Skulen min
Skulen min[1] er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane fylke i 2015. Sogn og Fjordane og Hordaland utgjer frå 2020 Vestland fylke. På sikt ønskjer vi å dekke skulehistorie i heile Vestland fylke.
Utvikling av skulekrinsane
Skulekommisjonen skulle dele prestegjeld i skuledistrikt og roder, slik fastsett av Plakaten av 1741. Det området som vart dekka av ein lærar vart eit skuledistrikt, og dette var ofte det same som eit sogn. Skuledistrikta vart delt opp i roder (skuleholdslaug). Rodene omfatta vanlegvis ei grend med gardar som låg slik til at borna kunne ha felles omgangsskule. Det vart halde skule i rodene eit par månader i året, slik at heile distriktet vart dekka i løpet av eit år. Etter kvart som krava til undervisning vart større, vart skuledistrikta og rodene endra.
Skulekommunane skulle delast opp i skulekrinsar, slik det vart fastsatt av skulelova av 1860. Krinsane skulle då ha ein fast skule, men det var framleis vanleg med omgangsskule i mange kommunar. Lova slo fast at skulestyret skulle oppnemne tilsynsmenn for krinsane og at dei økonomiske pliktene skulle handsamast av eit krinssmøte. Ordninga vart utvida av skulelova av 1889 slik at kvar skulekrins måtte ha sitt eige tilsynsutval. Utvalet besto av tre representantar som vart vald i krinsmøtet, med eit skulestyremedlem som formann. Tilsynsutvalet førde så tilsyn med skulen i krinsen og arbeida for god skulesøking og orden i skulen. Tilsynsutvalet kunne få delar av skulestyret sine fullmakter. Alle skatteytarar over 25 år og foreldre til elevane hadde stemmerett på krinsmøtet. Krinsmøtet hadde uttalerett og kunne gjere vedtak i skulesaker. Skulelovene av 1936 og 1959 stadfesta ordninga med tilsynsutval og krinssmøte. Lærarråd på skulen vart obligatorisk frå 1959.[2]
Oversikt over skulekrinsane i gamle Sogn og Fjordane
Dette er ei oversikt over kommunane slik grensene var i 2019.
Oversikt over skulekrisane i gamle Hordaland
Region | Kommunar | Skulekrinsar [3] |
Sunnhordland | Etne kommune 1838- | Aksdal krins, Birkenes krins, Brendeland krins, Enge krins, Engelgjerde krins, Engnes krins, Fjøsne krins, Frette krins, Grønstad krins, Gundegjerde krins, Håland krins, Nordstrand krins, Rygg krins, Sande krins, Sørstranden krins |
Sunnhordland | Skånevik kommune 1838-1964 | Bauge krins, Baugstranda krins, Bjelland krins, Bjørkestrand krins, Eikemo krins, Eintveit krins, Eristland krins, Fjeldhaugen krins, Fjæra krins, Hauge krins, Hillesdal krins, Holmedal krins, Indernes krins, Indre Matre krins, Kalvik krins, Kvandal krins, Lien krins, Løvik krins, Markhus krins, Mortvedt krins, Mosnes krins, Rullestad krins, Sandvik krins, Skarveland krins, Skånevik krins, Sunde krins, Sævareide krins, Toftekalven krins, Tungesvik krins, Ytre Matre krins, Ølfarnes krins, Åkra krins |
Sunnhordland | Sveio kommune 1852 | Brattestø krins, Bråtvedt krins, Bua krins, Eilerås krins, Eltrevåg krins, Embersland krins, Erve krins, Førde krins, Færås krins, Haukanes krins, Kvalvåg krins, Lid krins (Lie), Lokna krins, Mosnes krins, Mølstre krins, Nordre Våge krins, Ove krins, Rød krins, Selsås krins, Sveio krins (Sveen), Teigland krins, Tjernagel krins, Tveita krins, Vandaskog krins, Vikse krins, Våge krins, Åse krins |
