Valet til Riksforsamlinga 1814
Valet til Riksforsamlinga 1814 var det fyrste demokratiske valet i Noreg. Det vart gjennomført i februar og mai 1814, med prestegjelda og byane som valkrinsar. Alle mannlege embetsmenn, borgarar, jordeigarar og -brukarar og soldatar over 25 år hadde røysterett. Dette er langt frå seinare ideal om allmenn røysterett, men i 1814 var det meir inkluderande enn det ein fann i dei fleste andre land. I Nord-Noreg rakk dei ikkje å gjennomføre valet i tide til å vere med på Riksforsamlinga på Eidsvoll, men dei enkelte prestegjeld heldt val.
Bakgrunn
Med Kielfreden av 14. januar 1814 vart bandet mellom Noreg og Danmark brote. Kong Frederik VI abdiserte som konge av Noreg, og statthaldar Christian Frederik tok styringa i Noreg som regent. Han prøvde fyrst å verta eineveldig konge, men dei norske stormennene godtok ikkje dette. I staden ville dei velje kongen, og lage ei grunnlov. Christian Frederik godtok dette, og stilte seg i spissen for opprøret.
For å kunne skrive grunnlova og velje ein konge måtte ein ha ei representativ forsamling, og det vart gjennom ope brev frå Christian Frederik innkalla til val.
Valordninga
Kvart prestegjeld valde to valmenn som vart sendt til ei amtsforsamling. Ein av dei to skulle vere bonde. På amtsforsamlinga valde dei tre representantar mellom valmennene. Av desse skulle minst ein vere bonde. I Mandals amt og Råbyggelagets amt valde dei to bønder.
I byane valde dei to valmenn frå kvart sokn, som så møttes og valde ein representant. Kristiania, Kristiansand og Trondheim fekk to representantar, medan Bergen fekk fire. I dei små byane med berre eit sokn vart representanten vald direkte av kyrkjelyden.
Dei militære avdelingane valde to valmenn, ein offiser og ein soldat. Desse vart så samla i hovudavdelingane, som valde ein offiser og ein soldat som representant til Riksforsamlinga.
Resultata frå dei enkelte val skulle sendast inn i form av ei adresse og fullmakt til regent Christian Frederik. I adressa skulle prestegjeldet gje valmennene fullmakt til å møte på amtsforsamlinga, og til å møte i Riksforsamlinga om dei vart vald som representantar for amtet. I adressene finn ein ofte hyllingar av regenten og anna som kyrkjelyden ville formidle. I andre høve eigentleg ikkje nokon adresse, berre ein fullmakt. Adresse og fullmakt skulle underskrivast av embetsmennene og av tolv «aktverdige menn» frå prestegjeldet.
Valet vart ikkje gjennomført etter reglane i alle prestegjeld. I Råbyggelagets amt valde dei to valmenn frå kvart sokn; til dømes sendte Bygland prestegjeld heile åtte valmenn til amtsforsamlinga. Eit anna døme på avvik er Sund prestegjeld, der dei ikkje valde nokre valmenn. I staden gav dei fullmakt til dei tre frå amtet, utan å sjølve vere med på å velje dei.
Gjennomføring
Valdagen skulle vere på ein særskild bededag den 25. februar. Ikkje alle prestegjeld klarte å gjennomføre dette, så valet vart mange stader gjennomført i mars.
Før valet måtte kyrkjelyden avlegge ein sjølvstende-ed. Dei måtte sverje på «At hævde Norges Selvstændighed og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland». Dei fleste prestegjeld bekrefta i adressa til regenten at dei hadde avlagt eden. Så vart sjølve valet gjennomført. Det var ikkje gitt nokon klar instruks om korleis ein skulle gjere det. I nokre adresser går det fram korleis menigheten gjorde det. Ein ser at i nokre høve var det soknepresten som utpeika valmennene, og dei som hadde røysterett gav sin tilslutning. I andre hadde dei hemmeleg val med ei urne på alteret, eller ope val med handsopprekking.
Nord-Noreg
I Nord-Noreg kom brev om valet for seint fram. I Nordlands amt vart det aldri gjennomført nokon amtsforsamling. Det siste valet der vart halde den 1. juli i Ofoten. I Finmarkens amt vart det halde amtsval den 1. august, og dette var reikna som val til Stortinget. At dei heldt val så seint som i juli skuldast dels at dei ikkje visste kor lenge Riksforsamlingas forhandlingar ville vare. Så lenge det ikkje hadde kome brev om at forsamlinga var oppløyst hadde dei et håp om å få vere med.
