestegjeld Kvikne kirke 4. mars Tynset kommune
Rennebu kommune
Løten prestegjeld Løten kirke 25. februar Løten kommune
Nes prestegjeld Nes kirke 25. februar Ringsaker kommune
Rendalen prestegjeld Øvre Rendal kirke 4. mars Rendalen kommune
Engerdal kommune
Ringsaker prestegjeld Ringsaker kirke 25. februar Ringsaker kommune
Romedal prestegjeld Romedal kirke 25. februar Stange kommune
Sand sokn Sand kirke 25. februar Nord-Odal kommune
Stange prestegjeld Stange kirke 25. februar Stange kommune
Strøm sokn Strøm kirke 25. februar Sør-Odal kommune
Tolga prestegjeld Tolga kirke 4. mars Tolga kommune
Trysil prestegjeld Trysil kirke 25. februar Trysil kommune
Tynset prestegjeld Tynset kirke 4. mars Tynset kommune
Rennebu kommune
Alvdal kommune
Vang prestegjeld Vang kirke 25. februar Hamar kommune
Vinger prestegjeld Vinger kirke 25. februar Kongsvinger kommune

Prestegjelda Kvikne og Tynset omfatta område som seinare vart overført til Rennebu kommune i Trøndelag.

Jarlsberg grevskap

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Jarlsberg grevskap Rostad i Våle 14. mars Vestfold fylke
Andebu prestegjeld Andebu kirke 4. mars Sandefjord kommune
Borre prestegjeld Borre kirke 4. mars Horten kommune
Botne prestegjeld Holmestrand kirke 3. mars Holmestrand kommune
Hof prestegjeld Hof kirke 25. februar Hof kommune
Lardal prestegjeld Svarstad kirke 4. mars Lardal kommune
Nøtterøy prestegjeld Nøtterøy kirke 4. mars Nøtterøy kommune
Ramnes prestegjeld Ramnes kirke 4. mars Re kommune
Sande prestegjeld Sande kirke 25. februar Sande kommune
Sem prestegjeld Sem kirke 4. mars Tønsberg kommune
Skoger prestegjeld Skoger gamle kirke 5. mars Drammen kommune
Stokke prestegjeld Stokke kirke 4. mars Sandefjord kommune
Strømm sokn Hurum kirke 4. mars Svelvik kommune
Våle prestegjeld Våle kirke 25. februar Re kommune

Kristians amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Kristians amt Hunn i Vardal 14. mars Oppland fylke
Biri prestegjeld Biri kirke 4. mars Gjøvik kommune
Fåberg prestegjeld Fåberg kirke 25. februar Lillehammer kommune
Fron prestegjeld Sør-Fron kirke 4. mars Sør-Fron kommune
Nord-Fron kommune
Gausdal prestegjeld Østre Gausdal kirke 25. februar Gausdal kommune
Gran prestegjeld Nikolaikirken 25. februar Gran kommune
Jevnaker prestegjeld Jevnaker kirke 25. februar Jevnaker kommune
Land prestegjeld Fluberg kirke 4. mars Søndre Land kommune
Nordre Land kommune
Lesja prestegjeld Lesja kyrkje 4. mars Lesja kommune
Dovre kommune
Lom prestegjeld Lom stavkyrkje 4. mars Lom kommune
Skjåk kommune
Nord-Aurdal prestegjeld Aurdal kirke 4. mars Nord-Aurdal kommune
Ringebu prestegjeld Ringebu stavkyrkje 25. februar Ringebu kommune
Slidre prestegjeld Slidre kyrkje 4. mars Øystre Slidre kommune
Vestre Slidre kommune
Sør-Aurdal prestegjeld Bagn kyrkje 4. mars Sør-Aurdal kommune
Toten prestegjeld Hoff kirke 4. mars Østre Toten kommune
Vestre Toten kommune
Vang prestegjeld Vang kyrkje 25. februar Vang kommune
Vardal prestegjeld Vardal kirke 4. mars Gjøvik kommune
Vågå prestegjeld Vågå kyrkje 4. mars Vågå kommune
Øyer prestegjeld Øyer kirke 4. mars Øyer kommune

Larvik grevskap

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Larvik grevskap 10. mars Vestfold fylke
Brunlanes prestegjeld Tanum kirke 25. februar Larvik kommune
Hedrum prestegjeld Hedrum kirke 4. mars Larvik kommune
Sandar prestegjeld Sandar kirke 25. februar Sandefjord kommune
Tjølling prestegjeld Tjølling kirke 25. februar Larvik kommune