Sunnhordland | Vikebygd kommune 1902-1964 | Battesbø krins, Kirkekredsen (Kirkekrinsen), Oa krins, Ove krins, Staupe krins, Ulvebnebygden krins, Årvik krins (Aarvik), |
Sunnhordland | Valestrand kommune 1868-1964 | Bjørgan krins (Bjørgen), Eikeland krins, Einstadbøvoll krins (Enstabøvoll), Egeland krins, Fagerland krins, Gramshaug krins, Grevik krins, Haugsgjerds krins, Lindaas krins, Otterøen krins, Valen krins, Valestrand krins, Vestvik krins, Vihovde krins, Viken krins, Økland krins, Ørevik krins |
Sunnhordland | Bømlo kommune 1916- | Andal krins, Bømlo krins, Espevær krins, Hillestveit krins (Hillestvedt), Tjong krins (Tjång) |
Sunnhordland | Finnås kommune 1838-1916 | |
Sunnhordland | Moster kommune 1916-1963 | Håvik krins, Moster krins, Foldrøy krins, Gjeitung krins (Gjetung), Mækjebakken krins, Otterøy krins, Rolvsnes krins, Sakseid krins, Skimmeland krins, Straumsøy krins |
Sunnhordland | Bremnes kommune 1916-1963 | Erevik krins, Geitung krins, Habbestad krins, Hiskjo krins, Gilje krins, Katla krins, Lykling krins, Meling krins, Rolfsnes krins, Rubbestadneset krins, Steinsbø krins, Vornes krins |
Sunnhordland | Stord kommune 1838- | Agdestein krins, Brandvik krins, Børtvedt krins, Digernes krins, Fjellgårdene krins, Føyen krins (Føyno), Grov krins, Hatland krins, Huglo krins (Huglerøy), Høiland krins, Langeland krins, Leirvik krins (Lervik), Litlabø krins, Mehammer krins, Nordhuglen krins (Nordhuglo), Rommeltvedt krins, Sagvåg krins, Stua krins (Stue, Stuve), Sørhuglen krins (Sørhuglo), Vikanes krins, |
Sunnhordland | Fitjar kommune 1860- | Aga krins, Berget krins, Brandasund krins, Drivenes krins, Engesund krins, Fonden krins, Græsdal krins, Hageberg krins, Hatlevik krins, Iversø krins (Ivarsøy), Kuvik krins, Osternes krisn, Rimbereid krins, Risøen krins, Rønholm krins, Sandvik krins, Skaret krins, Sælevik krins, Tverdarøy krins (Tvederø), Tislevoll krins, Vestvik krins |
Sunnhordland | Tysnes kommune 1838- | Amland krins, Brattetveit krins, Bruntveit krins, Bruntveit krins, Ersvær krins, Eversvik krins, Flakke krins, Flakkevåg krins, Flatåker krins, Flornes krins, Flygansvær krins (Flygansver), Færevåg krins, Gjerstad krins, Gjøvåg krins, Godøy krins, Hammerhaug krins, Hodnanes krins, Hope krins, Hovland krins, Håland krins, Kongsvik krins, Landreåen krins, Laukhamar krins (Laukhamer), Luksund krins, Lunde krins, Malkenes, Myklestad krins, Myrdal krins, Nordbustaddalen krins, Onarheim krins, Opdal krins, Reiso krins, Skade krins, Skorpen krins (Skorpe), Solheimsdalen krins, Sunde krins, Sælø krins (Selø), Søreide krins, Sør-Reksteren krins (Syd-Reksteren), Tveit krins, Vevatne krins, Ånuglo krins, Åse krins |
Sunnhordland | Kvinnherad kommune 1838- | Austrepollen krins, Bjørnebøle krins, Bondhusbygda krins, Bringedalsbygda kins (Bringedalsbygden), Fuglebergbygden krins (Fuglebergbygda), Fureberg krins, Gjetingsdalen krins, Guddalsdalen krins, Hatlestrand (Hatlestranden), Haugland krins, Husnes krins, Josnes krins, Kirkebygden krins, Ljosnes krins, Lyngestranda krins (Lyngstranden), Løvfallstranden krins, Nordrepollen krins, Malmanger krins, Mauranger krins, Maurangsnes krins, Omvikdalen krins, Rød krins, Røe krins, Skorpo krins (Skorpen), Skaalebygden krins, Snilstvedt krins, Snilstveitøy krins, Tråvik krins, Tveitnes krins, Undarheim krins, Uskedalen krins, Ænes krins, Øie krins, Ølve krins, Ølvesbygden krins, Årsand krins, Årvik krins, Årvikstranden krins (Årvikstranda) |