Den 17. juni 1814 vart det sendt eit kongeleg reskript til amtmennene i Nordlandene og Finmarkens amt, og der er det nemnd at ein hadde adresser frå prestegjelda. Men desse låg ikkje saman med adressene som vart overlevert på Eidsvoll, og ein trudde lenge at dei hadde gått tapt. Då verket Riksforsamlingens forhandlinger vart utgitt i 1914 var såleis ikkje adressene på dei to nordligaste amta med i fyrste omgang. Men i 1915 fann stiftsarkivar Anders Daae ein del av adressene i Nordlands amtsarkiv, og noko seinar fann rektor Quigstad adressene for Finmarkens amt. Det kom difor ut eit tilleggsbind til Riksforsamlingens forhandlinger i 1918, der adressene er trykt.
Valkrinsar
Her følgjer ei oversikt over dei ulike valkrinsane, det vil seie prestegjeld og sokn på landet, sokn i byane og militæravdelingar. For ei oversikt over dei som vart vald, sjå den sorterbare lista over medlemmer av Den Grunnlovgivende Forsamling. For valmenn frå kvar einskild krins, sjå artikkel om valet der ein slik finst. Det er ei målsetjing å få på plass artiklar om valet i alle einskilde krinsar.
Dei fleste stader var det kyrkja som var vallokale. I tabellane er dei kyrkjene som stend i 2013 merka med kursiv. For andre kyrkjer si del leiar lenkjene ofte til ei seinare kyrkje på same staden, gjerne med omtale av den eldre kyrkja kor valet vart gjennomført. Ei oversikt over kyrkjene finst i artikkelen valkyrkjene.
Byene
Akershus amt
Nordre Bergenhus amt
Søndre Bergenhus amt
Bratsberg amt
Buskeruds amt
Valkrins | Lokale | Dato | Dagens kommune/kommunar |
---|---|---|---|
Buskeruds amt | Hokksund | 30. mars | Buskerud fylke |
Eiker prestegjeld | Haug kirke | 4. mars | Nedre Eiker kommune Øvre Eiker kommune |
Flesberg prestegjeld | Flesberg stavkirke | 4. mars | Flesberg kommune |
Hole prestegjeld | Hole kirke | 25. februar | Hole kommune |
Hurum prestegjeld | Hurum kirke | 4. mars | Hurum kommune |
Lier prestegjeld | Frogner kirke | 25. februar | Lier kommune |
Lyngdal sokn | Lyngdal kirke | 25. februar | Flesberg kommune |
Modum prestegjeld | Heggen kirke | 25. februar | Modum kommune |
Nes prestegjeld | Nes kirke | 4. mars | Nes kommune |
Norderhov prestegjeld | Norderhov kirke | 25. februar | Ringerike kommune |
Rollag prestegjeld | Rollag stavkirke | 4. mars | Rollag kommune Nore og Uvdal kommune |
Røyken prestegjeld | Røyken kirke | 25. februar | Røyken kommune |
Sandsvær prestegjeld | Efteløt kirke | 4. mars | Kongsberg kommune |
Sigdal prestegjeld | Holmen kirke | 25. februar | Sigdal kommune |
Ål prestegjeld | Ål kirke | 4. mars | Ål kommune |
Strømm sokn i Hurum prestegjeld haldt eige val til Riksforsamlinga, av di soknet låg i Jarlsberg grevskap.
Finmarkens amt
Hedemarkens amt
Prestegjelda Kvikne og Tynset omfatta område som seinare vart overført til Rennebu kommune i Trøndelag.