Lister amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Lister amt Fedde i Fedde 16. mars Vest-Agder fylke
Austad sokn Lyngdal kirke 11. mars Lyngdal kommune
Bakke prestegjeld Bakke kirke 11. mars Flekkefjord kommune
Bjelland prestegjeld Bjelland kirke 11. mars Marnardal kommune
Farsund sokn Vanse kirke 11. mars Farsund kommune
Grinnem sokn Bjelland kirke 11. mars Marnardal kommune
Gyland sokn Bakke kirke 11. mars Flekkefjord kommune
Herad sokn Vanse kirke 11. mars Farsund kommune
Hidra prestegjeld Hidra kirke 11. mars Flekkefjord kommune
Kvås sokn Lyngdal kirke 11. mars Lyngdal kommune
Nedre Kvinesdal prestegjeld Kvinesdal kirke 11. mars Kvinesdal kommune
Øvre Kvinesdal prestegjeld Hægebostad kirke 11. mars Hægebostad kommune
Spind sokn Vanse kirke 11. mars Farsund kommune
Tonstad sokn Bakke kirke 11. mars Flekkefjord kommune
Vanse prestegjeld Vanse kirke 11. mars Farsund kommune
Å sokn Lyngdal kirke 11. mars Lyngdal kommune

Mandals amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Mandals amt Lunde i Søgne 19. mars Vest-Agder fylke
Finsland prestegjeld Bjelland kirke 11. mars Marnardal kommune
Halse sokn Mandal kirke 11. mars Mandal kommune
Harkmark prestegjeld Harkmark kirke 13. mars Mandal kommune
Holum prestegjeld Holum kirke 11. mars Mandal kommune
Hægeland sokn Øvrebø kirke Vennesla kommune
Konsmo sokn Konsmo kirke 11. mars Audnedal kommune
Oddernes prestegjeld Oddernes kirke 11. mars Kristiansand kommune
Spangereid sokn Spangereid kirke 11. mars Lindesnes kommune
Søgne prestegjeld Søgne gamle kirke Søgne kommune
Tveit prestegjeld Tveit kirke 11. mars Kristiansand kommune
Valle sokn Valle kirke 11. mars Lindesnes kommune
Vennesla sokn Øvrebø kirke Vennesla kommune
Vigmostad sokn Vigmostad kirke 11. mars Lindesnes kommune
Øvrebø sokn Øvrebø kirke Vennesla kommune

Nedenes amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Nedenes amt Brekke i Moland 14. mars Aust-Agder fylke
Birkenes prestegjeld Tveit kirke 11. mars Birkenes kommune
Dypvåg prestegjeld Dypvåg kirke 11. mars Tvedestrand kommune
Flosta prestegjeld Flosta kirke 13. mars Arendal kommune
Gjerstad prestegjeld Gjerstad kirke 11. mars Gjerstad kommune
Holt prestegjeld Holt kirke 11. mars Tvedestrand kommune
Hommedal prestegjeld Landvik kirke 12. mars Grimstad kommune
Vestre Moland prestegjeld Vestre Moland kirke 11. mars Lillesand kommune
Østre Moland prestegjeld Tromøy kirke 11. mars Arendal kommune
Søndeled prestegjeld Indre Søndeled kirke 11. mars Risør
Øyestad prestegjeld Øyestad kirke 11. mars Arendal kommune

Nordlandenes amt

Det vart ikkje gjennomført noko amtsval i Nordlandenes amt, då vala i prestegjelda ikkje var ferdige før i juli.