Sunnhordland | Fjelberg kommune 1838-1965 | Aksdal krins, Brekke krins, Fatland krins, Fjelbergøen krins (Fjelbergøy), Gravdal krins, Huglo krins, Kyrkjekrinsen krins, Sjøvangen krins, Sætre krins, Tofte krins |
Sunnhordland | Varaldsøy kommune 1901-1965 | Dybsland krins, Gjuvsland krins, Mundheim krins, Trå krins, Åkre krins |
Hardanger og Voss | Ullensvang Herad 1838-2019 | Aga krins, Alsaker krins, Bu krins, Børve krins, Djønne krins, Espe krins, Hauso krins, Hus krins, Hovland krins, Jåstad krins, Kambestad krins, Kvalvik krins, Langesæter krins, Lote krins, Lussand krins, Meland krins, Midnes krins, Måge krins, Måke krins, Måkestad krins, Opedal krins, Ringøy krins, Rogdo krins, Sekse krins, Tjoflot krins (Tjoflåt), Tveisme krins, Tveit krins, Tyssedal krins, Vikebygd krins, Vines krins, Ulgenes krins, Utne krins, Ystanes krins |
Hardanger og Voss | Kinsarvik kommune 1913-1964 | Alsaker krins, Bu krins, Kvalvik krins, Kvandal krins, Lote krins, Lussand krins, Utne krins, Vines krins, Visnes krins, Ystanes krins |
Hardanger og Voss | Odda kommune 1913-2019 | Dalen krins, Dalerne krins, Digarnes krins, Eitrheim krins, Hildal krins, Hjædle krins, Jordal krins, Jøsnedal krins, Odda krins, Pollen krins, Reisnos krins, Sandven krins, Seljestad krins, Skare krins, Skjeggdal krins, Stana krins, Torekoven krins, Tyssedal krins, Vintertun krins |
Hardanger og Voss | Jondal kommune 1838-2019 | Herand krins, Jondal krins, Nedre Krossdalen krins, Torsnes krins, Tørrvikbygd krins, Øvre Krossdalen krins |
Hardanger og Voss | Røldal kommune 1838-1963 | Horda krins, Håra krins (Håre), Kyrkjekrinsen (Kyrkje krins), Lone krins |
Hardanger og Voss | Eidfjord kommune 1898- | Bu krins, Erdal krins, Lægreid krins (Lægereid), Simadal krins, Skår krins, Syssendal krins, Sæbø krins, Vik krins |
Hardanger og Voss | Ulvik kommune 1838- | Bagnstranda krins, Brakanes krins, Finse krins, Hallingskeid krins, Lekve krins, Osa krins, Ulvik krins, Vangsbygda krins |
Hardanger og Voss | Voss kommune 1838-2019 | Afdal krins, Auro krins, Bakketun krins, Bere krins, Berge krins, Bjørge krins, Bjørgum krins, Bordalen krins, Brattåker krins, Bulken krins, Dukstad krins, Dymbe krins, Dyrvedalen krins, Eide krins, Fenne krins, Flætre krins, Gjerald krins, Gjeraldstveit krins, Gjernes krins, Graue krins, Grotland krins, Gullfjordungen krins, Kløve krins, Kvitne krins, Leidal krins, Lie krins, Løne krins, Nedkvitne krins, Palmafossen krins, Raudalen krins, Reime krins, Rene krins, Reppen krins, Ringheim krins, Rundalen krins, Saue krins, Seim krins, Skjeldal krins, Skjerve krins, skolestad krins, Skutle krins, Tesdal krins, Urdland krins, Vangen krins, Vestbygda krins, Vike krins, Vinsand krins, Væle krins, |