Jarlsberg grevskap
Valkrins | Lokale | Dato | Dagens kommune/kommunar |
---|---|---|---|
Jarlsberg grevskap | Rostad i Våle | 14. mars | Vestfold fylke |
Andebu prestegjeld | Andebu kirke | 4. mars | Sandefjord kommune |
Borre prestegjeld | Borre kirke | 4. mars | Horten kommune |
Botne prestegjeld | Holmestrand kirke | 3. mars | Holmestrand kommune |
Hof prestegjeld | Hof kirke | 25. februar | Hof kommune |
Lardal prestegjeld | Svarstad kirke | 4. mars | Lardal kommune |
Nøtterøy prestegjeld | Nøtterøy kirke | 4. mars | Nøtterøy kommune |
Ramnes prestegjeld | Ramnes kirke | 4. mars | Re kommune |
Sande prestegjeld | Sande kirke | 25. februar | Sande kommune |
Sem prestegjeld | Sem kirke | 4. mars | Tønsberg kommune |
Skoger prestegjeld | Skoger gamle kirke | 5. mars | Drammen kommune |
Stokke prestegjeld | Stokke kirke | 4. mars | Sandefjord kommune |
Strømm sokn | Hurum kirke | 4. mars | Svelvik kommune |
Våle prestegjeld | Våle kirke | 25. februar | Re kommune |
Kristians amt
Larvik grevskap
Valkrins | Lokale | Dato | Dagens kommune/kommunar |
---|---|---|---|
Larvik grevskap | 10. mars | Vestfold fylke | |
Brunlanes prestegjeld | Tanum kirke | 25. februar | Larvik kommune |
Hedrum prestegjeld | Hedrum kirke | 4. mars | Larvik kommune |
Sandar prestegjeld | Sandar kirke | 25. februar | Sandefjord kommune |
Tjølling prestegjeld | Tjølling kirke | 25. februar | Larvik kommune |
Lister amt
Valkrins | Lokale | Dato | Dagens kommune/kommunar |
---|---|---|---|
Lister amt | Fedde i Fedde | 16. mars | Vest-Agder fylke |
Austad sokn | Lyngdal kirke | 11. mars | Lyngdal kommune |
Bakke prestegjeld | Bakke kirke | 11. mars | Flekkefjord kommune |
Bjelland prestegjeld | Bjelland kirke | 11. mars | Marnardal kommune |
Farsund sokn | Vanse kirke | 11. mars | Farsund kommune |
Grinnem sokn | Bjelland kirke | 11. mars | Marnardal kommune |
Gyland sokn | Bakke kirke | 11. mars | Flekkefjord kommune |
Herad sokn | Vanse kirke | 11. mars | Farsund kommune |
Hidra prestegjeld | Hidra kirke | 11. mars | Flekkefjord kommune |
Kvås sokn | Lyngdal kirke | 11. mars | Lyngdal kommune |
Nedre Kvinesdal prestegjeld | Kvinesdal kirke | 11. mars | Kvinesdal kommune |
Øvre Kvinesdal prestegjeld | Hægebostad kirke | 11. mars | Hægebostad kommune |
Spind sokn | Vanse kirke | 11. mars | Farsund kommune |
Tonstad sokn | Bakke kirke | 11. mars | Flekkefjord kommune |
Vanse prestegjeld | Vanse kirke | 11. mars | Farsund kommune |
Å sokn | Lyngdal kirke | 11. mars | Lyngdal kommune |
Mandals amt
Valkrins | Lokale | Dato | Dagens kommune/kommunar |
---|---|---|---|
Mandals amt | Lunde i Søgne | 19. mars | Vest-Agder fylke |
Finsland prestegjeld | Bjelland kirke | 11. mars | Marnardal kommune |
Halse sokn | Mandal kirke | 11. mars | Mandal kommune |
Harkmark prestegjeld | Harkmark kirke | 13. mars | Mandal kommune |
Holum prestegjeld | Holum kirke | 11. mars | Mandal kommune |
Hægeland sokn | Øvrebø kirke | Vennesla kommune | |
Konsmo sokn | Konsmo kirke | 11. mars | Audnedal kommune |
Oddernes prestegjeld | Oddernes kirke | 11. mars | Kristiansand kommune |
Spangereid sokn | Spangereid kirke | 11. mars | Lindesnes kommune |
Søgne prestegjeld | Søgne gamle kirke | Søgne kommune | |
Tveit prestegjeld | Tveit kirke | 11. mars | Kristiansand kommune |
Valle sokn | Valle kirke | 11. mars | Lindesnes kommune |
Vennesla sokn | Øvrebø kirke | Vennesla kommune | |
Vigmostad sokn | Vigmostad kirke | 11. mars | Lindesnes kommune |
Øvrebø sokn | Øvrebø kirke | Vennesla kommune |
Nedenes amt
Valkrins | Lokale | Dato | Dagens kommune/kommunar |
---|---|---|---|
Nedenes amt | Brekke i Moland | 14. mars | Aust-Agder fylke |
Birkenes prestegjeld | Tveit kirke | 11. mars | Birkenes kommune |
Dypvåg prestegjeld | Dypvåg kirke | 11. mars | Tvedestrand kommune |
Flosta prestegjeld | Flosta kirke | 13. mars | Arendal kommune |
Gjerstad prestegjeld | Gjerstad kirke | 11. mars | Gjerstad kommune |
Holt prestegjeld | Holt kirke | 11. mars | Tvedestrand kommune |
Hommedal prestegjeld | Landvik kirke | 12. mars | Grimstad kommune |
Vestre Moland prestegjeld | Vestre Moland kirke | 11. mars | Lillesand kommune |
Østre Moland prestegjeld | Tromøy kirke | 11. mars | Arendal kommune |
Søndeled prestegjeld | Indre Søndeled kirke | 11. mars | Risør |
Øyestad prestegjeld | Øyestad kirke | 11. mars | Arendal kommune |
Nordlandenes amt
Det vart ikkje gjennomført noko amtsval i Nordlandenes amt, då vala i prestegjelda ikkje var ferdige før i juli.