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Bodø prestegjeld Bodø kirke 29. april Bodø kommune
Borge prestegjeld Borge kirke 6. mai Vestvågøy kommune
Buksnes og Hol sokn Buksnes kirke
Hol kirke
6. mai
19. mai
Vestvågøy kommune
Bø prestegjeld Bø kirke
Malnes kirke
1. mai
8. mai
Bø kommune
Dverberg prestegjeld Dverberg kirke Andøy kommune
Dønna sokn Dønnes kirke 5. juni Dønna kommune
Flakstad prestegjeld Flakstad kirke 12. mai Flakstad kommune
Hadsel prestegjeld Hadsel kirke 6. mai Hadsel kommune
Hamarøy prestegjeld Hamarøy kirke 13. mai Hamarøy kommune
Lødingen prestegjeld Lødingen kirke 28. juni Lødingen kommune
Meløy sokn Meløy kirke 6. juni Meløy kommune
Nesna prestegjeld Nesna kirke 3. juni Nesna kommune
Ofoten prestegjeld Evenes kirke 1. juli Evenes kommune
Rødøy prestegjeld Rødøy kirke 2. juni Rødøy kommune
Saltdal prestegjeld Saltdal kirke 29. april Saltdal kommune
Skjerstad prestegjeld Skjerstad kirke 29. april Bodø kommune
Sortland sokn Sortland kirke 14. mai Sortland kommune
Valberg sokn Valberg kirke 19. mai Vestvågøy kommune
Vefsn prestegjeld Dolstad kirke 5. juni Vefsn kommune
Vega prestegjeld Vega kirke 5. juni Vega kommune
Værøy prestegjeld Værøy gamle kirke 19. mai Værøy kommune
Røst kommune
Vågan prestegjeld Vågan kirke
Gimsøy kirke
6. mai
19. mai
Vågan kommune
Øksnes prestegjeld Øksnes kirke 22. mai Øksnes kommune

Romsdals amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Romsdals amt Nøjsomheden i Molde 30. mars Møre og Romsdal fylke
Aukra prestegjeld Aukra kyrkje
Vågøy kyrkje
11. mars
18. mars
Aukra kommune
Fræna kommune
Aure prestegjeld Aure kyrkje 18. mars Aure kommune
Bolsøy prestegjeld Bolsøy kyrkje
Kleive kyrkje
18. mars
20. mars
Molde kommune
Borgund prestegjeld Borgund kyrkje 18. mars Ålesund kommune
Bremsnes sokn Bremsnes kyrkje 11. mars Averøy kommune
Bud prestegjeld Bud kyrkje 21. mars Fræna kommune
Edøy prestegjeld Edøy gamle kyrkje 22. mars Smøla kommune
Grip prestegjeld Grip stavkyrkje 11. mars Kristiansund kommune
Grytten prestegjeld Grytten kyrkje 18. mars Rauma kommune
Haram prestegjeld Haram kyrkje 25. mars Haram kommune
Herøy prestegjeld Herøy gamle kyrkje 25. mars Herøy kommune
Hjørundfjord prestegjeld Hjørundfjord kyrkje 25. mars Ørsta kommune
Kornstad sokn Kornstad kyrkje 13. mars Averøy kommune
Kvernes prestegjeld Kvernes stavkyrkje 13. mars Averøy kommune
Nesset prestegjeld Nesset kyrkje 25. mars Nesset kommune
Norddal prestegjeld Norddal kyrkje 25. mars Norddal kommune
Stangvik prestegjeld Stangvik kyrkje 11. mars Surnadal kommune
Stranda prestegjeld Stranda kyrkje 25. mars Stranda kommune
Sunndal prestegjeld Hov kyrkje 11. mars Sunndal kommune
Surnadal prestegjeld Ranes kyrkje 11. mars Surnadal kommune
Tingvoll prestegjeld Tingvoll kyrkje 18. mars Tingvoll kommune
Ulstein og Hareid sokn Hareid kyrkje 25. mars Hareid kommune
Vanylven prestegjeld Vanylven kyrkje 25. mars Vanylven kommune
Veøy prestegjeld Veøy gamle kyrkje 11. mars Molde kommune
Volda prestegjeld Volda kyrkje Volda kommune
Ørskog prestegjeld Ørskog kyrkje 25. mars Ørskog kommune

Råbyggelagets amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Råbyggelagets amt Lauvdal i Bygland 23. mars Aust-Agder fylke
Bygland prestegjeld Bygland kyrkje 11. mars Bygland kommune
Evje prestegjeld Evje kyrkje 11. mars Evje og Hornnes kommune
Birkenes kommune
Herefoss sokn Herefoss kyrkje 19. mars Birkenes kommune
Valle prestegjeld Valle kyrkje 18. mars Valle kommune
Bykle kommune
Åmli prestegjeld Åmli kyrkje 11. mars Åmli kommune
Åseral prestegjeld Bjelland kyrkje 11. mars Marnardal kommune