Hardanger og Voss | Vossestrand kommune 1868--1964 | Draugsvoll krins, Egdetveit krins, Framnes krins, Hauge krins, Hole krins, Holebygden krins, Jordalen krins, Løen krins, Mørkdalen krins (Myrkdalen), Oppheim krins, Stalheim krins, Sundve krins, Vasstranden krins (Vasstranda), Vinje krins |
Hardanger og Voss | Evanger kommune 1885-1964 | Bergsdalen krins, Bjørgo krins, Brakestad krins, Brekkhus krins, Evanger krins, Fadnes krins, Hernes krins, Luren krins, Mestad krins, Nesheim krins, Rasdal krins, Tyssen krins, Øvstedal krins |
Hardanger og Voss | Granvin herad 1891-2019 | Eide krins, Espeland krins, Folkedal krins, Jørdre krins Kirkestranden krins (kyrkjestranda), Kjærland krins, Nesheim krins, Spilde krins, Aasene krins (Åsane) |
Hardanger og Voss | Kvam herad 1838- | Aksnes krins, Berge krins, Bergstø krins, Botnen krins, Børve krins, Fykse krins, Grønnevig krins, Haukanes krins, Indre Ålvik krins, Klyve krins, Kyrkjebygda krins, Laupsa krins, Mundheim krins, Nedredalen krins, Norheimsund krins, Rykkje krins, Skåre krins, Soldal krins, Steinsdalen krins, Storås krins, Tjosås krins, Tørrvikbygd krins, Vik krins, Vikøy krins, Ytre Ålvik krins, Øierhavn krins, Øvredalen krins, Øystese krins, Ålvik krins, Ås krins |
Hardanger og Voss | Strandebarm kommune 1838-1964 | Berge krins, Børsheim krins, Eide krins, Engjadal krins, Grønevik krins, Innstranda krins, Kolltveit krins, Kyrkjebygda krins, Kysnes krins, Linga krins, Mundheim krins, Oma krins, Solberg krins, Sollesnes krins, Svåsand krins, Tørrvikbygd krins |
Midthordland | Samnanger kommune 1907- | Eikedalen krins (Eikedal), Frøland krins, Frølandsdal krins, Grønsdal krins, Hisdal krins, Høysæter, Jarland krins, Kvernes krins (Kværnes), Kvittingen krins, Lid krins, Myren krins, Nordvik krins, Rolvsvåg krins, Sandvik krins, Steinsland krins, Tveit krins, Tysse krins |
Midthordland | Os kommune 1838-2019 | Bogstrand krins, Hegglandsdalen krins, Klyve krins, Lysekloster krins, Lønningdal krins, Nore Neset krins, Os krins, Søfteland krins, Søndre- og Nordre Neset krins, Sør- og Nordøyane krins, Søre Neset krins |
Midthordland | Fusa kommune 1855-2019 | Austestad krins, Bogstrand krins, Bogøen krins, Eikelandsosen krins, Fusa krins, Gaugstad krins, Helland krins, Holmefjord krins, Kulid krins, Aadland krins |
Midthordland | Hålandsdal kommune 1903-1964 | Bolstad krins, Haugen krins, Holdhus krins, Gjøn krins (Gjøen), Kirkebygden krins (Holdhus), Skogene krins, Skogenes krins (Skogernes), Skogseide krins, Vindenes krins, Øvredalen krins |
Midthordland | Strandvik kommune 1903-1964 | Baldersheim krins, Femanger krins, Håvik krins, Luksund krins, Lygre krins, Lygrespollen krins, Neset krins (Næsset), Nortvedt krins (Nordtveit), Revnestranden krins (Revnestranda), Strandvik krins, Sundfjord krins (Sunnfjord) Sævareidfjorden krins, Vindenes krins (Vinnes), Yddal krins |
Midthordland | Austevoll kommune 1886- | Beinskroken krins, Birkeland krins, Bratten krins (Bratta), Drivenes krins, Drønen krins, Eide krins, Haukanes krins, Heiemark krins, Hevrøy krins (hevrøen), Horgen krins, Hufthamar krins, Kolbeinsvik krins, Lillekalsøen krins (Litlekalsøy), Lundøen krins (Lunnøy), Møkster krins (Møgster), Sandtorv krins, Selbjørn krins, Skår krins, Stolmen krins, Storebø krins, Storekalsøen krins, Trolandshamar krins, Vindenes krins (Vinnes), Østevold krins |