Romsdals amt
Råbyggelagets amt
Valkrins | Lokale | Dato | Dagens kommune/kommunar |
---|---|---|---|
Råbyggelagets amt | Lauvdal i Bygland | 23. mars | Aust-Agder fylke |
Bygland prestegjeld | Bygland kyrkje | 11. mars | Bygland kommune |
Evje prestegjeld | Evje kyrkje | 11. mars | Evje og Hornnes kommune Birkenes kommune |
Herefoss sokn | Herefoss kyrkje | 19. mars | Birkenes kommune |
Valle prestegjeld | Valle kyrkje | 18. mars | Valle kommune Bykle kommune |
Åmli prestegjeld | Åmli kyrkje | 11. mars | Åmli kommune |
Åseral prestegjeld | Bjelland kyrkje | 11. mars | Marnardal kommune |
Smålenenes amt
Stavanger amt
Nordre Trondhjems amt
Valkrins | Lokale | Dato | Dagens kommune/kommunar |
---|---|---|---|
Nordre Trondhjems amt | Brusveet i Skogn | 25. mars | Nord-Trøndelag |
Beitstad prestegjeld | Beitstad kirke | 11. mars | Steinkjer kommune |
Fosnes prestegjeld | Vik kirke | 20. mars | Flatanger kommune |
Frosta prestegjeld | Logtun kirke | 11. mars | Frosta kommune |
Inderøy prestegjeld | Sakshaug gamle kirke | 11. mars | Inderøy kommune |
Leksvik prestegjeld | Leksvik kirke | 11. mars | Leksvik kommune |
Nærøy prestegjeld | Nærøy gamle kirke | 18. mars | Nærøy kommune |
Overhalla prestegjeld | Ranem kirke | 11. mars | Overhalla kommune |
Skogn prestegjeld | Alstadhaug kirke | 11. mars | Levanger kommune |
Snåsa prestegjeld | Snåsa kirke | 12. mars | Snåsa kommune |
Stjørdal prestegjeld | Værnes kirke | 22. mars | Stjørdal kommune |
Sparbu prestegjeld | Mære kirke | 11. mars | Steinkjer kommune |
Stod prestegjeld | For kirke | Steinkjer kommune | |
Verdal prestegjeld | Stiklestad kirke | 11. mars | Verdal kommune |
Ytterøy prestegjeld | Ytterøy kirke | 11. mars | Levanger kommune |
Søndre Trondhjems amt
Landstyrkene
Valkrins | Lokale | Dato |
---|---|---|
Akershusiske ridende jegerkorps | Oberstløytnant Nilsons kvarter, Christiania | 12. mars |
Akershusiske skarpskytterregiment | Kongsvinger festning | 17. mars |
Artilleribrigaden | Stabskvarteret, Christiania | 22. mars |
Bergenhusiske infanteriregiment | Helje i Spydeberg | 31. mars |
Frivillige rørosiske bergjegerkorps | ||
Ingeniørbrigaden | Christiania | 8. april |
Norske jegerkorps | Brigadekvarteret Hafslund | 14. mars |
Oplandske infanteriregiment | Sørum i Sørum | 27. februar |
Søndenfjeldske dragonregiment | Rustad på Toten | 28. mars |
Søndenfjeldske infanteriregiment | Halden | 10. mars |
Telemarkske infanteriregiment | Fredriksvern | |
Trondhjemske dragonkorps | Brusveet i Skogn | 9. mars |
Første trondhjemske infanteriregiment | Trondheim | |
Westerlehnske infanteriregiment | Stabscantonnementskvarteret i Christiania | 4. april |
Sjødefensjonen
Valkrins | Lokale | Dato |
---|---|---|
Sjødefensjonen | Frederiksvern | 3. april |
Briggen «Allart» | 28. mars | |
Briggen «Alsen» | 28. mars | |
Orlogsbriggen «Kiel» | 28. mars | |
Orlogsbriggen «Langeland» | 28. mars | |
Orlogsbriggen «Lolland» | 28. mars | |
Briggen «Seagull» | 28. mars | |
Christiansands verft | Kristiansand verft | 28. mars |
Frederiksvern verft | Frederiksvern | 1. april |
Kjelder
- Våre første nasjonale valg på Arkivverkets nettside
- Nord-Norge i 1814 - avskåret fra Eidsvoll på Arkivverkets nettside
- Riksforsamlingens forhandlinger. 2 : Adresser og fuldmagter. Grøndahl & Søns Boktrykkeri. Kristiania. 1914. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Jæger, Tycho C.: Riksforsamlingens forhandlinger : tillægsdel. Tillegg : Adresser og fuldmagter samt hovedregister tillægsdel. Utg. Grøndahl & Søns Boktrykkeri. Kristiania. 1918. Digital versjon på Nettbiblioteket