Smålenenes amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Smålenenes amt Tune prestegård 21. mars Østfold fylke
Aremark prestegjeld Aremark kirke 4. mars Aremark kommune
Askim prestegjeld Askim kirke 25. februar Askim kommune
Berg prestegjeld Berg kirke 25. februar Halden kommune
Borge prestegjeld Borge kirke 25. februar Fredrikstad kommune
Eidsberg prestegjeld Eidsberg kirke 4. mars Eidsberg kommune
Glemmen sokn Gamle Glemmen kirke 25. februar Fredrikstad kommune
Hobøl prestegjeld Hobøl kirke 4. mars Hobøl kommune
Hvaler prestegjeld Hvaler kirke 25. februar Hvaler kommune
Idd prestegjeld Idd kirke 25. februar Halden kommune
Moss landsokn Moss kirke 25. februar Moss kommune
Onsøy prestegjeld Onsøy kirke 25. februar Fredrikstad kommune
Råde prestegjeld Råde kirke 25. februar Råde kommune
Rakkestad prestegjeld Rakkestad kirke 4. mars Rakkestad kommune
Rygge Rygge kirke 18. mars Rygge kommune
Rødenes prestegjeld Rødenes kirke 25. februar Marker kommune
Skiptvet prestegjeld Skiptvet kirke 25. februar Skiptvet kommune
Skjeberg prestegjeld Skjeberg kirke 25. februar Sarpsborg kommune
Spydeberg prestegjeld Spydeberg kirke 4. mars Spydeberg kommune
Tune prestegjeld Tune kirke 25. februar Sarpsborg kommune
Trøgstad prestegjeld Trøgstad kirke 25. februar Trøgstad kommune
Våler prestegjeld Våler kirke 4. mars Våler kommune

Stavanger amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Stavanger amt 24. mars Rogaland fylke
Avaldsnes prestegjeld Avaldsnes kyrkje 18. mars Karmøy kommune
Bjerkreim sokn Bjerkreim kyrkje 11. mars Bjerkreim kommune
Bokn sokn Falnes kyrkje 18. mars Karmøy kommune
Egersund prestegjeld Egersund kyrkje 11. mars Eigersund kommune
Falnes sokn Falnes kyrkje 18. mars Karmøy kommune
Ferkingstad sokn Falnes kyrkje 18. mars Karmøy kommune
Finnøy prestegjeld Hesby kyrkje 18. mars Finnøy kommune
Gjesdal sokn Time kyrkje 18. mars Gjesdal kommune
Helleland prestegjeld Helleland kyrkje 18. mars Eigersund kommune
Heskestad sokn Helleland kyrkje 18. mars Eigersund kommune
Hetland prestegjeld Stavanger domkyrkje 18. mars Stavanger kommune
Hjelmeland prestegjeld Hjelmeland kyrkje 18. mars Hjelmeland kommune
Høle sokn Høle kyrkje 20. mars Sandnes kommune
Høyland prestegjeld Høyland kyrkje 18. mars Sandnes kommune
Hå prestegjeld Nærbø gamle kyrkje 18. mars Hå kommune
Håland prestegjeld Sola kyrkje 18. mars Sola kommune
Jelsa prestegjeld Jelsa kyrkje 18. mars Suldal kommune
Klepp prestegjeld Klepp kyrkje 18. mars Klepp kommune
Nedstrand prestegjeld Nedstrand kyrkje 18. mars Tysvær kommune
Ogna sokn Ogna kyrkje 18. mars Hå kommune
Randaberg sokn Stavanger domkyrkje 18. mars Stavanger kommune
Rennesøy prestegjeld Hausken kyrkje 18. mars Rennesøy kommune
Skjold prestegjeld Skjold kyrkje 18. mars Vindafjord kommune
Sveio kommune
Sokndal prestegjeld Sokndal kyrkje 18. mars Sokndal kommune
Strand prestegjeld Strand kyrkje 19. mars Strand kommune
Suldal prestegjeld Suldal kyrkje 18. mars Suldal kommune
Talgje sokn Hesby kyrkje 18. mars Finnøy kommune
Time sokn Time kyrkje 18. mars Time kommune
Tonstad sokn Bakke kyrkje 11. mars Flekkefjord kommune
Torvastad prestegjeld Torvastad kyrkje 19. mars Karmøy kommune
Tysvær sokn Skjold kyrkje 18. mars Tysvær kommune
Vats sokn Skjold kyrkje 18. mars Tysvær kommune
Vindafjord kommune
Vikedal prestegjeld Vikedal kyrkje 18. mars Vindafjord kommune
Åkra sokn Falnes kyrkje 18. mars Karmøy kommune