Midthordland | Øygarden kommune 1964-2019 | |
Midthordland | Sund kommune 1838-2019 | Glesnes krins, Kleppe krins, Pollen krins, Skogsvåg krins, Stranda krins (Berge), Sund krins, Tofterøy krins, Vardøy krins |
Midthordland | Fjell kommune 1838-2019 | Algrøy krins, Angeltveit krins, Bjorøy krins, Brattholmen krins, Ekerhovd krins, Fjell krins, Foldnes krins, Kallestad krins, Knappskog krins, Knarrevik krins, Kårtveit krins, Landro krins, Lie krins, Lokøy (Lokø) krins, Lønøy krins, Midtsjø krins, Misje krins, Nesse krins, Rong krins, Sekkingstad krins, Skoge krins, Snekkevik krins, Syltøy krins, Tellnes krins, Toftøy krins, Turøy krins, Valen krins, Våge krins |
Midthordland | Hjelme kommune 1910-1963 | Bakken krins, Hatten krins, Hennø krins, Hernar krins, Hjelme krins, Lyngø krins, Nordø krins (Nordøen), Nødnes krins, Sanden krins, Sture krins, Sula krins (Sulen), Toskø krins |
Midthordland | Herdla kommune 1861-1963 | Alvheim krins, Berland krins, Blomvåg krins (Blomvågen), Haugland krins, Herløen krins, Fauskanger krins, Fromreide krins, Misje krins, Oen krins, Rong krins, Røsland krins, Toftøy krins, Turøy krins, Vikøy krins |
Midthordland | Askøy kommune 1918- | Askøy krins, Bakarvågen krins (Bagervaagen), Berland krins, Breivik krins, Davanger krins, Erdal krins, Fauskanger krins, Florvåg krins, Follese krins, Fromreide krins, Hanevik krins, Hanøy krins, Haugland krins, Herdla krins, Hetlevik krins, Hop krins, Kleppe krins, Ramsøy krins, Skråmestø krins, Stien krins, Strusshamn krins (Strudshamn), Treet krins (Træet), Åsebø krins |
Nordhordland | Vaksdal kommune 1964- | |
Nordhordland | Bruvik kommune 1870-1964 | Blomdal krins, Bolstadfjorden krins, Bruvik krins, Dale krins, Eidsfjorden krins (Eidsfjord), Elvik krins, Furnes krins, Herfindalen krins, Hesjedal krins, Skaftå krins, Stanghelle krins, Stamnes krins, Stavenes krins, Stokke krins, Straume krins, Toskedal krins, Vaksdal krins, Vassdal krins, Vedåfjorden (Vedafjord) krins, Vik krins, Øye krins, Øyo krins |
Nordhordland | Modalen kommune 1910- | |
Nordhordland | Osterøy kommune 1964- | |
Nordhordland | Hamre kommune 1838-1964 | Birkeland krins, Dale krins, Eikanger krins, Flatøy krins (Flatøien), Gjervik krins, Gjervik/Isdal krins, Hamre krins, Hjellvik krins, Hjelmås krins, Isdal krins, Mundal krinsRaksnes krins, Reigstad krins, Skår krins, Valestrand krins, Vassbygda krins, Øvstegard krins |
Nordhordland | Hosanger kommune 1838-1964 | Bernes krins, Birkeland krins (Byrkjeland), Bjørsvik krins, Eide krins, Fjelde krins, Fotland krins, Hanstveit krins, Heimvik krins, Heldal krins, Helleland krins, Herland krins, Hjelmtveit krins, Kleivdal krins, Kleiveland krins, Kleppe krins, Kopperdal krins, Kroken krins, Leivestad krins, Løtveit krins, Molvik krins, Mjøs krins, Mjøsdalen krins, Romarheim krins, Seim krins, Romarheim krins, Stranden krins, Tysse krins (Tøsse, Tøssen), Urdal krins, Vassel krins, Vike krins |