Nordre Trondhjems amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Nordre Trondhjems amt Brusveet i Skogn 25. mars Nord-Trøndelag
Beitstad prestegjeld Beitstad kirke 11. mars Steinkjer kommune
Fosnes prestegjeld Vik kirke 20. mars Flatanger kommune
Frosta prestegjeld Logtun kirke 11. mars Frosta kommune
Inderøy prestegjeld Sakshaug gamle kirke 11. mars Inderøy kommune
Leksvik prestegjeld Leksvik kirke 11. mars Leksvik kommune
Nærøy prestegjeld Nærøy gamle kirke 18. mars Nærøy kommune
Overhalla prestegjeld Ranem kirke 11. mars Overhalla kommune
Skogn prestegjeld Alstadhaug kirke 11. mars Levanger kommune
Snåsa prestegjeld Snåsa kirke 12. mars Snåsa kommune
Stjørdal prestegjeld Værnes kirke 22. mars Stjørdal kommune
Sparbu prestegjeld Mære kirke 11. mars Steinkjer kommune
Stod prestegjeld For kirke Steinkjer kommune
Verdal prestegjeld Stiklestad kirke 11. mars Verdal kommune
Ytterøy prestegjeld Ytterøy kirke 11. mars Levanger kommune

Søndre Trondhjems amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Søndre Trondhjems amt Melhus i Melhus 28. mars Sør-Trøndelag
Bjørnør prestegjeld Roan kirke 20. mars Roan kommune
Byneset prestegjeld Byneset kirke 11. mars Trondheim kommune
Hemne prestegjeld Hemne kirke 22. mars Hemne kommune
Hitra prestegjeld Dolm kirke 20. mars Hitra kommune
Haltdalen prestegjeld Haltdalen stavkirke 18. mars Holtålen kommune
Klæbu prestegjeld Klæbu kirke 11. mars Klæbu kommune
Meldal prestegjeld Meldal kirke 16. mars Meldal kommune

Rennebu kommune

Melhus prestegjeld Melhus kirke 11. mars Melhus kommune
Oppdal prestegjeld Oppdal kirke 11. mars Oppdal kommune
Røros prestegjeld Røros kirke 11. mars Røros kommune
Selbu prestegjeld Selbu kirke
Tydal kirke
4. mars
11. mars
Selbu kommune
Tydal kommune
Stadsbygd prestegjeld Rissa kirke 11. mars Rissa kommune
Strinda prestegjeld Lade kirke 11. mars Trondheim kommune
Støren prestegjeld Støren kirke 11. mars Midtre Gauldal kommune
Ørland prestegjeld Ørland kirke 11. mars Ørland kommune
Åfjord prestegjeld Åfjord kirke 11. mars Åfjord kommune

Landstyrkene

Valkrins Lokale Dato
Akershusiske ridende jegerkorps Oberstløytnant Nilsons kvarter, Christiania 12. mars
Akershusiske skarpskytterregiment Kongsvinger festning 17. mars
Artilleribrigaden Stabskvarteret, Christiania 22. mars
Bergenhusiske infanteriregiment Helje i Spydeberg 31. mars
Frivillige rørosiske bergjegerkorps
Ingeniørbrigaden Christiania 8. april
Norske jegerkorps Brigadekvarteret Hafslund 14. mars
Oplandske infanteriregiment Sørum i Sørum 27. februar
Søndenfjeldske dragonregiment RustadToten 28. mars
Søndenfjeldske infanteriregiment Halden 10. mars
Telemarkske infanteriregiment Fredriksvern
Trondhjemske dragonkorps Brusveet i Skogn 9. mars
Første trondhjemske infanteriregiment Trondheim
Westerlehnske infanteriregiment Stabscantonnementskvarteret i Christiania 4. april

Sjødefensjonen

Valkrins Lokale Dato
Sjødefensjonen Frederiksvern 3. april
Briggen «Allart» 28. mars
Briggen «Alsen» 28. mars
Orlogsbriggen «Kiel» 28. mars
Orlogsbriggen «Langeland» 28. mars
Orlogsbriggen «Lolland» 28. mars
Briggen «Seagull» 28. mars
Christiansands verft Kristiansand verft 28. mars
Frederiksvern verft Frederiksvern 1. april

Kjelder