Nordhordland | Meland kommune 1923-2019 | Bragstad krins, Dale krins, Gaustad krins, Grasdal krins, Herdlø krins, Husebø krins, Håtuft krins, Iden krins, Kaunbøg krins, Landsvik krins, Langeland krins, Myrtveit krins (Myrtvedt), Rifsgaard krins, Rossland krins, Rosslandsvaagen krins, Sagstad krins, Tveit krins, Vestbygd krins, Aasebø krins |
Nordhordland | Lindås kommune 1838-2019 | Askeland krins, Austfjorden krins, Bergfjord krins, Eden krins, Eikanger krins, Feste krins (Fæste), Fondenæs krins, Fredheim krins, Fjellgardane krins, Gjervik/Isdal krins, Grimstad krins, Hauge krins, Haugsdalen krins, Hindenes krins, Hope krins, Hundvin krins, Kjeilegavlene krins, Kjeilen krins, Klyvheim krins, Kløvheim krins, Kvalvåg krins, Kvamme krins, Kvammen krins, Lauvås krins, Lindås krins, Loftås krins, Lygren krins (Lygra), Løtvedt krins, Mellingen krins, Mongstad krins, Myking krins, Møksvold krins (Møksvoll), Natås krins, Nymark krins, Risøy krins (Risøen), Rød krins, Rødland krins, Seim krins, Skodvin krins, Spjutø krins, Sundsbø krins, Svindal krins, Syslak krins, Toftegåard krins, Tvedtegardane krins, Tveiten krins, Valternæs krins, Vassbygda krins, Verås krins, Vik krins, Viik krins, Viikgårdene krins, Øyane krins, Åsheim krins |
Nordhordland | Radøy kommune 1964-2019 | |
Nordhordland | Sæbø kommune 1924-1964 | Marås krins |
Nordhordland | Alversund kommune 1885-1964 | Fosse krins, Gausereide krins, Hjelmtveit krins, Kleivdal krins, Kroken krins, Leivestad krins, Nordre Vassbygd krins, Soltveit krins, Stranda krins, Søndre Vassbygda krins, Thorsheim krins, Tveit krins |
Nordhordland | Hordabø kommune 1924-1964 | Haugland krins, Hella krins, Marøy krins, Risnes krins, Sletta krins, Straume krins |
Nordhordland | Manger kommune 1838-1964 | Bauge krins, Dale krins, Dalland krins, Frotjold krins, Haugstad krins, Helle krins, Kolstad krins, Lilletvedt krins, Manger krins, Marås krins, Nordanger krins, Nordøen krins, Risnes krins, Sætre krins, Titland krins Toska krins, Vågenes krins |
Nordhordland | Austrheim kommune 1910- | Austrheim krins (Ostreim), Bakkøy krins, Børliden krins, Fredheim krins, Kaland krins, Kansardalen krins, Krossøy krins, Lille Lindås krins, Rebnord krins (Rebnor), Rongevær krins, Solhaug krins, Straume krins, Toftegaard krins, Øygarden krins, Årås krins (Aaraas), Åsheim krins (Aasheim krins) |
Nordhordland | Fedje kommune 1947- | Fedje krins, Stormark krins |
Nordhordland | Masfjorden kommune 1879- | Andvik krins, Bergsvik krins, Duesund krins, Eikemo krins, Fossdal krins, Fosse krins, Frøyset krins, Halsøy krins, Haugsdal krins, Haugsdal indre krins, Haugsvær krins, Hope krins, Hosteland krins, Kalhovde krins, Kvamsdal krins, Kvinge krins, Kvingedal krins, Matre krins, Molland krins, Risnes krins, Reknes krins, Rognøen krins, Sandnes krins, Sleire krins, Solheim krins, Tangedal krins |
Bakgrunn
Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå musea, arkiva, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.
Fleire kulturaktørar i Noreg jobbar med å opne opp og tilgjengeleggjere kulturdata.[4] Dette vil vi både bygge vidare på og dra nytte av i dette prosjektet. Målet er å digitalisere og tilgjengeleggjere meir materiale i dei opne nasjonale kulturdatabasane samtidig som vi i vår portal hentar ut skulestoff på tvers av fagområde.
Prosjektet vil prioritere perioden frå den første skulelova kom i 1739 til kommunesamanslåingsperioden på midten av 1960-talet. Både tilgang til kjeldemateriale og personvernsomsyn vil legge føringar for kva som vert digitalisert og formidla. Den første skulelova frå 1739 vart kalla ««Forordning Om Skolerne paa Landet i Norge» og omfatta faga kristendom, lesing, skriving og rekning. Det var skuleplikt for alle over 7 år «som kand søke skole» og dei skulle halde på «i det mindste indtil de ere 10 à 12 Aar gamle».[5] Med fastskulelova i 1860 vart det bygd mange skulehus og tilsett mange fleire lærarar.[6] Gjennom 18- og 1900-talet kom fleire nye skulelover og denne utviklinga kan vi spore gjennom arkiva og historia. Fylkesarkivet sit på skulearkiv fram til kommunesamanslåingane på midten av 1960-talet.
Status
I prosjektperioden frå 2015 til 2019 fekk Skulen min 1 225 000 kroner i støtte frå Riksarkivet (2015, 2016 og 2017), samt 150 000 kroner frå Statens Vegvesen. Prosjektleiar var i denne perioden tilsett i nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune og resten av arbeidsgruppa var tilsett hjå Fylkesarkivet.
Hyllestad var pilotkommune. Kommunen er spreiddbygd og rimeleg stor i omfang, med busetnad både ved innland og kyst. Korleis folk budde, speglar skulestrukturen og dette ynskjer vi å få fram. I ein pilot kan ein prøve, feile litt og justere kursen undervegs. Gjennom samarbeid med Hyllestad kommune, sogelaget og engasjerte eldsjeler jobba vi hausten 2015 både med å kartlegge og digitalisere skulehistoria i Hyllestad, og med å utarbeide metodikk for prosjektet vidare.[7]
Den digitale skuleportalen Skulen min er under utvikling. Målet er å presentere informasjon frå ulike datakjelder basert på geolokasjon. Så langt har vi fått på plass mykje innhald frå www.lokalhistoriewiki.no og bilete frå www.flickr.com. Vi har laga oppsett for uttrekk av data både frå www.digitaltmuseum.no og www.kulturminnesok.no, men desse nasjonale tenestene har problem med sending av data til Norvegiana, som er løysinga vi har bygd prosjektet på. Vi jobbar også med å få på plass datauttrekk frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, noko som også har vore vanskeleg grunna omlegging og omstrukturering av databaseløysingane. Vi har så langt fått eit eige API for fylkesarkivet sine foto, og skal etter kvart forsøke å gjere det same for Kulturhistorisk leksikon. Digitale forteljingar frå www.digitaltfortalt.no skulle spele ei viktig rolle i prosjektet, men få månader etter at vi starta opp i 2015 vart denne tenesta lagt ned på kort varsel. Vi har forsøkt å sjå på alternative løysingar ved bruk av www.vimeo.com og www.soundcloud.com. Vi jobbar med å vidareutvikle gode løysingar her. Dessverre har det ikkje vore så beint fram som planlagt å hente ut data frå den nasjonale digitale infrastrukturen for kulturdata. Dette viser eit tydeleg behov for å jobbe vidare med dette nasjonalt og regionalt i åra som kjem.
Samarbeidspartnarar
Hovudpartnarar:
Økonomisk støtte:
Andre samarbeidspartnarar:
- Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
- Sogn og Fjordane Ungdomslag - Huset i Bygda
- Statsarkivet i Bergen
- Sogelag og andre lokale lag og organisasjonar
- Kommunar
Kontaktperson
Prosjektleiar:
- Sigrun Espe
- sigrun.espe@vlfk.no
Sjå òg
- Skulen min/Instruksjonar - ei hjelpeside for prosjektet.
Referansar
- ↑ skulenmin.no
- ↑ Anonym ({{{utgivelsesår}}}) Administrasjonshistorie og arkivkunnskap – Norge.
- ↑ Arkivportalen.no. Besøkt 08.05.2020.
- ↑ Norvegiana - åpne kulturdata på nett
- ↑ Forordning, om Skolerne paa Landet i Norge, og hvad Klokkerne og Skoleholderne derfor maa nyde : Friderichsberg den 23 Januar. Anno 1739. Kjelde: bokhylla.no/Nasjonalbiblioteket
- ↑ Mydland, Leidulv (2007) Fastskoleloven 1860 og byggingen av skolehus.
- ↑ Unikt skuleprosjekt med Hyllestad som pilotkommune. Fylkesarkivet.no